Gulrot

Kvifor gule røter er oransje og fundamentalisme sjeldan særleg sunt.

Blabla
Blabla
Publisert

Gladnyheit: Det er framleis norske gulrøter i så å seie alle butikkar! Ikkje heilt så kult er det at eg brukar eit av dei tre utropsteikna eg har tilgjengeleg i min karriere på det, men ganske fint likevel, med tanke på at dei kom opp av jorda for fem månader sidan.

Historia om den moderne gulrota byrjar, som så mange andre historier, i Sentral-Asia ein stad for over 1000 år sidan. Då voks gulrota vilt, var monaleg mykje mindre enn i dag – og i heilt andre fargar: Dei var kvite, gule og lilla. Oransje gulrøter er ei europeisk nyvinning, som mest truleg dukka opp ein gong på 1500-talet. Men kvifor er gulrøter oransje?

Det er faktisk rarare enn det i utgangspunktet høyrest ut som. Den oransje fargen er karotenoid – særleg alfa- og beta-karoten. Vi menneske brukar karotenoid til å setje saman A-vitamin i kroppane våre, men plantene brukar dei til å fange lys: Dei er ein del av fotosyntesen. Og difor har dei eigentleg ingen funksjon i sjølve gulrota – som bur under jorda, og skal lagre, ikkje fange energi.

Ferdig kartlagt rot

Kring 400 år etter den oransje gulrota såg dagens lys, har ho fått kartlagt heile genomet sitt. I det genomet har forskarar mellom anna isolert to gen som skil kvite frå oransje gulrøter (for særleg interesserte har gena fått namna Y og DCAR–032551), og begge to er recessive. Gulrota treng altså to av begge gen for å verte oransje.

Med andre ord må det ein eller annan stad ha vore ein eller annan som verkeleg har villa ha oransje gulrøter – og det har det vore: Kven er det mest oransje folkeslaget i Europa? Jau, sjølvsagt, nederlendarane. Den populære oppfatninga er at nederlandske gulrotbønder skal ha dyrka oransje gulrøter som ein hyllest til deira frigjeringshelt Willem van Oranje – opphavet til dagens nederlandske kongeslekt. Denne historiske hyllesta lever godt på folkemunne og som identitetsskapar, men er ikkje historisk dokumentert. Det er det derimot at oransje gulrøter vart sett ned på i historiske fasar der van Oranje-slekta ikkje stod så sterkt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement