Diktet
Diktet: Sigbjørn Obstfelder
Foto: Gyldendal / NTB
Sigbjørn Obstfelders eine diktsamling, Digte, kom i 1893 og inneheldt 31 dikt. Ytterlegare dikt pluss eit kvart hundre tekstar prosalyrikk vart trykte i Efterladte arbeider (1903, red. Viggo Stuckenberg). Første samleutgåve kom i 1917: Skrifter I–II (red. Carl Nærup), der tillegga frå 1903 er med.
Ei større utgåve Samlede skrifter I–III frå 1950 (red. Solveig Tunold) lanserer fleire nye kortprosadikt. Eit etterlate manuskript, Brokker og stubber, utgjeve av Martin Nag i 1995, inneheld atter nye dikt. Dette inneber at når den utvida Samlede skrifter I–III (red. Arne Hannevik) kjem i 2000, finst ei avdeling «Andre dikt» med 56 dikt og ei avdeling «Dikt i prosa» med 34 prosalyriske tekstar. Med dikta frå debutsamlinga får vi no 31 + 56 + 34 = 121 tekstar lyrikk og kortprosa av Obstfelder.
Dertil vert 14 «Dikt på fransk» trykte, omsette av poeten. Dei velkjende linene frå «Jeg ser» blir sjåande slik ut:
Je regarde, je regarde…
Me suis-je égaré sur une fausse planète?
C’est si étrange ici…
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.