Hausten 1922 hadde diktaren Olav Nygard berre halvtanna år att å leva – han døydde av tuberkulose i 1924, for hundre år sidan. Den hausten sende han brev til Hulda Garborg, med ein bunke dikt – det som kom til å bli ei av dei viktigaste diktsamlingane i norsk litteratur: Ved vebande. I eit svarbrev til Nygard (7. september) skriv ho:
Ordi mine betyr ingenting, men naar du tykkjer mun i aa vita mi meining, so kann eg segja, at eg ikkje paa lenge hev lese dikt som hev frygda hjarta mitt so som desse. Mange er perlor, alle gode, ingen banale. Berre maalet og den store rikdom av livande, personlege bilæte maatte glede kvar god nordmann (...)
Det var ingen ukjend mann Hulda Garborg var i kontakt med. I 1909 reiste den unge diktarspira frå Modalen i Nordhordland til familien Garborg i Asker, der han budde i periodar. Hulda og Olav fekk nær kontakt. Men det var ein venskap ikkje utan distanse og vonbrot. Då Olav Nygard gav ut diktsamlinga Kvæde i 1915, leverte Hulda Garborg ein negativ kritikk av Nygard i Den 17de Mai: «Men det er ein faare for ein ung diktar aa vera so stor ein maalmeister». Tankane hans blir «neddøyvde og kjem burt under ordbragdi».
Historia om Hulda og Olav er ei soge om venskap og omsut. Utan Hulda Garborgs innverknad, som pioner og pådrivar i norskdomsrørsla, ville Nygard truleg ikkje vorte diktar. Det er òg ei soge om uro og store forventningar, tilknytte norskdom og målsak.
Ein skulle tru at desse kjeldene var kjende i forskinga på Olav Nygard, som i bøkene Johs. A. Dale og Trygve Greiff gav ut (1957 og 1959). Men det var truleg viktig for dei å halde Nygard utanfor målstrid og gjera han presentabel også for bokmålslesarar.
Takk vere storstila digitalisering av materiale på Nasjonalbiblioteket er dagbøkene til Hulda Garborg tilgjengelege på nettet. Det same gjeld gamle årgangar av avisa Den 17de Mai. Der finst mykje stoff om Nygard. Noko har i utdrag vore prenta før, men mykje er ukjent i Nygard-forskinga.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.