Ei valdeleg verd fylt av kjærleik

Den sørkorenaske forfattaren Han Kang har skrive om den store tragedien i moderne tid i landet: Gwangju-massakren i 1980. Der fann ho uendeleg mykje kjærleik.

Han Kang var i Noreg i samband med lanseringa av den første romanen hennar på norsk i 2017.
Han Kang var i Noreg i samband med lanseringa av den første romanen hennar på norsk i 2017.
Publisert

Dag og Tid intervjua Han Kang 3. februar 2017. Intervjuet følgjer her:

«Ein tankevekkjande meditasjon over kva det vil seia å vera menneske», skriv Financial Times, og «ei bok skriven i ein triumferande stil og med ei triumferande kjensle», heiter det hjå Sunday Telegraph. Boka det er tale om, er ein roman av den sørkoreanske forfattaren Han Kang, har fått tittelen Levende og døde på norsk.

Det er store tema denne boka tek opp: folkeopprøret i Gwangju i Sør-Korea i 1980. Det er ei hending vi veit lite om i Noreg, men tragedien har skapt eit sår i den sørkoreanske nasjonen som enno ikkje er lækt. Det blir framleis laga filmar og skrive bøker om hendinga i heimlandet, og no har det kome ein roman som minner folk utanfor Sør-Korea om tragedien.

Forfattarskapen til Kang har vekt oppsikt i heimlandet og internasjonalt. I 2016, i tevling med Elena Ferrante og vinnar av Nobelprisen i litteratur i 2006, Orhan Pamuk, vann den unge forfattaren den internasjonale Man Booker-prisen for ein roman ho skreiv etter Levende og døde. Det var ikkje alle som jubla. Presidenten i Sør-Korea, Park Geunhye, nekta å gratulere henne. Ho skal òg ha hamna på statens uoffisielle lister over kven som ikkje fortener å få kunstnar- og forfattarstipend.

Dag og Tid møter forfattaren i Oslo. Kang er ein kontrast til det tunge temaet i boka og dei negative reaksjonane boka har vekt. Vi møter ein forsiktig og audmjuk forfattar. Kang vil ikkje gå inn på den politiske debatten:

– Då eg skreiv verket, var det ikkje for å uttrykkje ein politisk bodskap. For meg var fyrst og fremst det personlege ei drivkraft under arbeidet. Det personlege og politiske er uskiljeleg her. Eg vart rørt av historier om den menneskelege kjærleiken og offerviljen midt i katastrofen. Ein gratulasjon frå presidenten er uviktig i denne samanhengen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement