Ein provoserande biskop

No går vi inn i påskehøgtida med påskeliljer i hagen.
No går vi inn i påskehøgtida med påskeliljer i hagen.
Publisert

Erik Varden, cisterciensarmunken som no er katolsk biskop i Trondheim, skriv helst bøkene sine på engelsk, men i år har han gjeve ut ei lita bok på norsk, nærast ei preikesamling: Påsketro i en pesttid. En provokasjon. Det er ein overraskande tittel, for me er lite vane med provokasjonar frå kyrkjeleg hald, og aller minst frå biskopar.

Dei er vortne så anonyme, dei fleste, at me ikkje eingong hugsar kva dei heiter. Nokon religionsfridom treng dei heller ikkje, for dei seier stort sett berre det alle andre seier. Dei har til og med bede om orsaking for at forgjengarane deira kjempa mot abortlova, og dimed teke krafta frå det vesle som fanst att av salt i bispekrinsar.

Under pandemien har eg ofte vore på gudsteneste med kringkastinga og opplevd mange tapre freistnader på å gjera kristentrua relevant i notida. Det er alt saman så rørande vel meint, så samvitsfullt påkome og førebudd, med friske formuleringar og uventa vinklingar, med slagverk og elektriske gitarar, men det fell oss ikkje i øyro, for det når likevel ikkje opp til den underhaldninga me helst vil ha.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement