Diktet

Diktet: Vemund Solheim Ådland

Publisert Sist oppdatert

Når årsol i bakkane blenkjer. Årsol? Tittelen på den sjette diktboka til Vemund Solheim Ådland, Årsol (2019), vekker assosiasjonar til noko kjent, utan at ein heilt kan slå fast kva det er. Bergensaren Solheim Ådland (f. 1974) skriv dikt i eit språk som ved første augnekast eller lytting kan likne normalprosaen, men som er blitt nytta på friare vis – meir styrt av poetiske og lydlege prinsipp enn av grammatikk.

Medan biletkunsten på ein sjølvsagd måte kan arbeide med abstrakte former og ikkje-realistiske uttrykk, er det framleis nokså lite rom for poesi som ikkje er sentrallyrisk eller som stiller spørsmål ved språket si evne til å representere ei (personleg) røynd. I forlenging av dette kan ein òg undre seg over at språket i den subjektivt orienterte poesien er underleg einsarta.

Vemund Solheim Ådland skil seg slik ut i den norske poesien. Diktinga minner ikkje om mange andre, bortsett frå i glimt av poetar som Ellen Einan eller Paul Celan via Øyvind Berg. Han skriv ei slags sansedikting der meining oppstår gjennom klangar og lydlikskapar, overraskande bilete og ordval, og av odde samanstøytar mellom ord. På eitt vis er språket eit konkret, formbart materiale, samstundes som det er berar av mange nedervde meiningslag som blir sette i spel. Kan hende finn ein òg ein motstand mot å ta det rasjonelle språket for god fisk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement