Historieforvanskingar

– Det må vere tanta mi du fortel om. Eller er det mor mi du tenkjer på?

Publisert Sist oppdatert

– Er det tanta mi du fortel om, spør ein.

Eg svarer ikkje, lèt det berre henge i lufta. Eg driv jo med desse forteljingane heile tida. Men folk har ikkje noko med kor eg har det frå, eller om det er noko eg har opplevd sjølv. Samtidig prøver eg å ikkje vere uhøfleg.

Det hender eg svarer med eit lurt smil. Eller så lirer eg berre ut av meg det fyrste som dett meg inn, same kva det er. Skifter tema for å komme vidare, eller peikar på eit eller anna i nærleiken, til dømes det gamle huset ved elva som ingen har teke vare på, og som det no truleg er for seint å redde. Eg fortel at han som budde der, er død for lenge sidan, men at alle tinga hans er der enno.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement