JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

DiktetKultur

Diktet: Karin Moe

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Aschehoug

Foto: Aschehoug

2706
20220916
2706
20220916

Karin Moes poesi blir knytt til postmodernismen i 1980-åra. Ho opna språket for den nye mediale verda. I diktsamlinga Mordatter frå 1985 kallar ho ein bolk for «instantologi». Det fekk meg til å tenkje på vår tids instagrampoesi. Men der mange instagramdiktarar har ei ukritisk, naiv forståing av språk, står Moe for det rakt motsette.

I studietida fylgde eg eit kurs om moderne poesi som Hugo Brems ved Universitetet i Leuven i Belgia heldt. Brems uttrykte skiljet mellom modernistisk og postmodernistisk poesi slik: Hjå modernistane har språket mist kontakt med verda gjennom ei tapsrøynsle; diktaren freistar atterreise denne kontakten. Den postmodernistiske diktaren innser derimot at dette arbeidet er fånyttes – det viser han ved språkleik og ordmangfald. Der Gunvor Hofmo skriv at «jeg kjenner ingen ord mer» for det ho vil uttrykkje, finn vi hjå Karin Moe aldri skort på ord.

Ein slik posisjon finn vi i prosadiktet attmed, frå 39 Fyk. Louise Labé den yngres ustyrlige vandringar & andre spekulum (1983). Teksten opnar, slik eg les han, med eit klassisk tema i poesien: sukk over hjartesår. Korleis kan språket døyve smerta? Fyrst talar ho om ein operasjon av hjarta. Det er ikkje dumt tenkt, men likevel feil, her er det vel tale om hjarta i overført tyding – som tungsinn. Dei påfylgjande svara blir meir og meir absurde – og også dyrare. Diktaren skulle vel hjelpe – gode dikt mot «hugsår». Men ho veit alt at diktaren lyg. Kanskje peikar opplagstalet hans på eksemplar kjøpte inn av Kulturrådet. Diktaren blir heller ikkje lesen.

Det er dessutan mogeleg «gjennomsnittslavtlønnsmann» er kritikk av lønsskiljet mellom mann og kvinne. Ho har heller ikkje råd til operasjonen, fordi ho er kvinne.

Moe konkluderer: «Eg får klare meg med det arret eg har.» Vi kunne lagt til: «språkarret». Moe har sjølv karakterisert posisjonen sin slik: «lystelig frydefullt voggande i hengekøya mellom verden og språket». Utsegna fann eg i Bjarne Riiser Gundersens Da postmodernismen kom til Norge, som inneheld eit opplysande intervju med Karin Moe.

Ronny Spaans

FYK 33

Eg kan få hjerta snudd. Det tar 8 timar og kostar 45 000 kroner. Vil arret fungera tilfredsstillande? Men det er andre måtar. Eg kjenner ein akrobat:

– Kor mange timar tar det å få meg til å gå på hendene?

– 45 timar.

– Ka tar du for timen?

– 1000 kroner.

Eg kjenner ein kranførar. Ho er villig til å kjøra rundt med meg snudd for 45 000 kroner i året. Eg kjenner ein poet. Han er villig til å lyga for 45 kroner boka i eit opplag på 1000. Eg kjenner ein bakar. Han er ikkje villig til noko som helst. Å, så fattig! Eg tener tre fjerdedelar av ein gjennomsnittslavtlønnsmann. Eg får klare meg med det arret eg har.

Karin Moe

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis