Litteratur
Djupdykk i den digitaliserte litteraturen
Er det rett at kvinnelege forfattarar nyttar fleire adjektiv enn mannlege kollegaer? Eller superlativ? Kva med bannord? Kven er «Den norske Hemingway»?
Helene Uri har doktorgrad i språkvitskap og arbeidde i tolv år ved Universitetet i Oslo før ho sa opp for å skrive på heiltid.
Foto: Julie Pike / Gyldendal
Helene Uri, lingvist og forfattar av romanar og sakprosabøker, har alliert seg med forskar Lars Johnsen ved Nasjonalbiblioteket. Saman har dei dukka ned i 18.000 digitaliserte norske skjønnlitterære bøker. Med dette som basis ønskte dei å få stadfesta eller slått hol på ei rad mytar om norsk skjønnlitteratur og å finne svar på spørsmål som kanskje ikkje har vore stilte før.
Etter at Johnsen har grave djupt ned i delar av bokskatten Nasjonalbiblioteket rår over, og Uri har analysert funna, ligg resultatet føre i boka med den underlege tittelen Jeg naken drakk.
– Kva funn overraska deg mest?
– Kor tradisjonelle ord både vi kvinnelege forfattarar og dei mannlege bruker. For meg var det kanskje det det mest iaugefallande resultatet. Det var ganske pussig å kjenne at eg høyrer til ei forfattargruppe som har gråtkvalt som eit mykje nytta adjektiv, medan mannlege kollegaer har internasjonalt, seier ho.
Menn skriv om menn
– Kanskje blei eg òg litt nedstemt av å finne att det tydelege mønsteret eg har funne når eg tidlegare har skrive om språk og kjønn – at menn skriv mest om andre menn, medan kvinner skriv om både kvinner og menn.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.