– Ibsen var satirikar i det meste han skreiv
«Ibsen-mafiaen» vil sikkert gremje seg, men Kirsti Boger lèt det stå til med eit kjempeverk som gjer Ibsens dikting til noko anna enn ekspertane vil.
Med boka Hollandske oppdagelser – Holbergs og Ibsens satiriske skrifter, som ligg føre om ei vekes tid, vil Kirsti Boger vise at Ibsen var mykje meir av ein satirikar enn litteraturvitarane vil ha det til, og at han også var langt meir påverka av Holberg enn dei same fagfolka vil godta.
Men kva har det med «hollandske oppdagelser» å gjere?
Svaret er «Det lærde Holland» eller «hollænderne», ei lita gruppe av Christianias intellektuelle som kvar veke samla seg i Paul Botten-Hansens stover i 1850- og 1860-åra. «Sjef» var verten sjølv, men den unge Henrik Ibsen var ein ivrig deltakar i samtalane. Namnet på gruppa var henta frå ein replikk i Holberg-stykket Jacob von Thyboe.
Kirsti Boger (63) – filolog, omsetjar, språkvaskar og korrekturlesar – har arbeidd i om lag tjue år med denne boka, driven av ein sterk forskartrong. Midt på 1990-talet gav ho saman med Inge S. Kristiansen ut Nora, du lyver, ein studie i Et dukkehjem, som ekspertisen i hovudsak tagde i hel. Boger har sett seg lei på den idealistiske tolkinga av Ibsen, der alt Brand og andre seier blir tatt for god fisk. I staden leverer ho antiidealistiske tolkingar av forfattarskapen.
– Kan vi seie at ein hovudtese i boka di er at Ibsen, og Holberg, ved hjelp av satire så å seie lurte seg unna samtidas krav til høvesvis nasjonsbygging og å hylle eineveldet og oldenborgarætta som sat ved makta?
– Absolutt, dette sameiner dei to forfattarane. Dei har skjult det dei eigentleg meinte fordi det ikkje eigna seg i samtida. Båe ville opp og fram, og då gjaldt det å halde seg med patente synspunkt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.