Diktet
Diktet: Marie Takvam
Foto: Erik Thorberg / NTB
Marie Takvam (1926–2008) er ein avhalden lyrikar, med ti diktsamlingar utgjevne jamt i åra mellom 1952 og 1990. Ho kom frå ein gard på Vestlandet, som eldst av fem søsken, men drog fluksens til hovudstaden for eit psykologistudium, som ikkje vart fullført, då ho fekk sonen Magnus (som vart politisk kommentator i NRK og gav ut biografien Hun skrev for å kunne leve. Min mor, Marie Takvam i 2021). Sjølv hadde Marie Takvam Barnetimen for de minste i radioen i mange år. Og skreiv eit par romanar, spelte i norsk film.
Ho var vital, ivrig, glad i naturen, gifta seg tidlig – vart eit muntert innslag i forfattarmiljøet i Oslo, der det frie verset var kome for å bli. Debutboka Dåp under stjerner kom i to opplag; «sjelden har jeg lest meg så glad over en bok», skriv Paal Brekke i meldinga si.
Kjærleik, lengt, erotikk, sorg – dette var dikt ikkje minst kvinner kjende seg att i, også når omslaget kom med samlinga Merke etter liv (1962): «Eg er eit menneske for tusan,/ og inga dokke-dame./ Eg dansar vilt ikring mi steikepanne/ og pustar raudt til argskaps iltre glo». Overgangen frå fri oppvekst på landet til «åtti kvadratmeters liv» i dagens blokktilvære har Marie Takvam betona i norsk poesi sterkare enn nokon annan. Dei to siste samlingane hennar var Aldrande drabantby (1987) og Rognebær (1990).
Blodfargen, så sentral for det temperamentsfulle, det livskraftige, det opprørske hos denne diktaren – rognebærraudt er det som gjev tonen i opningsdiktet til den tiande og siste samlinga hennar.
Til rognetreet
Drabantby-rogn!
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.