Kan rådmannen vera direktør?
Valgerd Svarstad Haugland gjekk frå å vera fylkesmann i Oslo og Viken til å verta statsforvaltar i same fylke frå 1. januar i år.
Foto: Terje Bendiksby / NTB
Kong Olav laut i si tid slutta å opna nyttårstalane med «kjære landsmenn». Me skjøna at han lika det ille, for i sitt indre øyra hadde han nok framleis lyden av faren sine talar frå London under krigen: «kære landsmenn». Det var ein tiltale med sagaklang som høvde i ein kongemunn. Men tidsånda ville det annleis, og som konstitusjonell monark bøygde han seg for henne. Kong Harald byrja med «kjære alle sammen», men tykkjest etter kvart å ha funne ut at det er i betre samklang med stunda å opna utan tiltale.
No vil tidsånda ha bort ordet mann i dei fleste samanhengar – det er eit under at me framleis får kalla oss nordmenn i gynokratiet (kvinneveldet). Ogso kvinner er nordmenn med full rett, og mothugen mot mann, til dømes i yrkestitlar, byggjer på filologisk vankunna. Det var på norrønt som på engelsk, at mann både hadde ei kjønna («mann») og ei ukjønna tyding («menneske»). Difor kan ei kvinne med same rett som ein mann kalla seg formann og fylkesmann.
Det pinlege er at ingen vågar å slå i bordet og setja vankunna på plass. Då øydelegg me heller språket med å byta ut gode norske ord med framandord. I staden for gjerningsmann har me til dømes fått bastardordet gjerningsperson.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.