Feirar livet – etter døden
I Latvia vert dei døde feira med ein slags «gravplassfestival» i august kvart år. Det har inspirert forfattaren Nora Ikstenas.
Nora Ikstena (49) frå Latvia har suksess med romanen «Mother’s Milk», som vert omsett til stadig fleire språk.
Foto: Ottar Fyllingsnes
I 2016 kom Jánis Jonevs roman Fordømte ’94, og no kjem Nora Ikstenas Feiringen av livet. Det er ikkje dei store forlaga som satsar på bøker frå små land, men vesle Bokbyen Forlag i Tvedestrand.
Ute i verda er interessa for latvisk litteratur stigande. Fram til 2018 var berre éi bok omsett frå latvisk til engelsk, men på bokmessa i London i fjor var merksemda retta mot dei baltiske landa, og no er det gjort avtalar om omsetjing av 45 latviske bøker til engelsk.
– Det skjedde på eitt år, fortel Nora Ikstena (49), som er spydspissen i den latviske litteraturen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.