«Eg har lagt merke til at folk går i ein liten boge forbi den daude grevlingen som ligg i grøfta.»
Teikning: May Linn Clement
Søppel i vegen
Mens det enno er mørkt, ber eg søppelsekken med meg ned bakken og set han i vegkanten. Vinden har gitt seg, så det held å dekke han til med garnet, treng ikkje sikre han noko meir. Eg liker å få det gjort med ein gong, før frukost.
Det er hentedag, elles er det ein vanleg morgon. Eg lagar kaffi når eg kjem tilbake, og set meg ved kjøkenbordet. Det lysnar fort, og no ser eg at vegbanen er full av søppel, mest som om nokon har sprengt ein sekk. Dei må lukkast skikkeleg og dekkast til. Idiotane som set ut sekkane kvelden før, har ikkje gjort slik ein skal gjere. No flyt søppelet ut over heile vegen og rundt pumpene til bensinstasjonen på motsett side.
Det bles godt i natt, kanskje er det vinden si skuld. Eg brukte lengre tid enn vanleg på å sovne, låg og høyrde på alle lydane. Eg veit ikkje kvifor denne vinden gjorde at eg ikkje fann ro. Han har vore sterkare før.
Nokon kan ha køyrt søppel om natta, i ein tilhengar med låge karmar. Og så har dei blitt for ivrige over fartshumpen, det skal ikkje meir til. Kanskje har ein av desse villmennene som aldri skulle hatt førarkort, komme etterpå. Han har sikkert køyrt på ein sekk med vilje, slik at han sprakk.
Men mest truleg er det idiotane sin feil, dei som ikkje kan vente til morgonen med å sette ut sekken, slik at kattane som berre går rundt og ikkje veit kva dei skal finne på, klorer hol og dreg søppelet ut i vegen. Så kjem fuglane og hjelper til. Eg ser nokre måker som kranglar med ei skjære om matrestane på asfalten. Det ligg graps overalt. Hilde går av sykkelen og leier han forbi. Det er fyrst no i det siste ho har byrja å sykle til jobben.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.