«Ein fotograf spring rundt og knipsar i alle retningar. Sverre hamnar på fleire av bileta.»
Teikning: May Linn Clement
Bryllaup (4)
Presten står i midtgangen og ber folk om å trekkje lenger fram i kyrkja. Det er irriterande at så mange vel å setje seg heilt bak.
– Her er det ingenting å vere redd for, seier ho og smiler.
I vanlege gudstenester skjer akkurat det same, enkelte sundagar er det mest som å stå og snakke til tomme benker. Fleire fylgjer oppmodinga og flyttar seg fram. Sverre blir sitjande, han vil bevege seg minst mogleg i denne varmen, det er klamt nok under dressen som det er.
Han kikkar på utsmykkingane i kyrkja, dei er ikkje all verda. Kyrkja er grei, men kan ikkje måle seg med den heime. Hadde Aina og Torstein berre blitt buande, kunne dei gifta seg der, i ei skikkeleg kyrkje. Eg vert aldri gift, tenkjer Sverre. Ikkje at det er noko sakn. Onkel Karsten blei aldri gift, han heller, det er ikkje alle som skal det.
Sverre er svolten og kjem på at han ikkje har ete noko sidan frukost. Han lurer på kva dei har tenkt å diske opp med til bryllaupsmiddag, og håpar det er skikkelege porsjonar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.