Litteratur
Eit lite klimakriseliv
Sigri Sandberg ransakar seg sjølv i bok etter bok. Utanfor vil ho helst ikkje bli sett.
Sigri Sandberg liker verken mørke, kulde eller rovdrift på naturen. Det blir det bøker av.
Foto: Camilla Solvang Hansen
Det er ein av desse dystre januardagane der du
ikkje kan gå femti meter utan å gå på trynet. Legevakta i Oslo har fått inn 500
fallskadde på to dagar. Det er som i starten av Sigri Sandbergs nye bok, Det
året eg vakna: Ho lagar snømann på altanen og ser folk ramle rundt utanfor blokka.
Boka har undertittelen Kva skjer med
naturen – og oss?. Det er ikkje lett å tru når isen ligg til uti april: Oslo har mista 22 vinterdagar, seier forskarane. Det er krise.
– Menneskets hjerne er ikkje konstruert for å
takle slike kriser, seier Sandberg.
– Vi er korttenkte og egoistiske, skapte for å
overleve ein dag, ei veke og til neste sommar. Då koronaviruset kom, reagerte samfunnet akutt. Klima- og naturkrisa har andre
kjenneteikn. Derfor reagerer vi ikkje slik vi burde. Men å vite korleis vi er
konstruerte, kan hjelpe oss til å ikkje gi opp.
Svalbard
I Det
året eg vakna følger vi Sandberg gjennom eit år og på ulike heimstader: ein
eplegard i Sogn, ei høgblokk i Oslo, der ho har to tenåringar, og ei hytte på
Svalbard, der ho er i januar, i ei audsleg hytte i Foxdalen. Her bur mannen hennar
om vinteren, utan straum og innlagt vatn. Ein isbjørn tok seg nyleg inn og
endevende hytta: «det var glefsehòl i ketsjupen og kaviaren».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.