Diktet
Diktet: Laila Stien
Foto: Terje Bendiksby / NTB
Diktet denne veka er henta frå ei lita bok utgjeven på Albatross, forlaget til Magnar Mikkelsen som inntil nyleg heldt til i Veidnesklubben, ei lita bygd i Lebesby kommune i Finnmark. Hold stø båt kom ut i 1990 og var skriven av Laila Stien (f. 1946), som då var ein etablert Tiden-forfattar.
Ein tenkjer kan hende ikkje først og fremst på poesi når ein tenkjer på Laila Stien. Men forfattarskapen tel òg tre eigne diktsamlingar og ikkje minst ei lang rekkje vesentlege poesiomsettingar frå samisk. Omtrent samstundes som Hold stø båt kom ut, kom òg omsettingar av mellom andre Nils-Aslak Valkeapää (Vindens veier) og Anders Fjellner, og fleire av Rauni Magga Lukkari. Stien blei i 2015 utnemnd til æresdoktor ved UiT Noregs arktiske universitet for forfattarskapen og omsettingsarbeidet.
Boka er illustrert med åtte tresnitt av Hans Gerhard Sørensen (1923–1999), ein av dei mest framståande bokillustratørane i Noreg frå førre hundreåret, kjend for å ha illustrert fleire verk av Duun, Is-slottet av Vesaas og Nordlands trompet av Dass. Sørensen ville ha fylt 100 år i januar i år.
Diktsamlinga opnar med eit motto frå Nordlands trompet, og det er er ein nordnorsk kvardag som er den raude tråden i denne raude diktboka. Ein kvardag som på den tida nok var prega av eit visst mismot – etter nedgang i fisket, motgang i økonomien, naturkrise og arbeidsløyse. Svaret på situasjonen er ikkje syting, men arbeid og kunnskap: Det dreier seg om å bidra: hjelpe til og halde ut.
Arbeidet gir trøyst og avlar kunnskap som mellom anna kjem til syne i språket: Ein nyttar presise omgrep som «andøy», eller andøve – som tyder å bruke årer til å halde ein båt roleg i vind og straum. Meistringa gjer ein stolt; det styrker bandet mellom generasjonar og gjer folk i stand til å bere dagane.
Trekke kokfisk
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.