Eit ope sår i historia

På eit besøk hos svigermora fekk Simon Stranger høyre ei historie som resulterte i romanen Leksikon om lys og mørke.

Simon Stranger fann ein ny innfallsvinkel til historia om Henry Rinnan og den norske jødeutryddinga gjennom svigermor si.
Simon Stranger fann ein ny innfallsvinkel til historia om Henry Rinnan og den norske jødeutryddinga gjennom svigermor si.
Publisert

Historia som svigermor Grete Komissar fortalde, grensar til det utrulege: Like etter krigen hadde besteforeldra hennar flytta inn i ein villa i Jonsvannsveien 46 på Øvre Singsaker i Trondheim. Fram til maidagane i 1945 hadde Henry Oliver Rinnan og banden hans hatt dette som hovudkvarter og base for tortur, mishandling og drap. At ein jødisk familie som hadde mista to av sine – kanskje som direkte følgje av Rinnans vondskap – ville busetje seg i «bandeklosteret», var meir enn nokon kunne tru.

– Då svigermor fortalde at ho og søstera hadde stått i trappa ned til torturkjellaren og selt heimelaga billettar til ei lita teaterframsyning der nede, innsåg eg at dette måtte eg skrive om. Ofte kan skrivinga byrje med ein detalj, eit bilde eller ein situasjon som ikkje går vekk, og som er kompleks nok til at ein vil setje i gang eit arbeid som ein veit vil ta fleire år.

Ei uløyst gåte

Historia er så absurd. At ein jødisk familie få år etter krigen flyttar inn i kanskje det mest kjende symbolet på vondskap i Trondheim. Bestefar til Grete, Hirsch Komissar, blei drepen i skogen utanfor Falstad leir, og endå ein slektning måtte bøte med livet. Så kvifor kjøpte dei dette, av alle hus? Det spørsmålet blei også ein motor i skriveprosessen, for det hadde ikkje svigermor svar på.

Så vev Simon Stranger krigshistoria til den jødiske svigerfamilien sin saman med livet og lagnaden til Henry Rinnan og skaper slik eit dobbelportrett, ein dokufiksjon som kastar lys over antisemittisme, krig og vondskap i Noreg. Men kvifor har han gitt romanen form som eit leksikon, med oppslag under kvar bokstav i alfabetet?

– Eg skreiv eit førsteutkast som eg ikkje var nøgd med. Så skreiv eg eit alfabetisk brev til Hirsch Komissar og kjende at det hadde ein heilt annan intensitet enn resten av teksten. Og det sa meir på fleire nivå, slik ein roman skal, helst skal han også sirkle inn det som er ordlaust. Då følte eg at det estetiske ved romanen også byrja fortelje meir av det eg hadde lyst til å seie, i sjølve forma. Så ville eg sjå korleis det kunne fungere om eg sette resten av materialet mitt inn i leksikonforma. Det grepet fekk heile romanen til å opne seg, det gav dessutan luft til leseopplevinga og rom til korte tekstbitar som elles hadde vore vanskelege å ha med.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement