Katten i pengesekken
Hello Kitty har blitt 50 år. Ho er turistambassadør, og ho har generert milliardar av yen. Sjølv kan ho ikkje uttale seg om kvifor folk kjøper henne.
Hello Kitty vinkar til tusenvis av tilhengarar under den årlege japanfestivalen i New York 11. mai.
Foto: Charles Sykes / AP / NTB
Merkevarekultur
marita@dagogtid.no
Det var ein gong ein japansk gründer, Shintaro Tsuji, som selde litt av kvart gjennom firmaet Sanrio. Han innsåg at dei selde fleire plastsandalar og -portemonear viss dei var pynta med eit jordbær eller liknande. Han bad nokre grafiske designarar, blant andre Yuko Shimizu, utvikle nokre figurar, og dei måtte vere kawaii, det vil seie nusselege.
Shimizu teikna ein søt kvit kattunge – eller nei, Hello Kitty har vêrhår, men er ei ordinær søt jente, Kitty White, som bur i eit ordinært hus i lag med ein ordinær familie. Kitty har til og med ein katt, Charmmy Kitty, ei merkevare i seg sjølv.
Det Kitty ikkje har, er munn.
– Det er noko av det geniale ved henne, seier folklorist Kristian A. Bjørkelo.
– Hello Kitty uttrykker ingen kjensler, for ho skal spegle kjenslene dine.
Fordi ho er teikna så enkelt, er ho anvendeleg. Ein skal kunne projisere sitt eige humør og sin eigen identitet over på figuren. Ho kan vere barn, tenåring og vaksen, einstøing eller supersosial, tøff eller skjør, alt etter kven som ser på henne.
– Ho er som eit tomt kar som du fyller med deg sjølv. Er du lei deg, er ho lei seg. Er du glad, er ho glad.
Hello Kitty er òg prideambassadør. Her bli ho fotografert på si eiga 40-årsfeiring i Los Angeles i 2014.
Foto: Jae C. Hong / TT / NTB
Vaffeljern og vibratorar
Bjørkelo er førsteamanuensis ved både Universitetet i Bergen og Nord universitet. I tillegg har han ei stor Hello Kitty-samling, noko som kjem som ei overrasking når du ser kva han har forska på: ekstremisme, okkultisme og nazikultur, blant anna.
– Eg har mørke interesser. Det handlar om balanse og kontrast i mitt eige liv. Ein liten dose rosa og naivitet. Eg tar ikkje meg sjølv så høgtideleg. Det skadar ikkje at det går mot forventningane om meg.
Bjørkelo hadde tidleg ein blogg, der han brukte pseudonymet Mad Mullah Hastur. Då han oppdaga at det fanst eit Hello Kitty-vaffeljern, skreiv han: «Eg treng dette.»
– Etter det har eg fått tilsendt mykje rart.
Han fekk aldri noko Hello Kitty-vaffeljern og har aldri fått Hello Kitty-automatvåpenet han ønsker seg, men har alt frå Hello Kitty-dopapir til Hello Kitty-djevlar, og han har fått mange teikningar av seg sjølv som Hello Kitty-figur.
– Det kjæraste eg har, er ein Hello Kitty-vibrator. Vent litt.
Han leitar. Han veit at han er der ein plass, på kontoret.
Hello Kitty prydar munnbind, her under sarsepidemien i Kina i 2003.
Foto: Greg Baker / TT / NTB
Fødeavdeling
Bjørkelo understrekar at reint fagleg er han interessert i Hello Kitty som ei populærkulturell merkevare. Og her snakkar vi om kommersialisme på sitt verste.
– Vi lever i ei absurd verd der alt kan gjerast til ei salsvare.
Hello Kitty er ei av dei mest innbringande merkevarene i verda. Som figur er ho berre slått av Pokémon, Star Wars og dei mest kjende Disney-figurane. Også My Melody, frå 1974, ligg høgt på lista. Men det som skil Sanrio-figurane frå Mikke Mus, Ole Brumm og Frost-jentene Elsa og Anna, er at dei ikkje inngår i eit bestemt univers. Disney og Nintendo – med spelfigurar som Mario og Zelda – lever av historieforteljing. Sanrio lever av franchisingar, altså lisensavtalar som inneber at andre produsentar får lage produkt med ein Sanrio-figur på.
På fødeavdelinga på sjukehuset Hau Sheng i Chunghua i Taiwan herskar Hello Kitty. Det gir dei nyfødde og dei nybakte mødrene ro i sjela, tenkte sjukehuseigaren.
Foto: Wally Santana / AP / NTB
Derfor får du kjøpt Hello Kitty-plaster, -parfyme, -barnevogner, -PC-ar og -rekvisita, -matvarer, -smykke og -undertøy. Det finst Hello Kitty-Fender-gitarar, Hello Kitty-Balenciaga-vesker og Hello Kitty-Crocs. Du kan gå på Hello Kitty-museum, -tivoli og -kafear. På sjukehuset Hau Cheng i Taiwan har dei ei Hello Kitty-fødeavdeling.
Sjølvsagt finst det tusen Hello Kitty-bøker, -spel, -filmar, -seriar og -songar.
I tillegg blir ho misbrukt; også butikkar som sel falske merkevarer, tener på henne.
Slik blir Hello Kitty eit symbol på nihilisme, meiner Bjørkelo.
Kristian A. Bjørkelo er folklorist.
Foto: Anne Lene Nymoen
Ho representerer eit syn der ein avviser alle verdiar og normer, og der det meiningslause i tilværet blir hylla.
– Ho er ei tomheitsgudinne, seier han.
Deppa eggeplomme
Japan har nytt godt av både Sanrio og Nintendo. Nintendo, som har 7724 tilsette, skal ha tent ein billion kroner berre på Pokémon, der figurar som Pikachu og Eevee er populære. I 2023 tente Nintendo 12 milliardar amerikanske dollar, ifølge analyseselskapet Statista. Sanrio er mindre, med 692 fast tilsette, men berre på Hello Kitty skal dei ha tent over 84,5 milliardar dollar. Driftsresultatet i andre kvartal var på rundt 1,7 milliardar kroner – ein oppgang på 77 prosent frå i fjor, melder E24. Sanrio-aksjeprisen skal ha stige med 450 prosent dei siste fem åra.
Hello Kitty prydar også hijabar.
Foto via Wikemida Commons
I dag står Hello Kitty for 30 prosent av inntektene til Sanrio, mot 75 prosent i 2014, melde The Wall Street Journal nyleg. Nye figurar – som den søte bulldoggen Rebecca Bonbon, teikna av Shimizu, Hello Kitty-designaren, i 2011 – har gått forbi i popularitet.
I 2020 tok Tomokuni Tsuji, soneson til grunnleggaren, over som direktør. Med han har ein litt annan type figurar blitt populære: Aggretsuko er ein introvert oransje panda som jobbar som rekneskapsførar og syng svartmetall på karaokebar på fritida; Gudetama er ei eggeplomme som er deppa og energilaus. Begge har fått sin eigen Netflix-serie.
Gjennom dei nye figurane skal ungdom og vaksne kunne få utløp for frustrasjon og dårleg sjølvtillit. Humoren er skarp og vaksen. Men Aggretsuko og Gudetama er ikkje mindre søte enn Hello Kitty. I japansk populærkultur er det enno det som sel: kawaii.
Bjørkelo har eit svar på kvifor: Det søte og naive blir ein motstand mot det formelle og alvorlege i livet. Motstanden blir nærmast ei salsvare i seg sjølv.
Neo Tokyo, Outland, H&M og andre norske butikkar sel Hello Kitty i fleng.
Foto: Marita Liabø
Nye hakeslepp
1. november fylte Hello Kitty 50 år, noko NRK, BBC, CNN og ei mengd andre mediehus har omtalt.
Sjølv kong Charles valde å gi «ein spesiell person som fyller 50 år» merksemd då keisar Naruhito og keisarinne Masako var på statsbesøk på Buckingham Palace i juni.
