Fanny og flokken
I eksamensfilmen She-Pack portretterer filmskapar Fanny Ovesen skumle småjenter i flokk. – Det er ikkje slik vi er vane med å sjå jenter, seier ho.
Fanny Ovesen og filmteamet hennar vann Gullstolen, Filmkritikerlagets pris og Dramatikerprisen for beste manus, for filmen om skumle småjenter.
Foto: Mone Celin Skrede
Fanny Ovesen
Fødd i Göteborg i 1990
Utdanna ved Den Norske Filmskolen og Universitetet i Linköping
Debuterte med kortfilmen Allt det jag inte är i 2013 og har vunne fleire prisar
Vann tre prisar for kortfilmen She-Pack, eksamensfilmen hennar frå Den Norske Filmskolen, og arbeider no med spelefilmen Laura

Kortfilm
mone@dagogtid.no
Lytt til artikkelen:
I Østbanehallen stengjer takvindauga og den svake summinga frå kafeane både mørkegrå skyer og ein vel kald sommar ute. Så står ho der. Lyseblå auge omkransa av tjukt blondt hår. Filmskapar Fanny Ovesen har reist heim til Oslo frå kortfilmfestivalen i Grimstad berre nokre dagar tidlegare, med tre prisar i bagasjen. Ho og filmteamet vann Gullstolen, Filmkritikerlagets pris og Dramatikerprisen for beste manus, for filmen She-Pack. No skal ho nå bussen til Sverige om vel ein time.
– Eg skal arbeide med skodespelarane til neste filmprosjekt, røper ho og smiler.
Ho er alt i gang med Laura, den første spelefilmen. Men det er ikkje det vi skal snakke om.
– Eg hadde ein idé om ein flokk jenter på elleve år. Eg og gjengen eg utvikla prosjektet saman med, byrja å tenkje over kven vi var i den alderen: litt «flink pike», og opptekne av å tilpasse oss, slik jenter ofte er. Så oppdaga vi at alle hadde spanande minne om å miste kontrollen når vi først gjorde noko. Dersom vi torde å slå, slo vi for hardt, og vi hadde ikkje styr på noko moralsk kompass. Vi laga ei forteljing om ein jentegjeng som oppdaga ei kraft i seg sjølv, og kva som hender når denne krafta får lov til å eksplodere utover, i staden for å verte halden i sjakk.
– Opplever du som ung vaksen i 2019 at samfunnet framleis er kjønnspartisk?
– Eg har vore nøydd til å lære meg sjølv at dersom nokon spør om eg er flink til noko, skal eg svare ja. Eg trur jenter ofte underdriv kompetansen sin, på same måte som menn gjerne overdriv han. Det handlar om å ta plass framfor å vere føyeleg. Eg føler at eg framleis må kjempe for å ta plass, og at ein framleis som jente først skal vere liten, stille og søt, og så vakker og føyeleg som kvinne. Ein skal passe på andre sine kjensler framfor sine eigne, både privat og profesjonelt, fortel Ovesen.
Små, søte og skumle
Filmen startar med pulserande trommande musikk, og jenter i mønstrete badedrakt som ler og kvin, dansar og kastar på fuktig hår. Hovudpersonen Ronja sit på stupebrettet i bakgrunnen, ser på bursdagsbarnet som dansar, og latar som ho trykkjer henne flat mellom tommel og peikefinger.
– Eg ville ikkje at kjernen i filmen skulle vere mobbing. Det skulle ikkje handle om gruppepress, men om tevlinga mellom Ronja og alfajenta i gjengen – bursdagsbarnet – som dramatisk motor. Og om to leiarjenter som utfordrar og inspirerer kvarandre, seier Ovesen.
– Etter kvart som jentene vert maktsvoltne, vert bursdagsfesten anarki. Er oppførselen til borna provoserande fordi dei er jenter?
– Det er ikkje slik ein er van med å sjå jenter, og det er ikkje slik ein har lært at jenter skal vere. Vi ville utforske om vi kunne gjere små, søte jenter skumle for publikum. Vi nytta effektar frå naturprogram som Planet Earth, der ein fylgjer rovdyret og offeret. Då vi viste filmen på Berlinalen, kom to kvinner i 50-årsalderen bort til meg etterpå. Den eine av dei var oppglødd og tykte filmen var noko av det mest frigjerande ho hadde sett, medan den andre var ordentleg sint. Ho kunne ikkje forstå korleis vi kunne framstille jenter på ein slik destruktiv måte. Men jentene i filmen ter seg slik som det er heilt normalt at gutar gjer, seier Ovesen.
I filmen spring jentene inn i herregarderoben med hyl og latter. Dei snik seg inn i ei badstove der ein mann sit og søv.
– Han kan lett verte lesen som rovdyret i denne situasjonen, men så er han sjanselaus. Det er jenteflokken som har kontrollen, fortel ho, og held fram:
– Eg røyner at ein ofte les filmen på éin av to måtar: anten som ei Lord of the Flies-historie eller som ei forteljing om frigjering.
Inn i forteljinga
Fanny Ovesen er fødd og oppvaksen i Göteborg med far som var kunstlærar og filminteressert, og mor som arbeidde med medisinsk forsking.
– Mor mi reiste mykje, og eg hugsar at far min fortalde historier til bror min og meg. Han lét oss få vere med i kjende forteljingar og filmar som Ringenes herre og Titanic. Det var så sterkt å få vere med i ei slik verd, og sjølv om eg ikkje lagar film i fantasysjangeren, hugsar eg at eg drøymde om at det skulle stå «Ein Fanny Ovesen-film» i opninga av Ringenes herre-filmane.
– Var det dette som gjorde at du ville bli regissør?
– Ja, far min hadde eit VHS-kamera som han filma meg og bror min med. Men det er òg eit resultat av at eg leitte etter ein kunstnarleg måte å arbeide med relevante og interessante spørsmål på. Det må finnast ein samfunnsrelevans i prosjekta mine, ein grunn til å arbeide med nett dette nett no.
– Kvifor var det viktig å lage She-Pack nett no?
– Temaet i She-Pack har vore aktuelt lenge, men eg hadde ikkje sett det på film før. Eg ville lage noko som låg nær meg. Eg tykkjer filmen er viktig i samfunnet fordi ein ventar så mykje av jenter som ein ikkje ventar av gutar. Eg prøvde ikkje å moralisere, men eg håpar at filmen kan skape refleksjon om kva slags krav og forventingar ein legg på jenter.
– Legg ein ikkje slike krav på gutar òg? Til dømes at gutar ikkje skal vere sensitive og gråte og vere det ein definerer som feminine?
– Det er eg samd i, og eg er glad for å vere kvinne, å få vere sensitiv og gråte. Eg meiner at kjønnsrollene våre i røynda avgrensar menn like mykje som kvinner. Men nett denne filmen handlar om korleis kjønnsrollene påverkar jenter i ung alder.
Verdas tøffaste kvinne
Men frå ho sjølv var 14 til ho vart 22, hadde Ovesen fått nok av kjolar og jentestempel.
– Eg gjekk i posete klede og hadde ei så maskulin kroppshaldning som eg kunne. Ei stund trudde eg at identiteten min berre var slik, men så oppdaga eg at det var ein reaksjon. Eg tok avstand frå alt som var jentete og feminint, som liksom skulle vere svakt og mindre verdt enn det maskuline. No veit eg at ein kan vere verdas tøffaste kvinne og samstundes gå i kjole. Eg meiner at kvinneportrett av typiske empatiske, mjuke kvinner òg er viktig.
– Kva påverkar deg som filmskapar?
– Den feministiske oppvakninga mi. Det har vore avgjerande å forstå korleis samfunnet diskriminerer kvinner, og å vere bevisst på at eg gjer meg sjølv til eit objekt. Eg tilpassar personlegdomen min, utsjånaden min og kroppen min til biletet samfunnet har av ei kvinne. Eg er òg eit produkt av samfunnet i måten eg forminskar meg sjølv og eigne behov, framfor alt i møte med menn, både profesjonelt, i små metoo-situasjonar der eg har føydd meg for ikkje å lage dårleg stemning, og privat. Det er ein fin eigenskap å stille opp for andre, men ein kan ikkje heile tida gjere seg usynleg. Alle desse faktorane smittar av på tema eg interesserer meg for som filmskapar.
– Kva vil du med livet?
– Det er to ting, to delar av meg: ein reint personleg og ein egoistisk. Eg må lære meg at eg har ein identitet utanfor regibobla, for eg driv òg med kitesurfing, speler piano og les bøker. Og eg er glad i ekstremsport. Eg vil finne ein balanse der eg kan nyte av alt som finst, i større grad enn å kjenne på alt stresset i yrket, og der yrket ikkje er heile identiteten min. Samstundes vil eg gjerne lage eit avtrykk i tida, seier ho.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Eg tok avstand frå alt som var jentete.
Fanny Ovesen, filmskapar
Fleire artiklar
Ein mann trakkar på ein plakat av Bashar al-Assad i Damaskus.
Foto: Amr Abdallah Dalsh / Reuters / NTB
Uviss lagnad for Syria
Det store spørsmålet no er kva som vil skje framover i Syria, etter at opposisjonen overraskande fort tok over heile det regimekontrollerte Syria nesten utan militær motstand.
Andrea Bræin Hovig og Tayo Cittadella Jacobsen i rollene som Marianne og Tor, som møtest på Nesoddferja.
Foto: Arthaus
Leiken kjærleik
Alle gode ting er faktisk tre, om du lurte på om trilogien til Dag Johan Haugerud held heilt til mål.
Finansminister og leiar for Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum på landsstyremøtet i år. Partiet har falle kraftig på dei nyaste meiningsmålingane.
Foto: Thomas Fure / NTB
– Populisme er ikkje noko å vere redd for
Trass i dårlege meiningsmålingar har statssekretær Skjalg Fjellheim trua på at Senterpartiet har den beste politikken for Noreg.
Norsk bistandshistorie kom ut i 2003.
Foto: Dag og Tid
Makta og den uavhengige forskinga
«Eg er fullt klar over at mange gjorde ein stor innsats i Sør-Sudan, og med gode intensjonar.»
Fotballpresident Lise Klaveness under ein pressekonferanse på Ullevål stadion.
Foto: Erik Flaaris Johansen / NTB