Diktet
Diktet
Foto: Privat
På lågmælt vis har Juliane Rui (f. 1982) skapt seg ein plass i bokheimen med sine fire diktsamlingar frå og med den særeigne debuten, Den hesten er av snø, i 2011. Ho har fått fleire stipend for diktinga si her til lands, og ho har òg fått merksemd i grannelandet. I vinter blei den seinaste samlinga hennar, Snurr mi eng, omsett til svensk av John Swedenmark, ein av dei fremste kjennarane av nordisk poesi i Sverige. Eit utval blei trykt i tidsskriftet 20TAL sitt temanummer Klimatvisioner.
Swedenmark var allereie «fortrollad» av samlinga då redaktørane ringde og ønskte seg dikt som handla om menneska sin sameksistens med naturen, utan å vere dystopiske.
Dikta i den førre samlinga til Rui, Aude så rørsle kan synast (2017), som diktet denne veka er henta frå, er heller ikkje dystopiske, men dei er klart økologisk medvitne. Dei er prega av ein sanseleg nærleik til naturen og alt levande.
Dikta er som små feltnotat frå audmjuke og varsamt nyfikne møte mellom eg-et («eg er òg eit landdyr») og andre artar – frå stranda kvalar, hjort og hegrar til veslefingersmå organismar. Små endringar og rørsler kjem i forgrunnen: slikt ein får auge på når ein lever tett på naturen, og når ein sjølv nyss har sett liv til verda.
Ein kan kjenne uro, men insistere og håpe på at vi alle snart vil innsjå skjebnefellesskapen mellom artane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.