– Ho vaks opp i ein forstad i London saman med tvillingsøster si, ho har jobba seg opp som entreprenør, er verd milliardar av dollar og er i tillegg Unicef-ambassadør, sa han og tok ein god kunstpause.
– Eg kan ikkje anna enn ønske henne til lykke med dagen... Hello Kitty.
I høve 50-årsdagen til Hello Kitty gav Time ut eit spesialnummer.
At Hello Kitty ikkje er ein katt, og at ho attpåtil er britisk, har fått mange til å utbryte: «Hæ? Eg har vore hekta på Hello Kitty i alle år, og eg ante ikkje at ho er eit menneske!»
– Hello Kitty kan vere kven du enn vil ho skal vere, svarte Tsuji i eit intervju på Business Daily, der journalist Mariko Oi kommenterte hakesleppet mange har gitt uttrykk for på sosiale medium.
– Ho kan vere søster di, mor di, ho kan vere ei anna deg.
I år er Cinnamoroll, ein hund som blei skapt i 2001, meir populær, påpeika han.
Cinnamoroll har munn og elskar mat.
Fleire og meir mangfaldige figurar gir Sanrio fleire bein å stå på, sa han.
I tillegg satsar Sanrio no på spel og program der barn lærer å lese, skrive og rekne gjennom leik.
Nostalgi
Like før Hello Kitty fylte 40 år, noko som blei feira stort, blant anna på Museum of Contemporary Art i Los Angeles, gav professor i sosialantropologi Christine R. Yano ut boka Pink Globalization – Hello Kitty’s Trek Across the Pacific.
Yano spurde seg korleis ein såpass enkel figur kan bli eit globalt ikon. Ho analyserte seg fram til at clouet er å lage eit produkt som folk blir knytte til fordi det er søtt og uskyldig. Japan, som tener enormt på å eksportere uskyldsprega populærkulturelle fenomen, utøver ei slags mjuk makt.
Slik Yano ser det, er Hello Kitty ein ambassadør for japanske verdiar og normer. I Japan representerer ho noko kvardagsleg. I andre kulturar vil ein kanskje tillegge henne andre verdiar, til dømes feminitet eller eit opprør mot tradisjonelle kjønnsroller.
Hello Kitty tar det første kastet i ein kamp mellom Colorado Rockies og San Francisco Giants i juli 2023.
Foto: Eric Risberg / AP / NTB
I eit intervju på CNN 1. november sa den japanske sosiologen Atsuo Nakayama at kawaiikulturen tok seg opp etter terroråtaket i New York 11. september 2001. Det var som om folk trong noko gjennomgåande fiktivt og søtt.
Hello Kitty-samlarar – rekorden er 7096 produkt – seier at dei finn trøyst og ro i figuren.
– I dag handlar det meir om nostalgi, seier Nakayama i intervjuet.
Det blir som med Mummitrollet, som sel som hakka møkk 80 år etter at det blei til: Vaksne ønsker å overføre interessa til ungane sine. Samtidig blir figurane brukte til å selje dyre vaksenprodukt, som kaffikoppar, til og med kaffitraktarar.
Sex og politikk
På kontoret i Bergen finn Kristian Bjørkelo mykje rart, der han leitar etter Hello Kitty-vibratoren.
– Eg har ein sveivevibrator frå starten av 1900-talet, opplyser han.
– Eg har ein 3D-printa Hello Kitty-slåsthanske. Eg fekk han av ein venn i Forsvaret. Eg har vist han til politiet. Dei syntest han var søt.
– Finst det nokon kultur Hello Kitty ikkje kan få innpass i?
– Eg er ganske sikker på at vi finn henne i Sauda-Arabia òg.
Ein kjapp sjekk viser at du får kjøpt hijabar med Hello Kitty-trykk, og at det finst Hello Kitty-figurar med hijab. Hello Kitty finst som mørk i huda og som blond og bikinikledd. Du finn henne med våpen og med palestinaskjerf, og ho er maskot for baseballaget Los Angeles Dodgers, blant andre.
Lady Gaga, kjend for å bruke Hello Kitty-kostyme, får si eiga Hello Kitty under eit Japan-besøk.
Foto: Shizuo Kambayashi / AP / NTB
I Japan finst det sexhotell med Hello Kitty-rom. Sanrio har neppe godkjent det, men som Bjørkelo seier: Kitty er lett å utnytte fordi designet er lett å tilpasse.
Sjølv viser Bjørkelo eit anatomisk korrekt bilde av henne når han føreles i seksuell historie.
«Ute av kontroll»
– Der har vi han! Skal vi sjå… «For sale in Japan only». Batteriet er dødt. Motoren er uansett for svak. Sånn sett er sveivevibratoren nyttigare enn denne.
– Er det ikkje uetisk å bruke Hello Kitty som sexleiketøy?
– Eg spør heller: Finst det noko ved Hello Kitty som er etisk? Hello Kitty er ei kommersiell, unødvendig merkevare meint for å selje til barn. Samtidig blir ho brukt i porno. Sanrio har vore slepphendt.
Det går ikkje minst ut over ønsket om å minske forbruket i verda, legg han til.
Den japanske estetiske tradisjonen med naivistiske figurar med stort hovud kjem til å leve lenge, trur han.
I førre veke storma folk inn på det japanske nasjonalmuseet for å sikre seg nye Hello Kitty-kunstprodukt som blei presenterte på opninga av jubileumsutstillinga der.
Bjørkelo-samlinga vil truleg vekse, sjølv om han ikkje kjøper noko sjølv.
– Alt er gåver frå venner og familie, studentar, fascistiske portugisiske plateprodusentar... Det renn inn.
Han ler. Men for enkelte er det alvor. For dei har Hello Kitty vore identitetsskapande.
Derfor får du brukte Hello Kitty-Balenciaga-vesker til 45.000 kroner på eBay.
Og FN har valt Hello Kitty som ambassadør for berekraftig utvikling.
Hello Kitty besøker leiarane i Samanslutninga av søraustasiatiske statar (Asean) med følge på ei samling i Tokyo i desember 2023.
Foto: Issei Kato / Reuters / NTB
Eit politisk spørsmål
Dag og Tid spør Framtida i våre hender kva dei tenker om at verda er full av Hello Kitty-saker.
– Det er eit politisk spørsmål, seier leiar Anja Bakken Riise.
– Overforbruk må løysast med politikk og leiarskap. Viss politikarane vågar, kan dei gjere snevre pengeinteresser uviktige. Klimautvalet seier det best sjølv: Når politikarane tar avgjerder, må dei ha som utgangspunkt at ressursane er knappe. Det må vi halde fast ved, særleg når det ser ut som politikarane treng hjelp til å vise leiarskap.
Ho viser til gruvedrift på havbotnen. Stoppar vi det, er det eit steg i rett retning, seier ho.
– Vi må sjå slike saker i samanheng med overforbruket. Det er viktigare enn siste påfunn frå selskap som Sanrio.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Han heitte John Guillot, men skifta namn til Johnnie Allan og blei pub- rockar.
Arkivet: For tida framstår ikkje USA som det lova landet, men hausten for 50 år sidan var Elvis Presley på hitlistene i USA og England med «Promised Land»
Mogleg trasé for jarnbane mellom Narvik eller Bjørnfjell til Tromsø.
«Tanken om å realisera tog til Tromsø gjennom Sverige er på ingen måte ny.»
Daniel Sommer, Johannes Lundberg og Arve Henriksen.
Foto: Kristin Lidell
Fint nordisk samarbeid
Her er det ikkje spor av langhalm.
Polakkane er skumle bridgespelarar. Her frå avslutningsseremonien under World Bridge Games i Buenos Aires nyleg.
Foto: Poli Zolto / World Bridge Federation
Dąbrowskis masurka
For to veker sidan vann Polen gull i det som uformelt blir kalla bridgens olympiade, i Buenos Aires.
Snart heime: Denne gjengen er klar for å kome heim – fulle av feittsyrer dei har sikra seg i fjellet.
Foto: Siri Helle
Geografisk heimehøyrande lam
Problema oppstår med papirarbeid og pellets.