Litteratur

Frå pjusk til klisjé

Nora Eides nye roman handlar om ei fortapt nybakt mor. Det blir mange tårer. Men det finst håp, blant anna i Solveig Barstad i TV 2 hjelper deg.

Nora Eide har gitt ut sitt fjerde skjønn­litterære verk – ein roman om å vere einsam nybakt mor i storbyen. Foto: Marita Liabø
Publisert Sist oppdatert

God mor har eit Christian Krohg-måleri på omslaget: Eit velfødd barn søv trygt i ei vogge. Mora har sovna sittande med handa på vogga.

– Det er eit bilde folk blir dratt mot, seier Nora Eide.

– Den milde, avslappa babyen og den utslitne småbarnsmora.

Krohg måla «Mor og barn» i 1893. Mykje har endra seg sidan. Men fødselen og barseltida vil aldri endre seg. I dag les vi oss godt opp når vi blir gravide, men ingen veit korleis det er, før vi sit der, opprivne og med puppen i vêret.

Eides namnlause hovudperson føler seg fullstendig inkompetent.

– Ein forventar at ein har eit moderleg instinkt. Det skal ligge nedfelt i kroppen. Det å få barn er fantastisk. Å ikkje få morsfølelse er enormt skamfullt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement