Lyrikk

 Diktet: «Midt i byen»

Publisert Sist oppdatert

Rudolf Nilsen er aller mest kjend som arbeidarklassediktar. I mange av dikta skildrar han dei økonomiske og fysiske livsvilkåra til arbeidarklassa i Oslo på 1920-talet. Men han er også eksplisitt (stor-)politisk, humoristisk og ikkje minst oppteken av byen sjølv.

Nilsen var fødd i 1901 og vaks opp på Vålerenga. Han gav ut to diktsamlingar medan han levde, og publiserte også talrike dikt i Norges Kommunistblad og i det humoristiske bladet Rebell. I 1926 og 1927 besøkte han Sovjetunionen og i 1929 Frankrike, der han døydde av tuberkulose i Paris. Diktet over er henta frå diktsamlinga Hverdagen (1929), som vart gitt ut posthumt.

I den norske lyriske tradisjonen står naturdiktet sterkt. Det er derfor noko nesten motkulturelt og trassig over tonen i dette diktet som framelskar livet i byen; poeten veit at lesaren heller ventar seg ein foss enn ei posthusklokke som medisin for eit «hjerte uten sang».

Det litt overraskande og humoristiske gir diktet eit muntert overskot. So long! ropar Rudolf til alle feriekolonistar og toppturistar. Ei liknande vending nyttar han også i diktet «Gaten» (1925), med klar referanse til den offisielle nasjonale identiteten: «Aaja, vi elsker kanskje dette landet/ med sot og skorstensrøk og gatestøv».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement