Diktet: Arne Garborg
Foto: NTB
Då tidsskriftet Lyrikkvennen 2/1990 spurde norske poetar om kven som hadde skrive den diktsamlinga dei sette høgst, delte to bøker førsteplassen: Arne Garborgs Haugtussa (1895) og Georg Johannesens Ars moriendi (1965). Vi veit at diktaren Garborg frå Jæren (1851–1924) skreiv i mange sjangrar: romanar, essay, journalistikk, drama, omsetjingar, dagbokprosa – og altså to bind poesi.
Haugtussa (1895) og framhaldet I Helheim (1901) handlar om ungjenta kalla Veslemøy frå fattige kår: «Ho er mager og mørk og mjå/ med brune og reine drag/ og augo djupe og grå’/ og stillsleg, drøymande lag.» Ho lever seg inn i det jærske landskapet, ho ser inn i menneska – og når ho treffer gjetarguten Jon, vert ho hovudstups forelska.
Den avgjerande livserfaringa hennar er at Jon vel ei anna, rikmannsdottera «megga frå Ås». Veslemøy kjempar mot undergangstankar, ukristelege førestillingar, hemnlyst. Men overvinn desse. I Helheim er Veslemøys søster den naudsynte hjelparen.
Diktet «Elsk» hugsar eg frå gymnasdagane. Men i leseboka Vår diktning (red. G. Coward og B. Brinck-Lund, 1953) hadde dei ukommentert sløyfa del 2 av «Elsk». Diktet handlar om forelsking. Men det er ikkje det same som kjærleik. Som livet, i det lange løp, lærer oss.
Edvard Grieg sette melodi til mange av dikta, også «Elsk». Somme av oss hugsar «Småsporven gjeng i tunet» med Deep River Boys i 1956, med Erling Andersen på tenorsaksofon. Tuva Syvertsen gjorde eit eige spor av «Å gjev du batt meg» på debutplata til Valkyrien Allstars frå 2007. Haugtussa som bok kom i femtande opplag i 1952.
Jan Erik Vold
Den galne Guten min Hug hev daara,
eg fangen sit som ein Fugl i Snaara;
den galne guten, han gjeng so baus;
han veit, at Fuglen vil aldri laus.
Aa gjev du batt meg med Bast og Bende,
aa gjev du batt meg, so Bandi brende!
Aa gjev du drog meg so fast til deg,
at heile Verdi kom burt for meg!
Ja kund’ eg trolla og kund’ eg heksa,
eg vilde inn i den Guten veksa;
eg vilde veksa meg i deg inn
og vera berre hjaa Guten min.
Aa du, som bur meg i Hjarta inne,
du Magti fekk yver alt mitt Minne;
kvart vesle Hugsviv, som framum dreg,
det berre kviskrar um deg, um deg.
Um Soli lyser paa Himlen blanke,
no ser ho deg, det er all min Tanke;
um Dagen dovnar og Skóming fell:
skal tru han tenkjer paa meg i Kveld?
Um vinden strid yver Heii susar,
det gule Haare ditt visst han krusar;
um Regne dryp med sin døyvde Graat,
so stakkars Guten, no vert du vaat.
Aa berre Timarne vilde skrida,
og berre Dagarne vilde lida; –
men eg vil kveda og vera glad;
for um Sundag kjem han, trala, trala!
Arne Garborg
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.