JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Den velsigna løgna

Vigdis Hjorth har lenge vore oppteken av korleis vi forstår ting og hugsar dei. Det blei opphavet til den nyss utkomne romanen Femten år. Den revolusjonære våren.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Vigdis Hjorth har skrive over 30 bøker etter debuten i 1983.

Foto: Agnete Brun

8276
20220902
8276
20220902

Litteratur

jan.h.landro@gmail.com

Romanen er eit stille familiedrama med løgner og uuttalt maktkamp og innordning i det småborgarlege familiesystemet. I sentrum står Paula, som vi følgjer frå ho er elleve–tolv år og fram til konfirmasjonen. Ho veks opp i ein familie med sine reglar og løyndommar, og ho har ei venninne, Karen, som kjem frå friare og opnare forhold. Tida fram mot konfirmasjonen blir ei gradvis oppvakning for Paula, ein prosess som stiller henne overfor nokre eksistensielle dilemma. Det viktigaste, som går att i heile forfattarskapen, gjeld forholdet til sanninga. Det veks ut av ei skakande oppdaging jenta gjer.

– Boka handlar om å velje å leve sant. Men i eit avgjerande augeblikk lyg Paula. Er det uproblematisk?

– Nei, men ingen av oss kjem gjennom livet utan å forstille oss eller unnlate å seie heile sanninga. Den heile sanninga er ikkje like viktig i alle samanhengar. Paula driv eit skodespel for ikkje å øydeleggje for familien. Men det avgjerande er at ho ikkje lyg for seg sjølv, eller for presten eller for Gud, om han finst. Å ikkje lyge for seg sjølv, å ha ein sjølvsamtale, drøfte kva ein gjer og kvifor, meiner eg er svært viktig. For Paula blir etter kvart forholdet til henne sjølv viktigare enn forholdet til familien.

– Seier du no at det er greitt å løyse eit menneskeleg dilemma med ei løgn?

– Det er eit krevjande spørsmål. Tenk på Gregers Werle i Vildanden. Kor mykje ulykke skaper ikkje han fordi han insisterer på sanninga. Det følgjer eit ansvar med alltid å seie sanninga. I eitt tilfelle skreiv eg i beste meining brev til eit uvitande offer for utruskap. Men eg sende det aldri, av frykt for konsekvensane. Situasjonen avgjer, det finst ingen enkel regel.

– Er det forsonande at presten sjølv har funne på løgna?

– Den kristendommen som er alvorleg følt, og ikkje berre oppteken av reglar og fasade, trur eg toler slike handlingar. Presten forstår Paulas dilemma, han er ingen regelryttar, men prøver å finne ei løysing som er god for alle. Å vere menneske i livet finst det ikkje bastante reglar for, det gjeld å manøvrere så klokt ein kan i høve til andre menneske.

Ei trygg og søvnig tid

Ny innsikt får tilbakeverkande kraft og difor hugsar ein ting annleis enn det faktisk var, meiner Hjorth. Når ein tenkjer attende på barndommen, hugsar ein enkelthendingar, helst dramatiske ting, men gjerne ikkje kvar jul eller kvar sommarferie. I minnet står dei snarare fram som tilstandar: jula var slik, ferien slik. Men nett dette gav ei kjensle av tryggleik, fordi det var så kjent og føreseieleg.

– Stundom har barnetilværet i seg handlingar eller opplevingar som representerer eit gjennombrot, noko som brått får biletet til å slå sprekkar. Ein skjønar at alt er ikkje slik som ein trur, og slike sterke røynsler har lenge interessert meg. Desse prosessane skjer som regel langsamt, ikkje som på film.

Å erfare som barn opptek Hjorth, å vere avhengig av foreldre i eit sterkt uproporsjonalt maktforhold er noko som kan vare livet igjennom, slik romanen hennar demonstrerer.

– Når eit barn opplever at mora eller faren eller begge også held fram med å vere barn i høve til foreldra sine, blir noko av tryggleiken og tilliten borte. Barnet må reorientere seg. Desse prosessane har eg vore oppteken av også i mitt eige liv. Nye oppdagingar, nye røynsler forandrar heile biletet.

Mykje tyder på at Paula er ein forfattar skal bli. Romanen kan på somme vis lesast som Hjorths versjon av klassikaren Portrait of the Artist as a Young Man, noko forfattaren ikkje seier seg direkte usamd i. Femten år skildrar ei ung jente som går frå å vere nøgd med status quo til å utvikle ein intens trong til å finne ut av ting, forstå. Parallelt med at ho får auga opp for det som skjer i «familiesystemet», og det som går føre seg utanfor, aukar språkmedvitet og evna til å reflektere over kva språk er. Og på få år går ho frå å vere tryggleiksnarkoman til å bli ein opprørar.

– Trass i Vietnamkrigen og atomtrugsmålet er tida eg skildrar, trygg og nesten søvnig sosialdemokratisk, der vanlege folk knapt diskuterte dei store spørsmåla. I boka freistar eg skrive fram ein ambivalens til det trygge og gode. Når dei eksistensielle spørsmåla melder seg for Paula, som er eit kjenslevart menneske med stor evne til lidenskap og stort vitebegjær, får det ingen gjenklang i livet som blir levd i den materialistiske familien, og heller ikkje på skulen.

Balansegang

Paula oppdagar kva det vil seie å skrive og uttrykkje seg, at det er ein stad å gå til. Men også kor viktige ord kan vere.

– Karen kan somme tider seie noko som syner at språk og erkjenning kan henge saman. Slik er det òg med dei forfattarane eg er oppteken av, med ei setning eller to kan dei endre perspektivet. Å få endra perspektivet er enormt forløysande. Paula oppdagar korleis språket kan bli ein augeopnar, noko som får henne til å sjå alt i eit nytt perspektiv.

– Kor viktig er sjølvstendige og modige Karen for Paulas utvikling?

– Kjempeviktig. Å ha eit menneske som ser ein, kan vere berginga for slike som har dårlege oppvekstvilkår. Karen representerer ein annan og friare måte å vere i verda på. Det opnar tenkjemåten og kva som er mogleg. Eg har sjølv hatt slike menneske i livet mitt, uendeleg viktige.

– Paula har ein intens trong til å finne ut av ting, forstå. Kan ho vere ei ung Vigdis?

– Det kan du nok seie. Oppgåva til foreldre burde vere å hjelpe borna til å forstå. Ofte sit foreldre med nyklar til problem borna har, for dei veit gjerne kva borna har vore med på. Men dei vil ikkje seie noko, det er å vedgå eiga skuld. Barnet blir overlate til seg sjølv i freistnaden på å finne ut. Slik er det for Paula, som ser at det ho har trudd på, var ein illusjon. I staden for å godta denne illusjonen må ho provosere fram eit opplyst landskap.

Paula er ei blanding av barn og vaksen. Vigdis Hjorth fortel om ein krevjande balansegang mellom to ulike perspektiv. Skal du skrive ungdomsbok om ei jente tidleg i tenåra, kan du ikkje vere klokare enn barnet. Skriv du om den same jenta for vaksne, kan du bruke fleire vaksne formuleringar, setje ord på erkjenningar som hovudpersonen ikkje ville nytta sjølv. Det er tale om å vende seg til vaksne, men samstundes freiste å få yngre lesarar med.

– Vi er ikkje inne i Paulas perspektiv, det hadde vore for avgrensande. Den allvitande forteljaren går så tett på henne som råd, men kan samstundes kommentere frå avstand.

– Paula har nokre svært spesielle opplevingar, der ho til dømes får ei sterk kjensle av «et hemmelighetsfullt nærvær i alt som fantes». Kva er det som råkar henne?

– Det er noko ho ikkje heilt har ord for. Ingen ho kjenner, har snakka på den måten eller vore slik, derfor er ho ikkje budd på slike mentale overskridingar. Ho kjem frå ein heim utan forhold til kunst og kultur, der det åndelege er fråverande og alt handlar om materielle verdiar. Desse opplevingane gir henne ei kjensle av å høyre til noko større, det kvelvar ein høgare himmel over livet hennar. Horisonten opnar seg.

Løgnene

– Paula skjønar av moras brev til si eiga mor, brev jenta snik seg til å lese, at mor hennar ved hjelp av usanningar gjer familien betre enn han er. Denne erkjenninga er vel det som blir aller mest styrande for historia?

– Ja, det er svært, svært viktig. Å oppdage at mora lyg, utløyser ei rad spørsmål som går på sjølve eksistensen: kvifor gjer ho det, kva vil ho oppnå, er ho ikkje nøgd med familien ho har, gjer ho dette fordi ho stadig er barn av mor si, lyg ho kanskje om anna òg?

– Kvifor blir det etter kvart like viktig for Paula å finne ut korleis mora skriv til mor si, som innhaldet i breva?

– Eg trur det er ein måte å komme nærmare på, å forstå. Lure frå orda deira eigentlege meining: Kva føler ho? Mange meiner at det skrivne ordet kan vere hemmeleg bodberar for det eigentlege. Skrifta er jo nærmare det umedvitne enn talen. Kroppsspråk og stemmeleie kan bagatellisere eller nøytralisere innhaldet i ei setning. Står dei same orda på papir, er det så nake og sårbart.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Ingen av oss kjem gjennom livet utan å forstille seg eller unnlate å seie heile sanninga.

Vigdis Hjorth, forfattar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Ida Lødemel Tvedt

HumorFeature
May Linn Clement

Klagemodus

Kor lite skal til for at eg seier frå eller klagar?

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er på turné for å fortelje om langtidsmeldinga for Forsvaret. Her besøkjer han ubåten «KMN Utvær» i Bergen 10. april.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

ForsvarSamfunn
Per Anders Todal

Vil ruste opp ei lekk skute

Regjeringa lovar eit historisk forsvarsløft. I dag slit Forsvaret med å halde på mannskapet som alt er der.

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Foto: Vidar Ruud / NTB

HelseSamfunn
PernilleGrøndal

Avfeiar abortkritikk frå KrF

– Det kvinner treng, er rettleiing og oppfølging, ikkje å møte i nemnd, seier Kamzy Gunaratnam (Ap).

Songlerka hekkar på bakken, langt frå skog. Biletet syner godt den vesle fjørtoppen som vert reist opp dersom fuglen opplever fare eller er opphissa.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

I dirrande lerkeposisjon

Er det sant at songlerka «jublar høgt i sky»?

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis