Diktet

Diktet: Rolf Jacobsen

Publisert Sist oppdatert

«Mykje ståk med å verta 70 år; skal lova å aldri verta det meir», skreiv Olav H. Hauge i dagboka 20.11.78, og helsa med det til Rolf Jacobsen, som hadde skrive nett det same i eit brev til Hauge året før. Noko av «ståket» kring åremålet til Hauge kom av festskriftet Dikt og artiklar om dikt, redigert av Idar Stegane.

Her finn ein første versjon av diktet «Bortafor Grorud» av Jacobsen, med tidfestinga «April 1978». Ein ny versjon kom med i diktsamlinga Tenk på noe annet året etter. Nokre av endringane er verde å merke seg: No heiter det «neonflammene» der det først heitte «glassklirret», noko som aksentuerer den skrekkelege moderniteten. Og dei svære fjella er no plasserte «der vest», der dei før berre var. Å plassere fjella «der vest» var kan hende ei for direkte helsing til diktarkollegaen frå Ulvik, men naudsynt for eit allment publikum?

Jacobsen var 71 år då han skreiv dette diktet. Han var altså eitt år eldre enn Hauge, fødd 8. mars 1907. Kvart år markerer ein åremålet hans med Rolf Jacobsen-dagene og Nordisk Poesifestival på Hamar. I år er Tone Hødnebø festivalpoet, og som alltid er programmet fylt av poetar frå heile vår nordiske utkant, poetar som snakkar med heilt eigen munn og gir rom for å «lese og lytte og skrive ned».

PS Dagbokoppslaget frå 20.11.78 fortel om ein tur til Nansenskolen på Lillehammer, ein tur heim til Rolf Jacobsen og kona på Hamar («Det er så hyggjeleg hjå dei.»), utstillingar i Oslo og ein merknad om at S av J.E.V. er «sett opp» til Den nordiske pris («Og det er fint!»).

Bortafor Grorud –

Til Olav H. Hauge på 70-årsdagen

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement