Litteratur

Fosse i regn

Det regna i Bergen, og eg lånte ein paraply. Den korte setninga er mest ein klisjé på linje med «Det var en mørk og stormfull natt», men sjølv klisjear kan vere sanne og arkivverdige.

Frå arkivet til Jon Fosse som han har donert til Nasjonalbiblioteket.
Frå arkivet til Jon Fosse som han har donert til Nasjonalbiblioteket.
Publisert

Det stod i avisa at Jon Fosse hadde donert privatarkivet sitt til Nasjonalbiblioteket. Til no hadde det vore oppbevart i Ivar Aasen-tunet, heitte det. Oppbevart? Oppbevart som i oppbevaringsboks på Bergen stasjon?

Ideen kom frå dramaturg Ola E. Bø ved Det Norske Teatret i 2002. Som romanforfattar hadde Jon Fosse slått gjennom i Sverige før han blei viktig i Noreg. No hadde han skrive skodespel i åtte år og var på veg til å bli ein av dei mest spelte dramatikarane i Europa. Bø visste kor vilkårleg teater forvaltar eiga historie. Berre det å fange framsyningar for ettertida var eit prosjekt i seg sjølv. Denne suksessen burde følgjast, studerast og formidlast.

Verka av Olav Duun hadde nådd langt, mest på tysk, og diktekunsten til Tarjei Vesaas blei framleis lesen rundt om. Likevel, med det nynorske blikket var det stort, det som sceneteppa no gjekk opp for. Utbreiinga av forfattarskapen til Fosse kunne jamvel brukast kulturpolitisk for å fremje meir norsk litteratur i andre land. Enno var inga bok av Jo Nesbø omsett til engelsk, og Karl Ove Knausgård hadde skrive éi bok. Saka var også indremedisinsk. Av litt vilkårlege grunnar hadde det vore eit litt kantete forhold mellom nynorskteateret og nynorskdiktaren. Nokon kom til å gjere noko.

Der sat vi og kunne ikkje anna enn å tenkje stort om det som alt heitte Jon Fosse-arkivet. Dette skulle bli ein internasjonal informasjons- og dokumentasjonsbase om forfattarskapen hans – både innhald, tolkingar, utbreiing og resepsjon. Vi visste kva vi ville, Kulturrådet ville også, og etter kvart sat vi med midlar til eit forprosjekt.

Oppdraget med å skrive prosjektplanen gjekk til Kirsti Mathilde Thorheim. Ho tenkte både høgt og vidt, samla inn mengder av arkivalia, identifiserte kvar einaste oppsetjing (til då 495 i 44 land), forma nettverk av tillit og entusiasme, viste korleis det heile burde drivast som internasjonalt pionerprosjekt. Tyngda av ein forfattarskap blei ei bok på 256 sider og feira på klisjears vis i Bibliotekbaren i Oslo hausten 2008. Så vel bok- og teaterbransje som språkmiljø og politiske krinsar likte planen. Kulturminister Trond Giske tok knapt dei vanlege atterhalda når slike prosjekt small i bordet.

Likevel kom vi ikkje langt nok. Arkiv og tilsette mangla ein stad å vere. Fosse budde i Bergen, og det siste han kunne tenkje seg, var eit arkiv i heimbyen. Eit par lokalpolitikarar i Oslo ville inkludere Fosse-arkivet i det nye hovudbiblioteket som blei planlagt, men fekk ikkje andre med seg. Etter at diktaren busette seg i Oslo, var brått Bergen aktuell likevel, men då hadde vi mista styringsfarten.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement