JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Kyrkjeforvirring i Bygland

Bygland er ein kommune på Agder. Han har under 1200 innbyggarar, og det har vore minkande folketal i mange år. Men noko vert det ikkje færre av: kyrkjebygg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Austad kyrkje, som no er stengd.

Austad kyrkje, som no er stengd.

Foto: Olav Grendstad

Austad kyrkje, som no er stengd.

Austad kyrkje, som no er stengd.

Foto: Olav Grendstad

5140
20240412
5140
20240412

I Bygland kommune er det heile seks kyrkjebygg: fire kyrkjer, eit kapell og eit klokketårn. Det er ikkje så lett med alle desse kyrkjebygga. Det kostar å halde dei opne, dei har små kyrkjelydar, men det mest utfordrande er kan hende namna.

Dette fekk sjølve biskopen erfare på visitas, han som er øvste leiar for verksemda i alle desse bygga. På eit kveldsmøte i Bygland skulle han seie at han kom attende til sundag for å ha gudsteneste, og sa det skulle vere i Åraksbø kyrkje. «Sandnes», vart det ropa frå salen. «Orsak», sa biskopen, «gudstenesta skal vere på Sandnes.» «Nei, ikkje på Sandnes, i Åraksbø», vart det ropa frå salen. «Ja, i Åraksbø i Sandnes», sa biskopen. «Nei, nei, nei», sa det frå salen, og så måtte leiaren i soknerådet kome inn og avklare.

Saka er den at Sandnes kyrkje i 1935 vart flytt frå Sandnes til Åraksbø av di det var der dei aller fleste i soknet då budde. Men sjølv om ho vart flytt, skifta ho ikkje namn. Difor ligg Sandnes kyrkje i Åraksbø. Det er altså ikkje noko som heiter Åraksbø kyrkje.

Etter at den gamle kyrkja vart flytt frå Sandnes, kom det opp ei ny, mindre kyrkje på staden. Men den kunne sjølvsagt ikkje heite Sandnes kyrkje. Sidan det er ei mindre kyrkje, fekk ho difor namnet Sandnes kapell. Så det er altså to kyrkjebygg i Bygland som heiter Sandnes. Kapellet ligg på Sandnes, medan kyrkja ligg i Åraksbø.

Interiør frå Austad kyrkje.

Interiør frå Austad kyrkje.

Foto: Olav Grendstad

På Tveit ligg det òg ei kyrkje, men ho heiter ikkje Tveit, men Austad. I samband med oppføring av ny kyrkje i 1880 vart kyrkjestaden flytt frå Austad til Tveit, men namnet på denne kyrkja vart heller ikkje endra.

På Austad kom det òg opp eit nytt kyrkjebygg etterpå, men det er ikkje ei heil kyrkje. Det vart oppført eit klokketårn, som det var meininga etter kvart skulle verte til eit kapell. Men så kom ein ikkje lenger. Det heiter likevel Austad kapell, men det er i utsjånaden berre eit klokketårn. Men det kan brukast som kapell. Uansett, det ligg i alle høve på Austad.

«Har ein bygga opne, er det så lite folk at det mest er stilt, og vil ein stengje, vert det bråk.»

Årdal kyrkje låg i Årdal, men det gjer ho ikkje lenger. Då trur du kan hende at kyrkja er flytt, men det er ho ikkje. Her ligg kyrkja på same staden som ho alltid har gjort, men her er stadnamnet vorte borte. Namnet Årdal gjekk ut av alminneleg bruk i mellomalderen, då garden Årdal, som kyrkja er oppkalla etter, vart delt opp og gardsnamnet forsvann. No ligg kyrkja i Grendi, eller Grenda, som er den lokale seiemåten. Men ho vert uansett framleis heitande Årdal kyrkje, og soknet heiter framleis Årdal. Men det er ikkje noko namn på kartet, berre på kyrkja.

Den einaste kyrkja som har same namn som staden der ho ligg, er Bygland kyrkje. Det er då godt, sidan det er hovudkyrkja. Dessutan er sjølve Bygland kommunesenteret og vert difor nemnd kyrkjebygda.

Bygland kyrkje ligg altså i Bygland kyrkjebygd. Men heller ikkje her er det utan mogeleg ugreie. Her må folk som talar bokmål, vere merksame, for om dei seier Bygland kirke og ikkje Bygland kyrkje, vil nokre lokale målfolk seie at Bygland kirke ikkje ligg i Bygland kyrkjebygd. Ho ligg i Bygland, ja, men ikkje i Noreg, men i USA, i tettstaden Bygland i Minnesota, der det ligg ei kyrkje som vert nemnd Bygland kirke. Soleis er det. Er det ikkje noko med stadnamnet, er det noko med byggnamnet, eller med noko anna.

Klokketårnkyrkja (Austad kapell).

Klokketårnkyrkja (Austad kapell).

Foto: Geir Daasvatn

Alle desse kyrkjene i Bygland kommune har vorte haldne opne, trass i stadig minkande folketal og kyrkjelydar, heilt fram til no. No er Austad kyrkje på Tveit nemleg stengd. Ikkje på grunn av at det ikkje var nokon som ville ha ho open, men av di det elektriske anlegget ikkje vart godkjent av brannvesenet.

Det vart det bråk av. Eit påskot til å stengje, meinte folk. Men heilt stengd er ho ikkje. Unntak vert gjeve når det er tale om konfirmasjon eller gravferd. Det vert nok truleg mest av det siste. Dei fleste, eller rettare sagt dei fleste av dei få, i kyrkjelyden er nemleg for lengst konfirmerte.

Det er litt synd at akkurat denne kyrkja vert stengd, av di ho har ein heilt framifrå akustikk. Det har vorte stadfesta av fleire musikarar som har spelt i ho. Så no er dei kyrkjebygga i Bygland som har dårlegast akustikk, framleis opne, medan den som har best akustikk, er stengd. Det høyrest ikkje bra ut.

Eit kyrkjebygg er til for at folk skal finne ro, glede, trøyst og von, men det er ikkje så lett i Bygland. Det vert på ein måta ulage same kva som skjer, og jamvel òg om det ikkje skjer noko i det heile.

Har ein bygga opne, er det så lite folk at det mest er stilt, og vil ein stengje, vert det bråk. Men når det no fyrst er bråk, kvifor ikkje nytte høvet til å gje kyrkjene namn etter staden dei ligg på, og opne opp att Austad kyrkje som Tveit kulturkyrkje? Bygland har nemleg ikkje eit einaste kulturhus.

I så høve må ho fyrst verte avvigsla, og det er det vel biskopen som må gjere, om han finn fram til rett kyrkje, då.

Olav Grendstad

Olav Grendstad er scenekunstnar, omvisar og kafévert på Stoga i Bygland.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis