– Solidaritet er viktig, men vanskeleg
Etter tjue år borte flytta Mikael Niemi tilbake til heimbyen Pajala med kone og son. Sidan har Norrbotten blitt hovudkjelde for romanane han skriv, som den ferske Stein i silke.
Mikael Niemi er oppvaksen i Pajala, og der bur han framleis.
Anette Karlsen / NTB
Samandrag
Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP
Litteratur
jan.h.landro@gmail.com
I Pajala, ein småby med om lag 2000 innbyggjarar heilt på grensa til Finland, vaks han opp, dit har han vendt attende, og der har 64-åringen tenkt å leve resten av livet. Tema å skrive om saknar han ikkje, det er snarare tale om kor mange bøker han greier å få frå seg innan tida hans på jorda er omme.
– Det finst ikkje så mange forfattarar her oppe, dei yngre flyttar gjerne sørover. Eg kjenner ansvar som ein av dei få som kan fortelje om Pajala, og då vil eg gjerne gjere det. Historia her kjenner eg så vel, eg har treft mange av dei som kjenner og fortel om fortida – og då blir historia levande. Også mi eiga slekt var innblanda i konflikten eg skildrar i Stein i silke.
No er han i gang med ein ny roman, men vil ikkje seie eit ord om kva det skal bli.
Niemi fortel at heile Pajala kommune har 5800 innbyggjarar, dei fleste er pensjonistar. Lenge heldt staden på å døy ut, men så blei ei jernmalmgruve opna. Det skapte arbeidsplassar og gjorde at fleire av dei yngre blei verande. I dag er det mangel på arbeidskraft, snarare enn lediggang, som pregar den vesle byen. Der det meste før handla om småbruk og skogsarbeid, dominerer no gruveverksemda.
Vegkonflikt
Hovudhistoria i Stein i silke handlar om ein lokal vegkonflikt som utløyste ein heftig streik i 1930–1931 og så å seie skapte om samfunnet der. Dei mektige ville ha veg, og jobben skulle dei arbeidslause gjere – med så låg løn som råd.
Slik oppstår strid mellom rike makthavarar og fattige torparar, mellom sosialistar/kommunistar og konservative og innetter i familiar. Sjølv om det er ein roman han har skrive, der berre nokre få historiske personar opptrer med sine rette namn, strekar Niemi under at det han skriv om den store streiken, i hovudsak byggjer på fakta.
– Det meste er autentisk. Eg har dramatisert litt, men hendingane er korrekte. Eg byggjer på avisartiklar og -intervju, bøker og mange dokument. Så har eg freista setje meg inn i situasjonane, tenkt korleis det må ha vore. Og brått kom lukter og røyster til meg, det blei som ein film, seier han.
– Det vanskelege var å gjere roman av stoffet, få personane til å leve og forteljingane til å henge i hop. Det tok meg fem år, det største arbeidet eg har lagt ned i ein roman. Boka er dels eit vitnemål frå forfedrane våre om det harde arbeidet og det strevsame livet deira.
Ideologi
– Fattigdommen og elendet du skriv om, var vel høgst reelt?
– Absolutt. Tilhøva var verre enn eg skildrar, det verste tok eg bort. I dag gløymer vi at mangel på mat ikkje var det einaste problemet; sjukdom – især tuberkulose og polio – og høge barnedødstal var forferdeleg.
Niemi seier at han har freista fange dei historiske motsetningane ganske korrekt.
– Ideologiar av ulike slag interesser meg sterkt, og denne boka handlar om korleis vi formar samfunnet vårt – korleis får vi eit fungerande samfunn, perfekt blir det jo aldri. På 1930-talet var Pajala eit ikkje-fungerande, føydalt, høgrestyrt, konservativt, alderdommeleg samfunn som var umoderne og heilt i utakt med resten av Skandinavia, der arbeidarrørsla for lengst hadde komme.
– Målet må vere å skape balanse mellom kapital og arbeidarar, ved at usemje blir løyst gjennom diskusjon, dialog og forhandlingar, der ein forstår synspunkta til kvarandre. Noko slikt fanst ikkje i Pajala anno 1930, seier han.
– Men det er dette den nordiske velferdsstaten er bygd på, den som gir stabilitet og velstand – til både kapitaleigarane og arbeidstakarane.
Forfattaren fortel at den raske og dramatiske endringa for knappe hundre år sidan skapte sår som framleis finst i Pajala. Mange av dei politiske og religiøse motsetnadene som oppstod då, lever vidare i det Niemi karakteriserer som ei hard ideologisk stemning. Til dømes finst to sosialdemokratiske parti i kommunen som motarbeider kvarandre så mykje dei kan. Til skade for samfunnsklimaet.
– Ligg det ikkje ein roman også i desse konfliktane?
– Jo, mange romanar, men eg har ikkje så mange år att.
Ytre sett er konflikten Niemi skildrar, ein kamp om kroner og øre. Men det gjeld noko større: retten til å organisere seg og retten til å forhandle om eiga løn. For somme spelte også eit anna moment ei viktig rolle: fridomslengten, draumen om å frigjere seg frå fattigdommen og kanskje kunne realisere høgre ambisjonar. Forfattaren trur at revolusjonen låg nær i Sverige i mellomkrigstida, meir enn i Noreg.
– Det går slett ikkje bra for alle i romanen. For meg var det viktig å syne at dette ikkje er noka paradisisk forteljing. Det finst inga enkel løysing som gjer at alt kan ende godt. Og fridomslengten har truleg funnest i alle menneske til alle tider, men berre nokre heilt få har fått høve til å realisere han. Som ung utdanna eg meg til teknikar, for å ha ein reserveplan om eg ikkje skulle lukkast som forfattar – som heile tida var det eg ville.
– Har du ressursar, finn du alltid vegar.
Mikael Niemi, forfattar
Streikebrytaren
– Kollektivromanen synest ha sterk appell til deg?
– I dei to siste er det slik, det har nok med alderen å gjere. Som ung forfattar skriv ein mykje om seg sjølv, byrjar med å vilje forstå sine indre konfliktar og motsetnader. Men med alderen interesserer eg meg meir for det som ligg utanfor meg sjølv. Eg ser meg ikring i samfunnet og attende i historia, merkar at eg blir meir oppteken av det kollektive: Korleis har vi blitt som vi er? Her i Skandinavia har vi jo hatt ei fantastisk historisk utvikling.
Han seier at far hans er eit godt døme på dette.
– Han var fødd i fattigdom, dei var ti born og hadde ikkje pengar til høgre utdanning. Parallelt med samfunnsutviklinga kjempa han seg fram til rikdom – han fekk sitt eige hus, sin eigen bil og kunne sende borna sine til kva skule han ville.
Noko av det Niemi reagerer på i historia om streiken, er korleis læstadianarane i Pajala tok stilling mot arbeidarane i vegkonflikten. Presten, diktaren, etnografen og økologen Lars Levi Læstadius (som han skreiv om i romanen Koke bjørn, som er filma og kjem som TV-serie i seks timelange avsnitt) stod alltid på dei fattige si side og arbeidde for at dei skulle få utdanning. Hadde han levd på 1930-talet, trur Niemi at han kanskje hadde støtta arbeidarane. I Nord-Noreg fanst ingen slik motsetnad mellom læstadianarar og arbeidarar, så Niemi trur at dette var noko særeige for den svenske Tornedalen.
– Det kan verke som Algot, som bryt ut av familiefellesskapen og blir streikebrytar, har di forståing og din sympati?
– Heilt klart. I alle bøkene mine freistar eg forstå menneska mine, også dei som er svært ulike meg sjølv. Elles blir dei platte. Algot er ein positive figur med fine draumar og eigenskapar. Hans energi og skaparglede har eg sjølv. Eg forstår fridomslengten og farsopprøret hans. Det handlar jo også om puberteten, han vil bli ein fri mann, finne ein veg ut av fattigdommen. Og då vel han kanskje litt feil.
Heilt avgjerande
I Pajala fanst det ei djup splitting mellom arbeidarane.
– Ikkje alle stod på sosialdemokratiets side, somme blei i staden streikebrytarar. Og det ville eg ha med i boka. Lesarane skal få tenkje vidare: Kva ville eg ha valt? Solidaritet er viktig, men vanskeleg.
– Er det fattigdommen eller streikekampen eller båe som bryt ned familien til hovudpersonane?
– Det er nok fattigdommen. Har du ressursar, finn du alltid vegar. Eg trur at fattigdom verkeleg kan øydeleggje samfunnet djupast nede. Især om ein lever i eit samfunn prega av ulikskap, der ein sjølv ingenting har og ser at naboguten har noko ein sjølv aldri vil kunne få. Utan ein viss likskap risikerer vi revolusjon.
– Sett i ettertid: Kor viktig vil du seie at denne vegstreiken var?
– Resultatet av streiken var heilt avgjerande for samfunnet vårt, det er difor eg har vilja skildre han. Streiken representerte eit brot frå eit gammalt føydalt samfunnssystem til det moderne etterkrigssamfunnet som vi har no. I resten av samfunnet tok denne utviklinga kanskje 30–40–50 år, i Pajala skjedde det på to år, så konsentrert. Og når denne endringa var driven igjennom, kunne ho aldri gjerast om. Ei kløft var passert, og det var uråd å gå tilbake.
Fleire artiklar
Foto via Wikipedia Commons
«Ørjasæter var fyrst god ven med diktarbroren sin frå Gudbrandsdalen, men så fekk han høyre ting om Aukrust som skar han 'gjenom hjarte som eit tvieggja sverd'.»
Han heitte John Guillot, men skifta namn til Johnnie Allan og blei pub-rockar.
Arkivet: For tida framstår ikkje USA som det lova landet, men hausten for 50 år sidan var Elvis Presley på hitlistene i USA og England med «Promised Land»
Mogleg trasé for jarnbane mellom Narvik eller Bjørnfjell til Tromsø.
«Tanken om å realisera tog til Tromsø gjennom Sverige er på ingen måte ny.»
Daniel Sommer, Johannes Lundberg og Arve Henriksen.
Foto: Kristin Lidell
Fint nordisk samarbeid
Her er det ikkje spor av langhalm.
Polakkane er skumle bridgespelarar. Her frå avslutningsseremonien under World Bridge Games i Buenos Aires nyleg.
Foto: Poli Zolto / World Bridge Federation
Dąbrowskis masurka
For to veker sidan vann Polen gull i det som uformelt blir kalla bridgens olympiade, i Buenos Aires.