Ikkje til stades
«Kva er det han tråkker sånn for? Tenker folk. Skal han på besøk, eller hente noko? Nei, som vanleg skal han berre opp og snu.»
Teikning: May Linn Clement
Som vanleg forsvinn Glenn ut døra og syklar av garde, utan eit ord. Vigdis aner ikkje kor lenge han har tenkt å bli borte. Kva anna er det vel å gjere enn å ta seg ein kosetur, som han kallar det, og slå i hel nokre timar før kvelden.
Han tråkkar av garde på eldstesykkelen, som Glenn ikkje greier å kvitte seg med. Han verkar jo heilt fint, men er for tung til å vere ein langtursykkel. Skal han på langtur, må han ta ein av dei andre to syklane, som er kjøpte i nyare tid, utan at Vigdis blei informert. Ho veit ikkje at det er meir verdi i dei enn i bilen.
Glenn gleder seg allereie til å ta ein pause og ete energibaren som ligg i lomma, imens held han blikket festa langt der framme og fokuserer på å synkronisere pusten med pedaltråkkinga.
Folk lurer på om han ikkje har noko anna å gjere enn å sykle. Vigdis prøver å ringje, men legg berre på når ho høyrer at det durar i telefonen som ligg på hylla i gangen.
Han er dårleg til å bruke gang- og sykkelstiar og ser seg ikkje skikkeleg føre i vegkryssa heller. Kan hende blir Glenn redda av at han syklar seint, i eit akkurat passe tungt gir. Det må vere litt motstand, men ikkje så mykje at det blir nødvendig å reise seg og stå på trøene opp bakken forbi dei nye leilegheitene bak skulen, der det alltid sit folk og fylgjer med i vindauga. Han held seg på setet, som har akkurat rett høgde, slik at knea ikkje stikk for mykje ut til sida når han tråkkar rundt. Glenn sig i jamn fart opp bakken som ingenting.
Kva er det han tråkker sånn for? Tenker folk. Skal han på besøk, eller hente noko? Nei, som vanleg skal han berre opp og snu. Han ligg heilt flat når han kjem ned att, og susar forbi den grøne kassen med strøsand før han held ytterbeinet strakt, lener seg inn i svingen og blir borte.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.