JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Eit forsvar for galningane

Roy Jacobsen var i gang med å samle stoff til eit femte bind i romanserien om folka på Barrøy. Men så trengde ei anna historie seg fram og gjorde krav på å bli skriven – romanen De uverdige.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Roy Jabobsen har skrive om tilværet til ei gruppe ungdommar på austkanten i Oslo under andre verdskrigen.

Foto: Ole Gunnar Onsøien

8414
20221125
8414
20221125

Litteratur

jan.h.landro@gmail.com

Med denne boka gir Roy Jacobsen oss eit heilt anna perspektiv på den tyske okkupasjonen enn det vi er vande med å lese om. Her er det ikkje motstandskamp og heltemot, men kampen for det daglege tilværet i ein bygard på Oslos austkant – med ei gruppe ungdommar som sentrum i eit rikt persongalleri.

– Målet har nettopp vore å gi eit litt anna perspektiv. Mitt utgangspunkt var å ville teikne eit anna bilete, men ikkje dømme desse personane og gjerningane deira med våre moralske standardar av i dag. Det er jo heilt historielaust.

Ein mangel

Utan at han har direkte kjennskap til denne tida, seier forfattaren at han har følt at det manglar noko i det som er skrive.

– Eg er fødd berre ni år etter krigen, så eg har jo språket og sosiolekten inne. Og eg er oppvaksen med forteljingar om krigen, også slike som ikkje stod i avisa.

– Du må ha drive mykje kjeldegransking.

– Ikkje så mykje, dette er ein periode eg veit ein del om. Men eg sjekkar sjølvsagt ting: Hadde dei flaskepant på den tida? Korleis såg rasjoneringskorta ut? Korleis såg sonebevisa ut? Kvar hadde tyskarane forlegning i området? Eg las ikkje mange kjelder og gjekk derfrå til skrivinga; det var meir at eg var i teksten og innimellom måtte sjekke ting som skulle vere riktige. Det er jo skjønnlitteratur, så eg står fritt, men dei historiske detaljane skal helst vere korrekte.

Handlinga i De uverdige tek til i 1942 og går fram til fredsvåren – med nokre tillegg for åra etter. Mykje går føre seg i området Åsen, om lag ein kilometer frå Årvoll, der Jacobsen er oppvaksen. Hovudpersonane er ein gutegjeng som er 13–14 år gamle då historia tek til, og nokre jenter på om lag same alder. Dei bur i ein kommunal leigegard frå 1920-åra som sett utanfrå er uvanleg vakker og med stort gardsrom (der det ikkje er lov å leike), men med tronge husvære. Her skulle folk frå arbeidarklassen ikkje berre få det betre, dei skulle òg oppsedast til å bli «bra folk».

Men okkupasjonen har skapt dyrtid, og dei geskjeftige gutane tek til med å stele. Først i det små, men etter kvart bryt dei seg inn i tomme rikmannsbustader. Der forsyner dei seg med så å seie alt dei kjem over av alkohol, kunst og andre verdigjenstandar, som dei gjennom ein tyskvennleg helar får omsett.

Kvifor uverdig?

– Det er vel ikkje berre av trong desse gutane stel, kanskje er også spenning og eventyrlyst viktige drivkrefter?

– Skal vi kalle det faenskap og hærverk og kreativitet også? Dei hadde plass til å vere ungdom og villmenn, og kjende seg nok tiltrekte av spenninga.

Sentralt i denne historia står eit målarstykke gutane stel, «Der einsame Baum», signert den leiande representanten for tysk romantikk, Caspar Friedrich David. Den kunstkyndige helaren meiner det er ein original, truleg verd millionar, og derfor uråd å finne kjøpar til. Dette biletet meiner eg å ha sett på veggen på Nationalmuseum i Berlin, men i romanens epilog, som går føre seg i vår tid, heng det i stova til ein av hovudpersonane, den no sterkt aldrande Carl. Kva har Roy Jacobsen å seie til dette?

– Kanskje er det ein kopi, kanskje er det som heng i Berlin ein kopi? Epilogen er heilt avgjerande for korleis historia blir overført. Det finst fleire moglege tolkingar, éi er at Carl lyg og overlèt sonen eit verdfullt kunstverk forkledd som kopi. Det kan vere eit uttrykk for korleis fedrar samtaler med sønene sine. Så er spørsmålet: Veit faren om biletet er ekte eller ikkje?

Må vere tvitydig

Dette er uklart, og ein roman må vere tvitydig, understrekar forfattaren.

– Det er ikkje sikkert du finn svaret på Nationalmuseum i Berlin. Men kanskje ein kurator der kan sjå på saka når boka om ei tid kjem på tysk.

– Kva er det som gjer desse gutane uverdige, som tittelen seier? Uverdige til kva, seier kven? Slik du skildrar dei, meiner du openbert ikkje at gutane er uverdige.

– Nettopp! Boka kunne heitt «Et defensorat for gærningene», men det er ingen god romantittel. Dei er uverdige i den forstand at dei ikkje passar inn i ei behageleg forteljing frå krigsåra. Vi redigerer jo heile tida historia og held oss med den identiteten, røynsla og historia som for tida høver oss best.

– Om ikkje alt det desse gutane driv med, er representativt for folk under krigen, er kanskje miljøet dei lever i, representativt?

Yes! Dei opererer i eit økosystem som eg trur er representativt. Med foreldre som ser ein annan veg, kuttar hjørne, tek tyskararbeid. Far min tok tyskararbeid. Det er ikkje noko han var stolt av, men heller ikkje noko han kjende stor skam over. Dei skulle jo leve. Gutane i boka er kreative og gatesmarte folk, dei er i formingsåra, tilsvarande uvitande, dei driv ikkje og analyserer situasjonen. Dei handlar. Hadde dei vore fem år eldre, ville dei kanskje teke del i motstandsrørsla.

Han trur iallfall ikkje at dei ville ha hamna på feil side.

– Eg har hatt gleda av å intervjue fleire av krigsheltane våre. «Kjakan» fortalde meg ein gong at då krigen var over, hadde dei to val: dra til USA og bli gangsterar, eller bli forretningsfolk. Dei var villmenn.

Hysterisk kåt

– Gutane gjer innbrot i fleire folketomme villaer; eg trudde lenge det var jødisk eigedom dei uvitande rana.

– Det tvitydige i dette signaliserer at gutane ikkje har aning om kven dei plyndrar. Dette er ein freistnad på å ikkje gjere gutane betre enn dei er. Dei har ikkje utvikla stort samvit eller medkjensle, i det ligg også noko av det uverdige i tittelen. Handlingane deira er ein kombinasjon av ung alder, ein god porsjon kreativitet og galskap.

– Roar, den tredje av gutane, gjer noko uoppretteleg. Kva er det som går av han?

– Har du aldri vore ung og hysterisk kåt?!

– Jo, absolutt. Men …

– Han er jo ein Hans Jæger-figur, tenk på «Syk kjærlihet». Blandinga av erotisk forheksing og kvalmekjensla han føler for denne kvinna, blir dynamitt. Her ligg òg eit klasseperspektiv, ho er rik og uavhengig. Så får han nærmast ei intellektuell skyldkjensle etterpå. Han kjenner ikkje anger, men veit at han er skyldig.

– Etter kvart blir to av dei juristar. Kva tenkjer du om moralen i det gutane gjer mot ein angivar etter krigen?

– Det er jo sjølvtekt. Her trumfar det personlege hemnmotivet jussen. Carl skjønar at han kjem ikkje vidare med det problematiske farsbiletet sitt før han gjer noko med mannen som angav far hans – og likevel gjekk fri. Men noko solid juss er det jo ikkje, legg forfattaren til.

Han omtalar heile saka som ein kjenslemessig hangover for Carl.

– Først er faren eit mysterium. Så blir han gradvis klar over at mannen faktisk kanskje var ein helt, sjølv om han slett ikkje var det på heimebane. Men han seier til sonen: «Du er som meg, verken bedre eller verre.» Med to så dominerande figurar oppstår det maskuline konfliktar mellom far og son.

Rettsoppgjeret

I boka pirkar Roy Jacobsen borti rettsoppgjeret.

– Rett etter krigen sydde justisminister O.C. Gundersen og forsvarsminister Jens Chr. Hauge saman eit konsept for rettsoppgjeret, der ein skulle ta dei store fiskane og praktisere strategisk tilgiving med dei andre for å stabilisere samfunnet, skape forsoning og komme vidare. Det låg jo tunge politiske føringar i rettsoppgjeret. Gjennom det garnet smatt nok langt fleire enn vi i ettertid har vilja erkjenne. Helaren Prytz i boka er den perfekte opportunisten, han klarte å gjere business på både krigen og freden.

Etter kvart får forteljinga meir og meir preg av spenningsroman. Og underhaldning, legg Jacobsen til. Alt på åttitalet bestemte han seg for at ikkje noko skal vere ubrukt i den litterære verktøykista.

– Men den reine spennings- eller underhaldningsromanen har eg aldri hatt sans for.

– Boka di handlar også om oppvakning?

– Ja, alle tre gutane går gjennom ei oppvakning, sånn sett er det også ein danningsroman. Især ein av gutane, Olav, vaknar opp då begge foreldra hans blir borte, og han skjønar at han må ta vare på dei langt yngre søskena sine. På familienivå er boka også ei historie om omsorg og lojalitet.

Kjernen er solidaritet, seier han.

– Heilt medvite har eg unngått at denne historia skulle føre fram til ei politisk oppvakning, for det trur eg ikkje på.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Boka kunne heitt «Et defensorat for gærningene», men det er ingen god romantittel.

Roy Jacobsen, forfattar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis