Diktet

Diktet: Sissel Solbjørg Bjugn

Publisert Sist oppdatert

Diktsamlinga Spenn beltet kring livet og held lampa tent frå 1981 blir gjerne trekt fram når ein omtalar gruvediktinga til Sissel Solbjørg Bjugn (1947–2011). Slik eg ser det, heng Spenn beltet kring livet og held lampa tent så tett saman med Sulis’ bok, som kom ut året før, at dei bør lesast i samanheng. Sistnemnde er rett nok ofte kategorisert som barnebok, men ifølgje Bjugn sjølv høyrer ho ikkje heime mellom korkje barnebøkene eller vaksenbøkene, og eg er samd. Båe desse bøkene er førte i pennen av den særeigne poeten Bjugn og handlar heilt konkret om arbeidet i gruva og livet rundt, nærare bestemt i A/S Sulitjelma Gruber, ei av dei største gruvene som var i drift ved byrjinga av 80-talet.

Sulis’ bok er eit usentimentalt dokumentarisk portrett av ein gruvearbeidarfamilie der tre barn og mor deira sit att utan far og ektemann etter at Hans Giotto Hansen døydde i ei gruveulykke, berre 29 år gammal. Boka vier mest plass til å skildre kvardagen til Benjamin og søskena, men mot slutten får mora, Vera Lavin, fortelje sin versjon av sjølve hendinga og skadane som førte til at Hans døydde. Og om Hans: «Hans ville bli målar i si tid./ (…)/ Men det blei til at han gjekk i gruva./ Han, som far sin og farfaren.»

Som ein epilog i Sulis’ bok står altså denne vesle epistelen, dette brevet til kunstnaren og aktivisten Per Adde (1926–2020) frå ein ni år gammal gut i Sulis. Brevet får sagt mykje med få ord om kven Per Adde er, eller var. Vi veit at Kunstskolen blei oppretta i Kabelvåg nokre år seinare, mellom anna takk vere Adde og kona Kajsa Zetterquist. Diktet er òg eit tidsbilete, samstundes som det rommar ei tragisk hending og saknet etter ein far. Brevet blir ei handsrekning ut mot omverda og framtida – ei anna verd er mogleg.

Kjære Per Adde!

Eg har lese om deg i avisa.

Og mamma har snakka om deg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement