JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

I ruinane av store utopiar

To samanbrot, det kommunistiske samanbrotet i aust for tretti år sidan og samanbrotet til den ekstreme nyliberalismen vi no lever midt oppe i, er kjernen i Kjartan Fløgstads nye roman, Habeas Corpus.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kjartan Fløgstad spenner lerret vidare enn nokon gong, skriv Jan H. Landro om den nye romanen hans.

Foto: Mimsy Møller / Samfoto / NTB

10380
20220819
10380
20220819

Litteratur

jan.h.landro@gmail.com

Kor gale det kan gå, og kva liberalt vanstyre kan føra med seg, ser han straumkrisa som eit stygt døme på. Politikarane har gitt frå seg alle middel til å retta på feila som er blitt gjorde ved å overføra styringsmakta til andre institusjonar enn dei folkevalde, gjennom Acer, EU-domstolen, rettsvesenet i vest og kanskje meir skremmande strukturar i andre land.

– Boka er historia om dei labyrintiske ruinane som står igjen etter to store utopiar som ikkje fungerer lenger, seier Fløgstad.

– Uttrykk for det ser me på slagmarkene kringom i verda – Bagdad, Tripoli, folkemengder som stormar folkevalde forsamlingar i Sri Lanka og i Washington. Eit svært dramatisk døme er dei forferdelege kampane om Azov-stålverket i ukrainske Mariupol, bygd i Sovjet-tida, overteke av marknadsøkonomien.

Vidt lerret

I denne boka spenner Fløgstad lerretet vidare enn nokon gong før. Så rik på personar, fiktive og historiske, er framstillinga at forfattaren har fått utstyrt romanen med eit eige register over dei historiske personane – om lag 225. I tillegg kjem 20 dikta hovudpersonar og folka som omgir dei.

– Du byrjar bli nokså ensyklopedisk i romanskrivinga di?

– Jo, men det er slik eg skriv romanar som nyttar faktiske forhold i verda. Boka blir eit raster mellom det fiktive og det faktiske som kan freista lesarar til å orientera seg vidare. For denne romanen fortel historier som ikkje alltid har vore fremst i historieskrivinga, for å seia det forsiktig.

– Det er ikkje alltid like lett å vita kva som er fiksjon og kva som er fakta i det du skriv?

– Eg tek utgangspunkt i ei opplysing som eg meiner er sannferdig og kan etterprøvast. Så skriv eg om det og tenkjer at det kan spora lesarar til å meina at dette kanskje ikkje stemmer. I våre dagar finst det metodar til å røkja etter som alle har tilgang til. Håpet er at romanen skal vera ei lesaroppleving og samstundes spora til etterprøving av vedtekne sanningar.

Dette er inga bok med ein klar ideologisk bodskap, seier Fløgstad.

– Romanen fortel kor vanskeleg det er å prøva å vera gode menneske når kapitalen ikkje berre opphevar geografiske og finansielle grenser, men òg moralske lover. Moralen, slik vi kjenner han i dagleglivet, blir om ikkje oppheva, så forandra. Då kan ein direktør få godtgjersler som ikkje står i forhold til noko som helst, i alle fall ikkje til anna ærleg arbeid som kan vera like viktig.

Digitale leiglendingar

Opp av ruinane etter dei store utopiane stig igjen juristane, som først har vore med på å leggja til rette for elendet og no finn seg nye oppgåver. For tjue år sidan åtvara den norske maktutgreiinga om at rettsleggjeringa fekk stadig større plass i samfunnet vårt, på kostnad av politikken og demokratiet. I det Europa og EU Fløgstad skildrar, ser ein eit skrekkbilete av dette.

– Det heng saman med den nyliberale økonomien. Når politikken dreg seg tilbake, finst ikkje folkevalde organ som får lov, eller har makt, til å ta stilling til vanskelege spørsmål. Då blir domstolane siste instans. Den amerikanske høgsteretten er eit skrekkeksempel, gjennompolitisert som han er, og med dommarar som har fullmakter på livstid til å avseia sine politiske dommar.

Fløgstad seier at i tillegg til dette er det økonomiske systemet i ferd med å bli reføydalisert gjennom IT-økonomien.

– Som vanlege nettbrukarar blir me nærast rettslause leiglendingar under stadig meir allmektige digitale lensherrar i Google, Microsoft og så vidare. Desse er endå fjernare frå folkestyret enn det kapitalistiske demokratiet har vore. Men historia har ikkje kunna slå i bordet med så mange betre variantar enn det parlamentariske demokratiet.

Fløgstad-favoritt

Ein person som kanskje er ein spesiell Fløgstad-favoritt i det fiktive selskapet av karakterar, er Juan Reichenau Zamora, gruveingeniør og jurist. Ei kort tid har han kontakt med den norske m-l-rørsla: «Til stor skade for min forstand.» Sidan blir han driftsingeniør ved jerngruvene til AS Sydvaranger. Deretter gåsefarmar ved russegrensa i Aust-Finnmark.

Om IT-industrien tenkjer han at slik bruken av fossilt brennstoff er øydeleggjande for det ytre miljøet på kloden, er den kommersielle utbyttinga av det undermedvitne i dag ei sosial form for klimaendring. Og han spør seg om vi må ta til å sjå på kjenslene våre som ein knapp ressurs, på same måte som fossilt drivstoff.

– Mange har skrive om farane ved «the mining of the mind», utgraving av medvitet og sinnet. Det slåande er at heile gruveterminologien og -metaforikken, som både Zamora og eg har vore forma av – industri, gruve, fysisk arbeid – brått fekk ny relevans innanfor abstrakt tenking om å kolonisera sinnet, slik mange meiner at IT-industrien er i ferd med å gjera, seier han.

– Elles ser det ut til at meir og meir autoritære styreformer blir prøvde i mange retningar og i mange land. Mange har fått mykje merksemd, andre mindre. Som politisk roman kritiserer ikkje boka mi berre den utviklinga me ser i land som Ungarn og Polen og endå verre døme, men også dette at våre folkevalde gir frå seg stadig meir makt.

Juristane

På dette punktet iler Fløgstad til med at Habeas Corpus er ein roman med oppdikta personar som lever i og lever ut dei rammene forfattaren har prøvd å setja dei inn i. Det er viktig for han at mange av dei prøver å vera skikkelege menneske – og får det til i større og mindre grad.

– Dette er ein roman der det skjer ekstremt mykje på små flater, på setningsplanet. Ein vri på svært mykje som gjer at den språklege overflata kan slå sprekker gjennom at daglegspråket blir fletta inn i ein annan måte å snakka og tenkja på. Det er ei side som eg i vaksen alder har fått lov til å utvikla gjennom å skriva songtekstar som mange har hatt lyst til å laga melodi til. Songtekstar er avhengige av nettopp sprekker i den språklege overflata – ordspel og liknande. Å få spelerom for den sida av fantasien min har vore ei stor glede det siste tiåret eg har arbeidd som forfattar.

At romanen er noko generaloppgjer, vil ikkje opphavsmannen vera med på. I staden peikar han på at boka inneheld mykje humor og livsglede, og at ho er underfundig med tvitydige situasjonar, handlingar som kan tolkast både slik og sånn. Og det skal seiast at i kapittelet «Barn av Europa» møter vi Fløgstad på sitt mest humoristiske.

– Ja, det er jo skrive som ein svart komedie eller mørk farse eller noko i den stilen.

«Habeas corpus» er eit sentralt juridisk prinsipp i dei fleste rettsstatar. Det går ut på at ein person som er blitt arrestert, har krav på å bli stilt for ein domstol innan ei fastsett tid. At Fløgstad har sett det som tittel på romanen, syner kor sentralt juss og juristar står i boka hans. Ein av dei fiktive personane seier: «Dei brukar lovene som politikarane gir og som dei sjølve har skrive. Dei vrir og vender på lovverket og snevrar inn mandatet der det trengst.»

– Det er eitt bilete av juristane, men ikkje det einaste. Dei kan vera fine intellektuelle og gode folk på alle vis, men fråværet av politikk gjer at jussen får for stor makt.

