JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

– Gjer folkeopplysinga great again!

Vi kan ikkje leve i ei verd der vi ikkje tek inn over oss dei perspektiva som faktisk finst der, meiner Ayesha Wolasmal. Ho har skrive bok om røynslene sine i Afghanistan.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ei kvinne går forbi ein venleikssalong med vindaugsdekorasjonar som har vorte øydelagde. Taliban forbyr slike salongar for kvinner. Kabul i Afghanistan, 2021.

Foto: Bernat Armangue / AP / NTB

13168
20240705
13168
20240705

Litteratur

jan.h.landro@gmail.com

36-åringen, som er syster til NRK-korrespondenten Yama Wolasmal, har i det stille gjort internasjonal karriere med innsatsen sin i Afghanistan og Midtausten. Først som soldat i den norske styrken og i ambassaden i Afghanistan, sidan for FN, og dei siste fem åra med kvinnehelse og vaksinar for afghanske kvinner og born på oppdrag for den globale partnarskapen mot polio.

Ayesha Wolasmal har arbeidd med kvinne- og barnehelse i Afghanistan sidan 2019. I 2021 fekk ho Ingrid Aunes minnepris for den ekstraordinære innsatsen som hjelpearbeidar i Afghanistan og andre konfliktområde.

Foto: Sturlason / Kagge Forlag

Begge foreldra var frå Afghanistan, dei flykta på grunn av politisk forfølging. Ayesha er fødd og oppvaksen på Grünerløkka i Oslo, men far hennar sytte for at borna blei grundig førte inn i afghansk historie, språk og kultur. Ho vedgår at denne bakgrunnen har vore sterkt styrande for dei vala ho har teke som vaksen.

– Kva er det som driv deg i arbeidet ditt?

– Å vere i stand til å løyse og handtere problem. I arbeidet å syte for at fleire born i Afghanistan får tilgang til vaksinar, at fleire kvinner har helsetilbod som er nær dei og gode nok for dei. Det gir ein kombinasjon av å jobbe på bakken, med heilt konkrete løysingar, samstundes som eg har eit overordna mål om å formidle røynslene mine.

– I Tusen dager med Taliban skriv du om augustdagane i 2021 då Taliban vann tilbake makta i Afghanistan. Medan andre vestlege land jobba på spreng for å evakuere eigne borgarar, verka norsk UD meir opptekne av å gøyme seg bak offisielle reiseråd?

– Dette handlar ikkje berre om norske borgarar, men i stor grad òg om afghanske menneskerettsaktivistar, som vi gjerne trykte til brystet når det gav politisk gevinst. Det må vere råd å ha denne samtalen utan at han går over i ein ekkel asyldebatt. Dette handlar ikkje om å opne grensene, men å ta inn dei vi har pusha opp og fram, og som har teke stor risiko på vegner av eit felles prosjekt.

Tilsvarande gjeld for palestinarar som har jobba for norske prosjekt i Gaza.

– Desse går ei svært uviss tid i møte. Dei ser på Noreg som eit føregangsland som gjer mykje rett, men når det er spørsmål om å opne dørene for denne vesle gruppa menneske, er vi svært restriktive. Dette gjer noko med truverdet vårt som alliert. Noreg bør ta større ansvar; amerikanarane er i ein heilt annan liga når det gjeld å ta vare på dei som har arbeidd for amerikanske interesser.

Kor opne er vi?

Wolasmal er oppteken av politisk endring og av at folk snakkar saman både på individ- og samfunnsnivå. Ho bekymrar seg for at samtalene føregår på digitale plattformer i ei tid der behovet for mellommenneskeleg kontakt blir stadig større.

– Vi må gjere folkeopplysinga great again, det er mitt store prosjekt. Vi må tilbake til den gamle folkemøtemodellen og gjere vanskelege samtaler tilgjengelege for eit breiare publikum. For meg er Afghanistan ein case-studie for å snakke om dei store konfliktane vi står oppe i, især Israel og Palestina, Russland og Ukraina.

I ei djupt polariserande verd som vår er det svært krevjande å observere verda. Dei heilt konkrete røynslene i møte med Taliban og folk som har ulike verdisyn, trur Ayesha har gitt næring til den delen i henne som kanskje har hatt svært sterke meiningar og teoriar om korleis ting bør gjerast.

– Eg har lenge nok vore del av det internasjonale samfunnet, der dei snakkar om «lessons learned», men ikkje handlar ut frå lærdomane. No ser eg ei endring, politisk, i måten vi behandlar Israel–Palestina-spørsmålet på. Det gir meg håp. Eg er overtydd om at folk i Noreg er interesserte i utanrikspolitikk. Men då må vi som formidlar denne politikken, klare å skape assosiasjonar som folk flest kan relatere til, seier ho.

– Folkeopplysing er så undervurdert, men det er noko av det viktigaste vi kan drive med for å byggje eit motstandsdyktig samfunn. Vi snakkar om militær opprusting, som er svært viktig, men vi må òg gjere samfunnet motstandsdyktig elles.

– Du skriv, etter at du nekta å tolke for ein aggressiv amerikansk offiser: «I motsetning til NATO-koalisjonen var jeg tydelig på hvor min røde linje gikk.» Kva ligg i dette?

– Vi har ikkje vore kritiske nok til å klare å løfte denne samtalen opp på nivået han fortener. Vi er i ein koalisjon med allierte som har eit heilt anna forhold til krigens folkerett og middel, til kva ein kan og ikkje kan gjere. Amerikanarane har vedgått bruk av tortur i afghansk samanheng. Dei har altså hatt desse samtalane. Men kor ofte har vi snakka om kva vi er med på? Dersom vi meiner at vi er i allianse med andre demokratiske land, bør vi i alle fall klare å løfte fram dei debattane. I det minste bak lukka dører, seier ho.

– Vi er på topp i alle undersøkingar om openheit, demokrati og tillit, men det vi ikkje snakkar om, er den andre forma for openheit – som handlar om utanrikspolitiske vegval, dei prosessane vi er med på, og kostnadane ved å stå i ein allianse med ulike land med ulike mål og ulike verktøy for å nå dei måla. Blant gode nok venner skal ein kunne drøfte metodar og tilnærmingar i krig.

Hamas og Taliban

I boka skriv Wolasmal om Doha-avtalen frå 2020 – fredsavtalen mellom Trump-administrasjonen og Taliban. Ho hevdar at det var viktigare for president Trump og amerikanarane å få slutt på krigen i Afghanistan av omsyn til USAs interesser enn av omsyn til det afghanske folket.

– For meg er Doha-avtalen også eit eksempel på noko vi bør unngå, men som er relevant i spørsmålet om Israel og Palestina. I kampens hete klarer ikkje alle å tenkje på den politiske prosessen som må komme på eit eller anna tidspunkt etterpå. Vi klarer i alle fall ikkje å sjå for oss at Hamas skal vere ein del av løysinga, slik vi i den tidlegare fasen av krigen heller ikkje tenkte at Taliban skulle vere ein del av ei politisk løysing. Men då det blei tale om politiske samtalar, blei alt snudd på hovudet. Under Doha-samtalane var Taliban den einaste aktøren vi då heldt oss til, ikkje den afghanske republikken.

Desse lærdomane meiner Wolasmal bør forme tankane våre om korleis vi skal snakke om ein politisk forsoningsprosess og ein politisk dialog i Palestina. Dei som trur at Hamas blir borte, er historielause. Og dei som trur at Hamas ikkje vil eller skal eller bør vere ein del av ei framtidig politisk løysing, lurer seg sjølve – og opinionen, seier ho.

– Afghanistan er den lengste krigen vår, 20 år. Der eksperimenterte vi med alle slags statsbyggingsteoriar, bistandsteoriar, sivilmilitært samarbeid, bygging av eit sivilsamfunn. Alt som utgjer ein freistnad på å byggje eit demokrati, det dreiv vi med i Afghanistan. Difor meiner eg det er ekstremt relevant å nytte desse røynslene i dei konfliktane vi no står overfor. Også i samtalen om Russland og Ukraina. Kvar vil dette ende, og korleis kan vi avgrense skadeomfanget?

Kan ikkje sleppe taket

Det gjekk ikkje mange veker frå Ayesha Wolasmal flykta frå det «nye», Taliban-styrte Afghanistan til ho vende attende. Ho klarer ikkje å sleppe taket, lyder hennar eiga forklaring, for ho ser at behovet ikkje blir mindre om organisasjonen ho arbeider for blir borte.

– Slik eg er skrudd saman, hadde eg ikkje noko val – sjølv om eg driv med ei form for ekstremsport. Alle dilemmaa eg møter i løpet av ein arbeidskvardag, handlar om at eg heile tida må ta medvitne val, verdival og andre, også i møte med menneske som i verdispørsmål står veldig langt frå meg. Når vi sit på kvar vår side av bordet og freistar komme til semje, er det aller viktigaste å utforske verdsbileta til kvarandre.

– Å oppsøkje situasjonar der du veit at motparten har sterke religiøse og politiske argument for sitt verdssyn og sine røynsler, er svært krevjande. For meg blir det eit poeng å gå inn med mine røynsler, mitt verdssyn, min politiske, religiøse og åndelege realitet, i håp om å kunne møtast over noko vi kan bli samde om.

– Alle forum er potensielle forum for meg til å løfte fram det som er viktig. Men det krev kløkt, forståing av omgivnadene. Du må sjå kven motparten er, om han er lyttande eller berre vil la seg provosere. Eg opplever ikkje meg sjølv som ein provokatør, men som ein aktør.

– Dysfunksjonelt FN

– Kan hende det farlegaste vi ser i Israel–Palestina-konflikten, er ein svært sterk, gjensidig motstand mot å forstå motparten. Eg skjønar refleksen, for dette er så eksistensielt for båe partar. Mine vegar skilst med både Hamas og den israelske staten i løysingane dei vel. Men grunntanken og kjenslene som gjer at denne fiendskapen held fram, er ikkje vond å forstå.

– Slik du skildrar det, skulle Taliban ikkje berre drive Vesten ut av Afghanistan, men også ut av menneskesinnet. Det er ganske sterkt?

– Dette gjeld ikkje berre kvinner, for landet har no eit stort guteproblem, som får lita merksemd. I det ekstremt konservative Afghanistan – med rigide kjønnsroller, der menn alltid kjem til å sitje med makta i alle samanhengar – fører nullstillinga Taliban driv, til at ein generasjon vil vekse opp som arvar den strukturelle og systematiske kvinnefiendskapen. Gutar og menn blir tvinga inn i usunne mannsroller bygde på farlege maskulinitetsprinsipp.

– Du skriv om dei som snakkar «stammespråket» til FN, men ikkje veit noko om menneska dei vil nå. Er det eit stort problem i internasjonalt hjelpearbeid?

– Det er om lag slik som ulike PR-byrå i Noreg fungerer. Politikarar slit med å finne ut korleis dei skal løyse ein konflikt i eit eller anna distrikt. Så hyrer dei inn PR-byrå som ikkje nødvendigvis har den lokale kompetansen. Det er det som har skjedd i ein mykje større skala i Afghanistan. Vi har brukt enormt mange bistandsmidlar på dårlege prosjektråd, seier ho.

– For meg er det vanskeleg å vere optimistisk med eit FN som er så dysfunksjonelt. FN er ein slags parallell stat i land som Afghanistan, for midlar blir gitt til FN, som så skal sørgje for å byggje det eine og det andre. Og dei har så tungrodde prosessar og byråkrati at dei blir ein del av problemet. Kanskje ein i staden skulle tenkje på å byggje lokale kapasitetar. Kvifor har vi i løpet av tjue år halde oss med ein modell der vi er heilt avhengige av FN som premissleverandør og leverandør av prosjekt og ulike tenester? Kva med privat sektor? Kva med lokale organisasjonar? Kva skjer med kapasitetsbygging?

– Du høyrer at du bannar i kyrkja no?

– Ja, ja. Og det finst jo FN-organisasjonar som er meir operative. Men FN treng ein ordentleg gjennomgang av kvar organisasjon, ein gjennomgang som gjer FN ansvarleg overfor dei som kvart år løyver store pengar til dette systemet. Korleis kan vi forbetre det tungrodde maskineriet? Er det også tid for å vurdere kor eigna folk er til posisjonane og oppgåvene dei har fått?

Rigide meiningar

I boka fortel forfattaren om det som truleg var eit amerikansk bombeåtak mot eit hus, der ein familie på ni menneske blei utsletta fordi to ettersøkte Taliban-kommandantar visstnok skulle ha gøymt seg på eigedommen. Det minner sterkt om Israels grunngiving for å bombe palestinske skular og sjukehus i Gaza. Wolasmal ser sjølvsagt parallellen.

– Afghanistan er ikkje i nærleiken av å vere så alvorleg som krigføringa vi ser i Gaza. I Israel er det så akseptert at det kan gå med hundre sivile for kvar kommandant som blir teken. Dei har ein eigen kalkyle, ein eigen krigslogikk på steroid. Gaza kan vi alle følgje live, 24 timar i døgnet, men vi maktar ikkje setje ein stoppar for det.

– I løpet av dei siste 8-9 månadene er det blitt sleppt langt fleire bomber der enn dei første åra i Afghanistan. Det fortel litt om omfanget og kompromissløysa, men også at vi står som observatørar. For meg er det samstundes eit stort demokratisk problem at folk i Noreg ikkje har peiling på kva vi var med på i Afghanistan. Her har ikkje minst norske medium svikta i å løfte fram fakta og i staden køyrt på konsensusmaskineriet.

– Du ser også ein parallell mellom krigføringa i Afghanistan og Ukraina?

– Eg vil helst tru at så lenge vi held fram med å gi våpen, vil vi klare å snu utviklinga på slagmarka. Men resultatet om 10–15 år vil truleg vere at vi tenkjer at det gjekk jo ikkje slik vi trudde. Krig er utmattande – anten du er ukrainar, amerikanar, afghanar eller nordmann.

– Krigstrøyttleiken slår alltid inn, og vi har å gjere med ein aktør som verkar så besett og så kompromisslaus i krigføringa og viljen til å la dette halde fram, at ingen pressmiddel fungerer. Ukraina bør og skal og må få alt dei treng for å byggje opp att infrastrukturen slik at folk får tilgang til grunnleggjande tenester. Men i eit land med mykje korrupsjon er kontrollmekanismar viktig. Det vi lære frå Afghanistan! Tilgang til store ressursar gjer noko med folks evne til å forvalte dei ressursane.

– Så skremmer det meg at dei blant oss med den høgste utdanninga er blitt så rigide i sin forsvars- og tryggleiksanalyse av situasjonen i Ukraina at når andre røyster vil stille spørsmål, blir dei gitt merkelappar. Det eg seier, kan lett føre til at eg blir stempla for å springe Putins ærend, noko eg sjølvsagt ikkje gjer. Men vi kan ikkje leve i ei verd der vi ikkje tek inn over oss dei perspektiva som faktisk finst der. Vi treng ikkje vere samde, men vi må vite kva som ligg til grunn for tankegodset.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

ØkonomiSamfunn

Ser ei slagside i direktoratet

Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.

Per Anders Todal

Politiet har sperra av eit område etter at ein 16 år gammal gut har skote to personar, ei småbarnsmor og ein småbarnsfar, i bustaden deira i eit villaområde i Västberga i Stockholm i oktober i fjor. Mannen mista livet, medan kvinna slapp med livstrugande skadar.

Foto: Nils Petter Nilsson / TT / NTB

Samfunn

Rekordlang straff etter trippeldrap

To svenske tenåringar vart førre veke dømde til 10 og 12 år i fengsel. Dommen viser kva rolle mindreårige speler i kriminelle nettverk. Og at dei kan verte straffa hardt.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis