JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

8065
20240913

Bakgrunn

Tordis Ørjasæter

Fødd i 1927 i Oslo

Aktuell med ny bok

Forfattar av mange bøker

Mest kjend for bøker om barn med autisme og andre særskilte behov

Boka om Dag Tore frå 1976 vart ein klassikar

Magister i pedagogikk og professor i spesialpedagogikk

Hovudmeldar av barnebøker i Dagbladet 1971–1977

Formann i Norsk Barnebokforum 1965–1970

Leiar for prosjektet Books and Disabled Children hos IBBY – International Board on Books for Young People

Litteratur

hilde.vesaas@gmail.com

Den siste koronavåren intervjua eg Tordis Ørjasæter. Også då var ho aktuell med ny bok, om temaet som har engasjert henne i mange tiår, omsorga for «annleisbarna». Nokre år før hadde ho skrive I hodet på en gammel dame. Då visste ho ikkje kva det var å bli gamal, seier ho no, ho var enno ikkje nitti. Men, som nittisjuåring, har ho eitt og anna ho vil ha sagt om alderdomen, difor den nye boka Stadig fortsetter jeg å leve.

– Eg var veldig i tvil om eg skulle skrive ei ny bok. Men ein forfattar kan ikkje late vera å skrive når noko blir veldig aktuelt. Eg håpar denne boka kan vere viktig for andre som er i den same alderen, eller for dei som har gamle slektningar. Det er ikkje så mange som ytrar seg om det å bli så gamal, om hjelpeløysa ein kjenner på, til dømes. Men eg vil òg få fram noko om alt det gode ved alderdomen, for det er mykje.

Sansar sterkare

– Kva er bra med å bli så gamal?

– Det er så mykje eg opplever sterkare enn før. Særleg fargar og musikk. Når eg kjem meg til Frognerparken med rullatoren, det er blitt ein lang tur for meg, kan eg bli heilt overvelda over blomsterprakta. Også draumane har meir farge enn før.

Ho fortel at ho hugsar mange draumar no. Det er ein veg til å kome tett på eige liv. Men draumane kan òg vere vonde, nesten som ein skjærseld. Og Freud vil ho slett ikkje blande borti draumane sine.

– Var skriveprosessen denne gongen annleis enn ved tidlegare bøker?

– Ikkje den konkrete skrivinga, eg har mine faste rutinar, og det er eit råd eg vil gi til alle skrivande – lag deg rutinar! Men det at eg skulle gå så tett på meg sjølv, slik forlaget ville, det var nytt. Eg har ofte vore personleg i bøkene mine, men aldri privat, seier ho.

– Først ville eg skrive om dei bøkene og dikta som har betydd mest for meg, eller som betyr aller mest for meg no. Men forlaget ville at eg skulle skrive meir om meg sjølv. Først var det litt skummelt, skulle eg utlevere meg slik? Men då eg gjekk i gang, vart det fint og givande for meg sjølv også, ein god prosess. Ved å skrive «eg» vart boka nær og tett på.

– Men framleis er det mykje om bøker og dikt i denne boka, ikkje minst om Kolbein Falkeid?

– For min generasjon er han ein stor diktar. Om kvelden, dersom eg er sliten og ikkje orkar så mykje, sit eg og blar i ei diktsamling, gjerne ei av Kolbein Falkeid. Eg orkar ikkje halde i tunge bøker lenger.

Tordis skriv også om ei heilt spesiell oppleving under lesnaden av Morgon og kveld. Ho las boka ut ei sommarnatt med balkongdøra open, i husværet som ligg i niande etasje. Det var som om tida stansa medan ho las om Johannes’ farvel med jordelivet. Orda til Jon Fosse fylte henne med håp om ein fredfull avskjed den dagen det blir hennar tur.

Resignasjon

– Kva for råd vil du gi andre gamle?

– Det klårt viktigaste er å akseptere alderdomen, ikkje stritte imot det som skjer med ein. Eg kjenner fleire som ikkje vil vise seg ute med rullator, men det fører jo til at dei ikkje går ut i det heile. Eg er heilt avhengig av han – og av hjelp frå andre. Det at ein er blitt den som treng hjelp og ikkje lenger sjølv er ein hjelpar, det må ein berre finne seg i. Det er uvant og kan sitje langt inne, kanskje særleg for oss kvinner.

Tordis kallar dette eit «omsorgsombyte», eit ord ho har frå ein samtale med Tove Jansson. Ho har skrive fleire bøker både med og om den finlandssvenske forfattaren.

– I dag er det jo særleg det digitale mange gamle treng hjelp med, og det er ei anna slags hjelp enn det som var vanleg før. Vi kan ikkje greie det, vi blir heilt avhengige av at nokon hjelper oss. Sjølv greier eg nettbanken enno, men treng hjelp til mykje anna. Det var også det digitale som gjorde at eg tvilte då eg skulle gå i gang med ei ny bok.

– Det er mykje snakk om at eldre og gamle er mykje aleine. Kjenner du sjølv på einsemda?

– Eg saknar mannen min. Sjølv om det snart er tjue år sidan han døydde, er det som om han har kome nærare att. Det kan skje når eg har sove, særleg når eg søv eit bel om dagen, at eg trur han framleis er her når eg vaknar. Eg er liksom inne i draumen nokre minutt og går og leitar etter Jo. Det er vondt, seier ho.

– Elles er eg velsigna med barn, barnebarn og no også oldebarn – og ikkje minst alle venene. Eg har mange yngre venner og får stadig nye, eg er heldig slik. Men eg saknar nokon å diskutere med etter at eg har sett Dagsnytt 18.

I vinter var ho mykje dårleg og trudde at ho kanskje ikkje kunne bu heime lenger.

– Eg ringde fastlegen og sa at eg trong ein attest for å få omsorgsbustad. Nei, det vil eg ikkje gi deg, sa han, eg trur du har det best heime, og du kan få heimehjelp. No får eg heimehjelp to gonger om dagen, hjelp med medisinane. Det er folk frå heile verda, og dei utvidar horisonten min. Det er alltid interessant å møte nye menneske. Men ein treng tilrettelagde bustader for eldre, det er klårt.

– I nokre av landa der heimehjelpene kjem frå, er det kanskje framleis vanleg at gamle bur heime hos familien?

– Det kunne eg ikkje tenkje meg. Men det er viktig å ha døtrene i nærleiken. Også Dag Tore kjem framleis og et føremiddagsmat av og til. Han har eit godt liv. Tenk, han blir sytti år snart!

Dag Tore er den autistiske sonen til Tordis, han som ligg bak mykje av det ho har gjort. Boka om Dag Tore er den viktigaste ho har skrive. Samstundes er det eit paradoks at ho som har hatt eit langt liv knytt til språkarbeid, har ein son som nesten ikkje har språk. Men nett det har gjort noko med innstillinga hennar til språket, gjort det til eit imperativ å bruke språket på ein god måte.

Avhengig av hjelp

I Stadig fortsetter jeg å leve reflekterer ho også over å ha kome i ein liknande situasjon som sonen har vore i heile livet – å vere ein som er heilt avhengig av hjelp frå andre.

– Du meiner det er viktig å følgje med på det som hender i verda. Men blir du bekymra for framtida?

– Ein er nøydd til å følgje med. For mange er det ei stor sorg å ikkje lenger ha arbeid. Men ein må halde på interessa for omverda, for livet utanfor seg sjølv. Ikkje gje seg over til sine eigne bekymringar, men fylle livet.

Tordis er bekymra for klimakrisa og for det ho meiner er teikn til at egoismen tar heilt over, med høgredreiing i politikken og at dei økonomiske forskjellane aukar. Men for eigne barn og barnebarn er ho ikkje uroleg, dei har gode liv.

– Men det blir underleg å døy frå dei, ikkje minst frå Dag Tore.

– Er yngre folk interesserte i å lytte til kva dei gamle har å fortelje, tykkjer du?

– Dei har det så frykteleg travelt dei yngre, i krevjande jobbar og med barn. Ein kan ikkje vente all verdas interesse, dei har så fullt liv sjølve. Eg òg hadde det slik då eg var midt i livet. No har eg meir tid til å tenkje, kjenne etter kva eg føler, lese – og drøyme. Det er godt.

– Har du førestillingar om kva som kjem etterpå?

– Eg er eit religiøst menneske. Den tryggleiken har følgt meg heile livet. Bøna betyr mykje, eg kjenner meg ivaretatt og får hjelp til å leggje frå meg uro og bekymringar. Eg har ei fast kveldsbøn: «Kjære Gud, om det finst ei æve, la oss få vere hos deg. Amen.»

– Men når det gjeld æva? Den er det er vanskeleg å seie eller meine noko om. Legen seier at eg ikkje må falle, meir skal det ikkje til – så kan det vere slutt. Før eller seinare går eg frå livet til døden.

– Du kan ikkje døy så lenge verda er ny, skriv du?

– Det er vel opplevinga eg har av å vere i livet, enn så lenge. Når eg ein dag gir opp, då ventar døden, med si velsigning.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigrun Slapgard er forfattar og journalist og har skrive ei rekkje kritikarroste biografiar og dokumentarbøker, særleg om sterke kvinnelagnader.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Frikjend av Slapgard

Alle var på fornamn med statsministerektefellen Werna Gerhardsen på 1950-talet. Også KGB.

ArildBye

Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.

Foto: Chess.com

Kunnskap
Atle Grønn

Skandaleduellen

«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Klår kulokk

Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis