Diktet
Diktet: Tore Ørjasæter
Foto via Wikimedia Commons
«Eit poetisk hovudverk» har ho blitt kalla, diktsamlinga Elvesong, som skjåkværen Tore Ørjasæter (1886–1968) gav ut i 1932, om lag midt i forfattarskapen, som tok til med Ættararv i 1908. Samlinga er sett saman av ei rekke dikt i ulike former og tempo som alle er knytte tematisk til elva og vatnet, til minste dropen, som rører seg frå djupet, ned stryka og mot havet, i eit evig krinslaup.
Dikta rører seg ikkje berre på eit konkret naturskildrande plan, det sentrale er her det symbolske nivået, der dropen blir bilete på mennesket, som freistar å finne sin veg mellom vilje og lagnad, skiftande straumar og mørke djup.
Langt dei fleste dikta handlar difor om vassnatur utan konkret forankring til tid og stad. I diktet «Timber», som eg her har plukka ut den første av fem delar av, møter vi på «Omund-guten frå Sel», som er med på tømmerfløyting i elva.
Om diktet refererer til ei verkeleg hending, veit eg ikkje, men lesaren kjem tett på det ville oppdraget å skulle løyse opp i ein «lunne», altså ein vase av tømmerstokkar, medan vatnet fossar og pressar på, og det skjer med nærast seismologisk – og musikalsk – presisjon: «Han lyder på tonen/ og kjenner tyngdi av lunnen». Tømmerfløyting er blitt godt litterært skildra av fleire, men dette diktet dirrar av drama på liv og død, og gneistrar mørkt gjennom linjer som «Lunnen er som ei fårleg gåte».
Dramaet endar godt, heilt i tråd med det vitalistiske livssynet som Ørjasæter blei kjend for. Sigrid Undset skreiv i føreordet til Viljen og lagnaden. Dikt i utval (1946): «Grunntonen i Tore Ørjasæters diktning er en optimisme så dyp og ubrytelig så den ofte syns tyngre og dystrere på låt end det som almindelige folk kaller pessimisme.» Noko kritikaren Olav Dalgard kommenterer slik: «Det er godt og sant sagt. Få diktarar som har gått laus på metafysiske problem, har komme seg laus or ’våsemyran’ med så sterk tru på at livet skal vinne gjennom all motgang og alle nederlag.»
Frå Timber
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.