Lillebjørn vart norsk folkeeige

Lillebjørn Nilsen er eit framifrå døme på at di meir lokal diktinga er, di meir universell kan ho verta, og di fleire kan ho nå.

Lillebjørn Nilsen fotografert under tildeling av St. Hallvard-medaljen i Oslo Rådhus i 2017.
Lillebjørn Nilsen fotografert under tildeling av St. Hallvard-medaljen i Oslo Rådhus i 2017.
Publisert Sist oppdatert

Då Lillebjørn Nilsen (1950–2024) steig fram som visesongar, markerte han seg som ein av fleire i den norske «visebylgja» kring 1970-talet. Eg opptredde fleire gonger saman med han, og vi treivst bra i lag. Han vart snart ein populær artist som gav ut ein straum av plater, heile tida med fokus på at hovudstaden var hans «plass på jorda».

Lillebjørn vart norsk folkeeige, og han turnerte også utanlands. Meir enn ein bytrubadur var han ein Oslo-trubadur, lokalisert til Alexander Kiellands plass. Han er eit framifrå døme på at di meir lokal diktinga er, di meir universell kan ho verta, og di fleire kan ho nå.

Plateselskapet Grappa planla ein omfattande plateboks med hans innspelingar. Eg vart beden om å skriva ein større artikkel om heile Lillebjørns produksjon, som skulle inngå i CD-boksen Stilleste gutt på sovesal 1. Det vart til saman 10 soloalbum, frå debuten Tilbake (1971) til Nære Nilsen (1993) – alle platetekstane følgde med dei ulike CD-heftene.

For min del gjekk seinsommaren og tidleg haust med til at eg lytta meg gjennom heile livsverket, som eg kjende ein del av frå før, men ikkje alt. Eg sat i Nice i Frankrike, lytta og skreiv, teksten vart godkjend av Helge Westbye på Grappa, CD-boksen vart lansert i Oslo på Lillebjørns 60-årsdag 21. desember 2010. Seinare inngjekk min tekst i essaysamlinga Kánon/ kannon/ kanón (2016).

Det er stas når Svein Gjerd­åker spør om å få trykkje han opp att som eit minneord om Lillebjørn Nilsen i Dag og Tid. Vår trubadur hadde, som vi veit, eit levande tilhøve til det nynorske språket.

Det er imponerande at Lillebjørn Nilsen, som ikkje gav ut noka ny plate dei siste 30 åra av livet, heldt fram med å vera like populær alle dei åra. Han visste å halda kontakt med publikummet sitt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement