JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmKultur

Dokumentarfilm om ordkunst

– Eg likar å veksle mellom prosa og poesi, og i denne samanhengen kan eg ikkje berre snakke om orda, eg må vise dei, seier kinoaktuelle Runar Gudnason.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Side Brok-artisten Runar Gudnason er aktuell med filmen «Eg har ord».

Foto: Kieran Kolle

2682
20230310
2682
20230310

Dokumentarfilmen Eg har ord dreier seg om livshistoria til Runar Gudnason – mest kjend frå rappegruppa Side Brok.

– Eg har roa litt ned på rapturneringa og ynskjer å avslutte det kapittelet, seier artisten.

Han har sjølv hovudrolla i sin eigen film, men vil ikkje omtale produksjonen som ein sjølvbiografi.

– Dette er ikkje nokon A til Å-film, seier Gudnason og forklarer at dramaturgien mest liknar eit essay.

Han legg til at det er snakk om ein sterkt redigert versjon av røyndomen, og at han har redigert der han tykte det var naudsynt. Gudnason trur filmen er annleis enn mange er vane med, og nemner innslag av rim i forteljarstemma, og at mange scener er klipte som musikk.

– Eg skulle lage film om danske rapparar og vart sjølv rappar ved ein feil. Då var det opplagt at eg måtte finne ut kvifor det gjekk som det gjekk, seier han.

– Kvifor vart du rappar?

– Eg vaks opp i ein heim med mykje musikk og biletkunst og lærte at det går an å halde på med slikt. Dessutan har eg alltid vore nyfiken. Medan eg budde i Danmark ein periode, fekk eg høyre rapping på dansk. Det fascinerte meg, for ingen rappa på norsk på den tida.

I Danmark byrja Gudnason å rappe og leike seg med ord, rim og rytme. Han såg ikkje på det som nokon karriereveg, men tenkte rappinga kunne vere ein fin hobby. Den innstillinga trur han har vore naudsynt for at han lukkast som rappar då han vende heim til Noreg.

– Det lyt byrje som fri leik. Ein er nøydd å leike seg inn i det. Viss det vert for seriøst, vert det for mykje stengsel.

– Korleis vil du omtale tilhøvet ditt til heimbygda Ørsta?

– Sterkt, fordi eg har vakse opp her. Mange trur eg er patriotisk og nostalgisk, men eg er ikkje det. Eg likar til dømes ikkje vinteren. Det seier noko om kor viktig røtene er.

Gudnason trur mange ynskjer seg attende til barndomen – ikkje reint bokstaveleg, men på eit anna vis. Han minner om at ordet nostalgi tyder heimlengsel.

– Er der ein bodskap?

– Prosjektet var fyrst meint som ei undersøking. Dokumentarfilmen tek ei personleg dreiing i møte med både orda, ordkunsten og kommunikasjon i nære relasjonar – slik som foreldre–barn-relasjonen. Der er ein bodskap, men han er personleg og hemmeleg. Eg vil at filmen skal vere open for tolking.

– Tykkjer du at du utleverer deg sjølv?

Utlevere er vel eit litt betent ord. Eg fortel ærleg og deler mine tankar og erfaringar, og eg håpar dette er noko folk kan kjenne seg att i. All god kunst er personleg, samstundes må det handle om meir enn kunstnaren.

Julie Killingberg

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Nye rekruttar til Ukrainas 3. åtaksbrigade trenar ved Kyiv 9. april 2024. Menn i våpenfør alder som nektar mobilisering, kan få fengselsstraff på mellom tre og fem år.

Foto: Vadim Ghirda / AP / NTB

KrigSamfunn

Tårer på jernbanestasjonen

For ei veke sidan vende eg enda ein gong attende til Ukraina etter tre veker i Europa. Denne gongen gjekk heimvegen gjennom den slovakiske byen Kosice, som ligg 120 kilometer frå grensa til Ukraina.

Andrej Kurkov

Raudfota skogskjelpadde er ein av dei tre artane av skjelpadde som er godkjende til bruk som familiedyr i Noreg.

Foto via Wikimedia Commons

KunnskapFeature
Arve Nilsen

Skjelpadder

Etter at menneska klatra ned frå trea og oppover på næringskjeda, har nok mange skjelpadder blitt fanga og hamna i gryta.

Biletet syner Blixtunnelen på Follobanen rett før opninga i desember 2022. Nokre dagar etter vart tunnelen stengd på grunn av varmgang i kablane. Opprettinga skal vare til desember i år.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Politiske signalfeil

Det er mange grunnar til at toget ikkje går når det skal i Noreg. Her er nokre av dei.

Ikkje berre krig og kriser kan føre til legemiddelmangel. Heile leveringskjeda er sårbar.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Det veikaste leddet i legemiddelkjeda

Europeiske land bør samarbeide for å sikre forsyninga av legemiddel, seier professor Marianne Jahre.

KommentarSamfunn

Sjølvmord av frykt for dauden

Macron-strategien for nyval fremjar det han vil unngå.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis