JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Den skuggen vi har i oss

Då Malin Charlotte Melby Rønning oppdaga at romanen ho heldt på med, ville i ei anna retning enn ho ønskte, greip ho tak i eit bilete ho hadde i hovudet, og skapte Det tolvte huset i staden.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Malin Charlotte Melby Rønning debuterte som romanforfattar i 2020 og er omsett til fleire språk.

Foto: Baard Henriksen / Forlaget Oktober

8261
20240628
8261
20240628

Litteratur

jan.h.landro@gmail.com

38-åringen frå Porsgrunn, no busett i Vestby, har fått ein pangstart på forfattarskapen sin. Ho debuterte i 2020 med romanen Skabelon, som blei nominert til Tarjes Vesaas’ debutantpris og er gitt ut i Tyskland, Nederland, Ungarn og Danmark. Det er ingen grunn til å tru at årets roman ikkje skal nå minst like langt ut.

– Når eg skriv, tek eg ofte utgangspunkt i eit bilete eller ei stemning. Det første biletet eg fekk i hovudet, var av eit hus midt på ein asfaltplass, omringa av lagerhallar, bilopphoggingsfirma og papirgjenvinning – eit ruskete industriområde.

Så spurde ho seg: Kva er dette for eit hus? Kven kan bu her?

– Like før hadde eg skrive eit kort, lett poetisk avsnitt om vald. Det var tenkt nytta i boka eg heldt på med, ei forteljing om ein vaksen mann som er rusmisbrukar, og som søstera gjer alt ho kan for å stable på beina. Det var då arbeidet stoppa opp, eg oppdaga dette huset. Eg tenkte: Kva slags oppvekst får eit barn i slike omgivnader?

– Begge romanane dine handlar om vond barndom og former for omsorgssvikt?

– Det finst mykje omsorgssvikt i ulike former kring oss. Eg har alltid blitt dregen mot forteljingar som ikkje er heilt enkle og ukompliserte, slikt som ikkje er så lett tilgjengeleg. Og det er ofte det mørke, då. Den skuggen vi har i oss, der ein ikkje heilt får grepet om det som ikkje fungerer, det som er vondt i mennesket, det som er natur i mennesket. Dei to bøkene skildrar omsorgssvikt, men det er ulike former for oppvekst og omsorgssvikt. Det blir ofte dystre greier.

– Valden, den fysiske og ikkje minst den psykiske, har ein sentral plass i Det tolvte huset, men han fanst også i Skabelon?

– Valden er til stades også der, men i ei litt anna form. Ikkje så direkte. Dette er ein tematikk eg var interessert i å jobbe med no. Etter to bøker om omsorgssvikt synest det openbert at eg stadig kjem tilbake til noko. Kanskje blir det slik til eg får skrive meg ut av det eg openbert har lyst til å grave i og undersøkje.

– Eit sitat frå Skabelon synest langt på veg å oppsummere begge bøkene dine: «Jeg er et barn, det finnes ikke vern, jeg vinner ikke.»

– Det er sant, det oppsummerer begge. Så trist. Eg får prøve å skape noko hyggelegare neste gong. Då eg tok til med skrivinga, trudde eg at denne boka ville bli litt lettare enn den førre. Men kanskje blei ho verre, eg veit ikkje.

Veslevaksne born

Ti år gamle Molli er hovudpersonen og forteljaren i Det tolvte huset, men ho fortel i tilbakeblikk som vaksen – rett nok i eit perspektiv som vekslar mellom ungjenta og den vaksne. Ho lever saman med broren Bill og mora Karla, inntil Karla og ungane flyttar til kjærasten hennar, Frank, i huset på industriområdet. Her skildrar Rønning ein sommar som ingen i barnevernet ville jubla over.

– Noko av det eg ville finne ut med romanen, var om eg er i stand til å skrive meir eksplisitt utan at det blir altfor eksplisitt. Då kan det lett bli for tydeleg og sentimentalt. Sentimentalitet får eg ikkje heilt til, korkje som lesar eller som forfattar.

– Forteljaren er eit barn i begge bøkene, men dei reflekterer ofte som vaksne?

– Eg har nok litt veslevaksne born i forteljingane mine. Dei er litt rare, nyttar store ord, rare ord. Det blei nødvendig for å gi dei det språket og det indre livet som eg fekk eit så klart bilete av at desse borna har. Eg kjem heller ikkje unna å nytte somme element frå meg sjølv som barn. Eg var litt veslevaksen, las mykje, nytta merkelege ord, bokord.

– Molli er svært oppvakt og kjenslevar?

– Absolutt. Å erfare dei tinga som ho erfarer, for ei ung jente som er intelligent og vaken, gjer noko med henne. Ting ho ser og opplever, går inn på henne. Ikkje berre det dramatiske, men òg det som er lite og vakkert. Ho ser veldig mange ting, det kjem nok av at eg sjølv er kjenslevar og ser ting. For meg er det den einaste måten å vere i verda på, og dermed å skrive verda på. Eg veit ikkje om noko anna.

– Molli omtalar mor si konsekvent som Karla, ikkje mor eller mamma. Er det eit uttrykk for avstanden mellom dei?

– Jamt over har ho ikkje kjensla at mora er ei mor, og for Molli, som er svært oppteken av samanhengar, betyr orda noko. Ho veit at det finst ei verd der det er samsvar mellom alt, både handling og ord. Dei som opplever dette, er dei menneska som bur i vakre hagar, dei som ikkje er som ho, men veks opp i trygge heimar med faste rammer, dei som ikkje treng tenkje på dei tinga ho er tvinga til å tenkje på, ikkje treng vere i dei situasjonane ho er i.

