Ei sosialliberal klippe
Ragnar Vold vart styrt av ein sosialliberal grunnhaldning av Lord Keynes-typen som søkte ein mellomveg mellom kommunisme og kapitalisme.
Ragnar Vold var journalist og utanriksredaktør i Dagbladet.
Foto: NTB
Kommentar
bernt.hagtvet@stv.uio.no
Journalisten og utanriksredaktøren i Dagbladet Ragnar Vold (1906–67) har for lengst sikra seg en plass i norsk mediehistorie som den mest klårsynte norske motstemma til Hitlers frammarsj i mellomkrigstida. Nærast på churchilliansk vis åtvara han mot nazismen frå tidleg av.
Tidlegare har vi fått ei samling av avisartiklane til Vold frå mellomkrigstida. No har sonen Jan Erik Vold og Gudleiv Forr gjeve ut ei samling med artiklane hans frå etterkrigstida: Klar tale.
Knapt turr bak øyro – 27 år då Hitler fekk makta – såg Ragnar Vold det til dømes utanriksminister Halvdan Koht ikkje skjøna: at nazismen ikkje var ei «normal» maktsøkjande, nasjonalistisk rørsle ein kunna gjera avtalar med.
Såg totalitær tendens
Vold var ein samtidskommentator som såg Hitler og Stalin som uttrykk for den same totalitære tendensen. Båe appellerte til «idealismen» i samfunnssynet, til den endelause maktarrogansen og statsdyrkinga. Og dei såg seg sjølve som ei fordjupa form for folkestyre. Nordahl Grieg kom aldri så langt i sin samfunnsanalyse.
Med seg i sin intellektuelle bagasje hadde Vold to element som gav hjelp, og som han polerte etter krigen: brei lesing i historie og vid horisont gjennom stadige klipp frå utanlandske magasin.
Vold vart styrt av ein sosialliberal grunnhaldning av Lord Keynes-typen som søkte ein mellomveg mellom kommunisme og kapitalisme, djupt rotfest i norsk demokrati og frisinn og med eit ope kosmopolitisk utsyn.
Vi må spørja: Kva av desse synspunkta tok han med seg inn i etterkrigstida? Det er det den nye artikkelsamlinga tek føre seg.
Fyrst og fremst såg Vold at etterkrigstida ville føra til eit samanbrot i dei store europeiske imperia, i fyrste rekke det britiske og det franske. Vold var oppteken av Algerie-krigen og skreiv tidleg om denne konflikten. Og i 1947 hylla han Albert Camus for å gå frå redaktørstolen i organet til motstandsrørsla, Combat, då det vart uklart om avisa kunne halda fram som sjølvstendig avis.
Inspirert av USA
Frå fyrste stund var han inspirert av USA. Men han såg òg svartsidene ved USA, den hysteriske McCarthyismen, som han kjende att i Haakon Lies leiarstil.
Vi må ikkje gløyma at Vold døydde i 1967, så han fekk ikkje med seg så mykje av Vietnamkrigen. Men i ein artikkel frå 1964 om Tonkinbukta-resolusjonen i Kongressen uttalte han tvil om kva amerikanarane påstod hende: at eit av orlogsfartøya dei hadde i Sør-Kina-havet, vart skote på av ein nordvietnamesisk kanonbåt. Det var denne episoden som gav Lyndon B. Johnson påskotet til å starta oppbygginga av amerikansk hjelp til Sør-Vietnam.
Då Kjartan Slettemarks bilete med eit amerikansk flagg fullt av blod vart ramponert med øks føre Stortinget og høgrepressa ville ta det ned, minte Vold om Hitlers kunstsensur: «Øks og hammer er ikke ukjente våpen i kamp mot kunst.»
Vold var sorgtung då den tsjekkiske utanriksministeren Jan Masaryk tok sitt eige liv i 1948, og han såg kor det bar under Stalins skugge. I ein serie artiklar om Stalins veksande imperium i aust slo han fast si gamle overtyding om slektskapen hans med Hitler.
Enda Vold ikkje var særleg franskinspirert, vil eg seie han minner meg mykje om den vidgjetne sosiologen Raymond Aron. Dei var omtrent like gamle. Båe såg rett om Hitler, båe var i Berlin då Hitler fossa fram. Båe skreiv heim om det nazistiske trugsmålet. Aron til det franske utanriksdepartementet, som svara: Men kva kan me gjera?
Båe hadde eit rasjonalistisk, tolerant a-ideologisk perspektiv som også gjaldt livssyn. Aron stod for ein kraftfull marxisme-kritikk ( jf. boka The Opium ot the Intellectuals, 1953). Vold stod for den same kritiske distansen til dei altomfattande tankesystema. Han var av norsk liberal lærarslekt med danning og toleranse i sentrum. Båe stod klippefaste på demokratiet.
Parallellar til Putin
I eit tilbakeblikk på Hitlers krigsførebuingar i 1945 – det fyrste som Vold og Forr har teke med i den nye artikkelsamlinga – vil ein lesar i dag med ein gong sjå parallellane til Vladimir Putin. Vold gjennomgår i detalj taktikken til Hitler før og etter München. Som Hitler dreiv Putin med systematiske deklarasjonar om at han ikkje ville ha krig. Som Hitler freista Putin å testa ut motstandarane med rykkvise framstøyt som ikkje vart møtte med motmakt – fyrst Donbas frå 2013 og så Krym i 2014, så det massive åtaket 24. februar i fjor. Båe braut avtalar og var ikkje til å stola på.
Vold hadde den sjeldsynte kombinasjonen av å sjå og samstundes forstå. Puls og distanse, det er journalistikkens spesielle arbeidsform og privilegium. Med sin sardoniske, avmålte stil har Ragnar Vold mykje å læra oss.
Bernt Hagtvet er professor i statsvitskap ved Oslo Nye Høyskole og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.