Jordmor på scena

Thea Hjelmeland har gitt ut ei av årets beste norske plater, lagar makelause konsertar og drøymer om å vere jordmor.

– Hadde eg ikkje vore musikar, ville eg nok vore jordmor. Iallfall skulle eg gjerne hatt det som hobby, seier Thea Hjelmeland.
– Hadde eg ikkje vore musikar, ville eg nok vore jordmor. Iallfall skulle eg gjerne hatt det som hobby, seier Thea Hjelmeland.
Publisert

Eg stirer ein framand mann inn i auga. Kven av oss klarer å halde maska lengst? Dette er ikkje mitt påfunn, heller ikkje hans. Rundt meg står andre og gjer det same. I byrjinga såg dette ut til å bli ein vanleg konsert.

Thea Hjelmeland og bandet framførte dei første songane på konvensjonelt vis. Ikkje at det var keisamt – Hjelmeland gav i haust ut kritikarroste Kulla, eit doggfriskt og dansbart popalbum der morkaka har fått eit eige spor (meir om det snart). Men forma innleiingsvis var føreseieleg og utan overraskingar.

Så skiftar konserten preg. Det byrjar med at gitarist Matias Tellez dukkar opp på eit podium midt i lokalet. Ei kvinne kjenner han ikkje att, trur kan hende han er ein full tilhøyrar, og dreg i Tellez. Men musikaren er i rolla si. Så går Hjelmeland sjølv ut i rommet. Ho står i eit hjørne og syng «alle mine born kom inn att i magen, eg angrar meg so». Ho ber publikum halde seg for øyra og sleppe ut ein lyd. Og ho ber meg om å delta i ei stiretevling – som eg tapte.

Sindig sunnfjording

Takk vere Hjelmelands nærvær, scenetekke og interaktive påfunn kunne ingen gå likesæl frå konserten. Ei stjerne er fødd, kunne ein seie, og legge til fleire sterke adjektiv. Men Hjelmeland er vestlending, fødd og oppvaksen i Førde, barn av kunstnarar (bluesmusikaren Arle Hjelmeland og tekstilkunstnar og musikar Ingjerd Monsen Hjelmeland), og snakkar ikkje med store ord.

At den bergensbusette sunnfjordingen med tre album på samvitet går mot eit gjennombrot, er derimot inga overdriving. Ho er alt hanka inn til Øyafestivalen neste år. Ho er ein av seks musikarar som har fått artiststipendet for 2018. Stipendet, som er på 250.000 kroner, skal Hjelmeland mellom anna bruke til å vidareutvikle scenekonseptet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement