Kunstnaren som berre ønskte å bli elska
Få år før han døydde, sa kunstnaren Kjartan Slettemark: «Jeg har skapt disse tingene for å bli elsket. Og for å kunne elske meg selv.» No har han fått ein biografi som langt på veg syner at dette er sant.
Kjartan Slettemark tek imot Norsk kulturråds ærespris for 2001.
Foto: Knut Fjeldstad / NTB
Med boka Kjartan Slettemark. Kunsten å bli sett har Anders Gjesvik gitt kunstnaren som i fleire år var Noregs mest utskjelte, eit portrett som hentar fram mange aspekt av ein høgst original kunstnarskap og eit merkeleg kunstnarliv. Det kosta tid og kamp å vinne forståing og gjennomslag, aller mest i heimbygda Naustdal. Der var motstanden hard og langvarig, men den endelege sigeren desto søtare.
– Trur du at kunsten, og måten han skapte han på, var det einaste alternativet Kjartan Slettemark hadde?
– Eg sit med ei oppleving av at han ikkje hadde noko val, at kunsten var den einaste vegen han såg. Svært fomlete i ungdommen, men så tek dette til å utkrystallisere seg som vegen han kunne gå. Eg trur ikkje det hadde med medviten berekning å gjere, snarare sprang det ut av eit litt intuitivt behov.
– Drivkrafta i livet hans var å bli sett, i betydninga å bli elska.
Som ung drøymde Anders Gjesvik (1960) om å bli biletkunstnar, men innsåg tidleg at talentet ikkje strekte til. Så blei det journalistikk i staden, og som reporter for Dagens Næringsliv intervjua han Slettemark første gong i 1995. Der blei journalisten fasinert av eit portrett av kong Harald, i form av ei klorflaske snudd på hovudet. Ti år seinare laga han eit større portrettintervju med kunstnaren og var saman med han i atelieret hans i Stockholm ein heil dag. Nokre år etter det tok Gjesvik mastergraden i journalistikk, og i dag er han førstelektor ved journalistutdanninga i OsloMet.
– Lenge har tanken murra i bakhovudet mitt at denne kunstnaren fortente ein biografi.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.