Molli er heilt medviten om at desse menneska finst.

– Tidvis kan ho verke sjalu, men ho er også takksam for at dei finst der ute ein stad. At desse menneska og desse hagane finst, er noko av det som gjer at ho kan tru på eit håp om noko anna og betre, og at det er noko ho kan skape for seg sjølv når ho blir stor.

Usunn kjærleik

I boka er forholdet til mora tydelegast uttrykt gjennom to tankar som Molli formulerer: «Det var aldri noen som snakket med meg om kjærlighet, eller hva kjærlighet er.» Og, endå sårare: «Å, den måten Karla sier navnet mitt på! Hun bruker det aldri ømt, kun for å få overtaket.»

– Molli såg heller ikkje kva kjærleiken skulle vere. Ho har for det meste sett usunn kjærleik. Det forklarar sikkert kvifor ho som vaksen føretrekkjer å leve åleine med bøkene sine. Men den vesle Molli ønskjer å vere ein del av ein større fellesskap og å ha venner, så får ho det likevel ikkje til fordi ho skammar seg over korleis ho bur og lever.

– I debutboka di skreiv du om ein dysfunksjonell familie. Familien i årets roman er heller ikkje særleg velfungerande?

– Dei er dysfunksjonelle på sitt vis. Karla er ei mamma som ikkje maktar setje grenser for seg sjølv og borna sine. Ho vil så gjerne ha kjærleik, men endar med å prioritere ein forferdeleg mann framfor borna. Så viklar ho seg inn i dette giftige avhengnadsforholdet. Mødrene mine har ikkje lært å vere mødrer. Dei prøver så godt dei kan å få styr på det, men får det ikkje til. Fedrane er ikkje stort betre, dessverre.

Om stefaren Frank har ikkje forfattaren mykje godt å seie. Men ho ser han som eit produkt av oppveksten sin, ein mann med eit stort kontrollbehov. Når Karla kjem med dei to borna sine og forstyrrar rutinane hans, skaper det problem. Det vekkjer valden i han.

– Ei setning om Frank er noko av det mest skremmande i heile boka: «Det er ingenting fredelig med stillheta til Frank.»

– Frank er eit trugsmål når han er stille og når han er blid, når han snakkar og ikkje snakkar. Det ligg alltid noko bak. Å vekse opp i ein heim der ein alltid må passe seg for kva ein gjer og kva ein seier, fordi ein ikkje veit kva som kan skje, er så himla skadeleg. Mange born opplever dette, dei må heile tida gå som på nåler.

Klasseperspektiv

– Om forma og uttrykket er ulikt, skapar dette mykje av den same uhygga som vi finn i Skabelon?

– Det er sant, det finst ein slik type utryggleik i begge bøkene. Begge borna må finne måtar å handtere det på. Kanskje eg sjølv tykte at det tidvis var utrygt å vere barn. Det heng nok òg saman med kjensla av å vere var for situasjonar og stemningar.

– Tittelen på romanen peiker mot notidshuset til den vaksne Molli, men det er ikkje der handlinga skjer. Er det der erkjenninga kjem og boka blir skriven?

– Ja, det er slik eg ser det for meg. «Det tolvte huset» er også knytt til astrologien. Det er huset for det umedvitne og å misse seg sjølv, tape kontroll over eige tilvære. Heilt konkret er «det tolvte huset» også huset der boka eg byrja på, men ikkje fullførte, starta.

Forfattaren er klar på at boka også har eit klasseperspektiv, mest direkte uttrykt gjennom jenta som seier at «ingen hyggelige menn vil ha en kjæreste som ikke veit hvordan bruke bestikk. Skikkelige folk vil ha skikkelige folk, og resten må bare finne seg i hverandre, dessverre».

– Det er viktig å få fram på eit vis kva oppvekst i fattigdom kan gjere med ein, mellom anna at ein ikkje får dei same sjansane som dei meir privilegerte. Karla kan jo til dømes ikkje fortelje Molli at ho kan bli kva som helst, for det trur ho ikkje på sjølv.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dei som meinte at Viktor Orbán ville skape bråk i EU i tida med ungarsk formannskap, har fått rett. Her helsar han på Frankrikes president Emmanuel Macron under eit EU-toppmøte i 2023.

Foto: Omar Havana / AP

Samfunn

Bråkmakar øvst ved bordet

Den største urokråka internt i EU har overteke formannskapen i EUs ministerråd. Mest påverknad framover kan Viktor Orbán kome til å ha i Europaparlamentet.

Eva Aalberg Undheim

Foto: AP / NTB

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Springsteens «før og etter»

Det går an å skrive ei heil bok om Born in the U.S.A., i alle fall om forfattaren heiter Steven Hyden.

I 2018 var det varmerekordar fleire stader i landet.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
ØyvindNordli

«Det er absurd at dei fremste klimaforskarane i Noreg skulle bli samde om å lure resten av folket til å tru noko som ikkje er sant.»

Slik er byen Roma teikna i Nürnberg-krønika.

Foto: Terje Tøgard / Orfeus

BokMeldingar
Gjert Vestrheim

Ein milepåle i europeisk bokhistorie

Hartmann Schedels verdshistorie, som vart trykt i Nürnberg i 1493, er mor til alle salongbordbøker.

Paul Giamatti i rolla som Paul Hunham og Dominic Sessa som Angus Tully i den nyaste filmen til Alexander Payne.

Foto: Seacia Pavao / Focus Features LLC

FilmMeldingar

Armert film

JEREVAN: Filmfestivalen i den armenske hovudstaden Jerevan er like kontrastfull som byen.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis