Diktet

Diktet

Johan Fredrik Grøgaard.
Johan Fredrik Grøgaard.
Publisert

Oslo var den hovudstaden i Norden som innførte trikkar først, i 1875 trekte av hestar, etter 1894 trekte av elektrisk kraft: Kristiania Elektriske Sporveier – der det elektriske blei forkorta til «trikk». Dette substantivet finst ikkje på noko anna språk.

Vi veit at amerikanaren Tennessee Williams skreiv dramaet A Streetcar Named Desire i 1947, der endehaldeplassen Desire er ein bydel i New ­Orleans – Marlon Brando fikk sitt gjennombrot som skodespelar i Elia Kazans film frå 1951. Skodespelet Sporvogn til begjær er oppført fleire gonger i Noreg, no seinast i hovudstaden i 2019 både på Oslo Nye og på Grusomhetens Teater. På norsk forsvinn dobbelttydinga av Desire.

Oslo-diktaren Grøgaard (fødd 1934), mest kjend som romanforfattar, har gitt ut to diktsamlingar: elefantspråket & andre dikt (1971) og mannen som ikke kunne kose seg (1972). Eldre Oslo-borgarar kan minnast dei to nedlagde trikkelinjene som speler inn i diktet frå 1971: Trikken til Kampen (linje 7 frå Ullevål Hageby, linje 12 frå Majorstua) som gjekk opp Hagegata og flata ut langs Brinken, der han skifta spor og gjekk tilbake same vegen – mens Sagene Ring (linje 0) gjekk frå Sagene i ei stor sløyfe rundt sentrum av hovudstaden.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement