Filmveteran utan Oscar

I fjor venta eg på Paul Schraders kritikarroste First Reformed, men filmen kom ikkje på kino i Noreg. Sundag kan Schrader vinna Oscar-pris for beste originalmanus.

Robert De Niro i rolla som den einsame Vietnam-veteranen Travis Bickle i Taxi Driver (1976), ein karakter Schrader baserte på seg sjølv.
Robert De Niro i rolla som den einsame Vietnam-veteranen Travis Bickle i Taxi Driver (1976), ein karakter Schrader baserte på seg sjølv.
Publisert

Kven er Paul Schrader, kan ein spørja. Den særeigne 72-åringen har lang fartstid i filmbransjen. Han får A-kjendisar som Nicolas Cage til å spela i B-filmane sine, som Dog Eat Dog (2016). Med American Gigolo (1980) var han ifylgje kollega og forfattar Bret Easton Ellis banebrytande.

– Filmbransjen hadde aldri før sett ein mann bli gjord til objekt slik Richard Gere vert i denne filmen, seier han i podcasten sin.

Men Schrader er ikkje like kjend som kumpanane sine i The Movie Brats, ei samlenemning på filmskaparane som snudde Hollywood på hovudet frå slutten av 1960- og ut i 1970-åra. Dei gamle, etablerte studioa hadde mista kontakten med dei yngre kinogjengarane. Den nye generasjonen søkte noko dei kjende seg att i. Løysinga vart å gje ein gjeng unge filmskaparar fritt spelerom. Slik fekk me Easy Rider (1969) av Dennis Hopper, Gudfaren (1972) av Francis Ford Coppola og Taxi Driver (1976) av Martin Scorsese. Sistnemnde var det Paul Schrader som skreiv manuset til.

Skreiv seg frisk

Taxi Driver handlar om ein einsam Vietnam-veteran som byrjar å køyra taxi i New York. Han slit med å tilpassa seg samfunnet, er søvnlaus, drikk mykje og utviklar vrangførestillingar som fører til ekstreme handlingar. Ein mørk rollefigur, rasistisk og sjåvinistisk. Som sjåar endar du likevel med å heia på Travis Bickle, spela av Robert De Niro. Det er litt av metoden til Paul Schrader.

– Om du kan halde på tilskodaren lenge nok, i rundt 45 minutt, vil han føla med personar han normalt ikkje ville hatt sympati med. Då kan det skje interessante ting for ein filmskapar, har han sagt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement