Diktet: Mona Høvring
Foto: Berit Roald / NTB
Å, Mona Høvring! Vekas dikt er henta frå den fjerde diktsamlinga hennar, Å paradis frå 2008. Tittelen er det ein i retorikken kallar ein apostrofe, ei påkalling av noko fråverande, som eit «Foraar» (hjå Wergeland). Både det poetiske og det religiøse språket har denne evna til å overskride avstand og fornuft, og dette peikar på noko sentralt i poesien til Høvring: Ho skriv dikt som speler på språklege likskapar og samband mellom sanseleg og åndeleg begjær.
Samstundes som ein i apostrofen vender seg mot noko uoppnåeleg og difor ofte bort frå verda, er diktet denne veka ein salme som vil nytte språket til å halde fast: Bli her.
Høvring er godt kjend med religiøst tankesett og språkbruk frå ein oppvekst i eit frievangelisk miljø på Karmøy, der påkallingar og dommedagspreiker var daglegdagse. I ljos av dette er det ikkje underleg at «sommer i hagen» utan vidare blir følgd av «det føres krig et sted». Men det viser òg til eit anna sentralt motiv hjå Høvring: Den skjøre balansen mellom det lette og vakre, og det skremmande og vonde som pregar livet, især til unge kvinner.
I Samlede dikt 1998–2022 som kom ut i høve Høvrings 60-årsdag denne hausten, har ein gjort det geniale grepet at seinaste utgjeving står først, slik at ein les seg bakover mot byrjinga. Og i byrjinga var som kjent ordet. Hjå Høvring er ordet (eller mirakelet) «menneske». Mennesket, heilt stille.
Det aller siste diktet i Samlede dikt, det vil seie i debutsamlinga, som jo er første gong vi får høyre stemma til poeten, går slik: «Og i glipa, der dag skil natt,/ der himmelen deler havet/ vakna eg i silhuett// Eg stod i ulveham/ Eg hadde nyklipte tenner/ Eg var forferdeleg vakker// Eg ulte ikkje/ Eg var uhyggeleg stille»
Cathrine Strøm
Bli her salme
Det er sommer i hagen,
det føres krig et sted,
du har på deg en kvit kjole
og er åpen for setningas overtalelse.
Du tilhører et privilegert univers:
roser, sødme, bare nødvendige bevegelser.
Hver natt kommer melankolien til sin rett:
du sovner med lyset på,
du tøyler hat og harme,
men det gir ingen kvile.
Du bøyer et verb, og reiser deg som et menneske,
som ordet menneske.
Mona Høvring
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.