– Du skriv om korleis juristane i Hitler-Tyskland finslipte paragrafane for å få lov og urett til å henga saman. Trur du det tok slutt i 1945 og i dag berre går føre seg i land utan såkalla demokratisk kontroll?

– Nei. Det er ein uting som har vakse fram særleg etter det ulovlege og folkerettsstridige russiske åtaket på Ukraina. Begge partar har byrja kalla kvarandre fascistar og nazistar. Det er destruktivt på alle vis. Samstundes finst jo flikar av autoritær tankegang, og det som verre er, i mange system og retningar.

Fløgstad meiner det blir feil å føra direkte linjer frå stalintidas juss med moskvaprosessane til dagens Russland, eller frå folkedomstolane i Nazi-Tyskland og vidare inn i europeisk rett.

– Historia har sett sine spor, og ein må prøva å skilja ut det som kan vera destruktive restar av fascisme, nazisme og stalinisme frå dei store omgrepa. Å ta dei i bruk i vanleg politisk samtale er øydeleggjande.

Utopiar

– Ifølgje boka di blei hundrevis av diplomatar, offiserar og næringslivsleiarar i etterkrigstidas Vest-Tyskland gjennom den såkalla Harzburger-modellen for moderne management «forma i ein ideologi med djupe røter i nasjonalsosialismen». Finst det tydelege spor etter desse også i dagens Europa?

– No er det råd å tenkja seg at sjølv om ein var djupt belasta frå det tredje riket, kunne ein forstå kor farleg dette var, og så prøva å innretta seg etter og leva opp til det demokratiske lovverket i det nye Tyskland. Samstundes er ein jo forma av dei røynslene ein har, og det er ikkje alltid så lett å peika på presise følgjer. Ein del av korpsideologien som herska i den tyske eliten mellom 1933 og 1945, har overlevd. Men han kan sjølvsagt ha blitt ramma inn av demokratiske institusjonar – sjølv om det òg finst mange døme på at dette ikkje alltid skjedde.

– Finst det eitt eller fleire talerøyr for forfattaren mellom dei 20 hovudpersonane du skildrar?

– Det er ikkje eitt talerøyr, men eit orkester som samla prøver å gi uttrykk for dei tankane og dilemmaa som forfattaren meiner å kjenna seg sjølv igjen i. Personane var ikkje uttenkte på førehand, dei berre kom til meg. Nokon overordna plan fanst ikkje. Men boka heng saman med plassar i verda der eg har vore, ting eg har sett, røynsler eg har gjort i skrift og liv. Som med alle romanfigurane mine, er også desse summen av mange detaljar – eit ansikt, ein kropp, ein replikk eller ein situasjon som kan komma frå heilt ulike hald.

– Du skriv deg fram til 2026?

– Eg synest det er herleg å kunna fortelja truverdig om kva som skjer i dei næraste åra, utan å gjera noko vesen av det. Slik fører eg realismen frå nær fortid via samtida umerkeleg inn i nær framtid. Så har det vore viktig for meg å oppheva skiljet mellom historisk roman og samtidsroman. At samtida fortset roleg inn i framtida, strekar under at dette ikkje er ein historisk roman.

– Finst det framleis utopiar?

– Kven kan leva utan tankar om likeverd, rettferd og lukke, sjølv om vegane dit verkar gjengrodde og lite gangbare?

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Boka heng saman med plassar i verda der eg har vore, ting eg har sett, røynsler eg har gjort i skrift og liv.

Kjartan Fløgstad, forfattar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Ida Lødemel Tvedt

HumorFeature
May Linn Clement

Klagemodus

Kor lite skal til for at eg seier frå eller klagar?

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er på turné for å fortelje om langtidsmeldinga for Forsvaret. Her besøkjer han ubåten «KMN Utvær» i Bergen 10. april.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

ForsvarSamfunn
Per Anders Todal

Vil ruste opp ei lekk skute

Regjeringa lovar eit historisk forsvarsløft. I dag slit Forsvaret med å halde på mannskapet som alt er der.

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Foto: Vidar Ruud / NTB

HelseSamfunn
PernilleGrøndal

Avfeiar abortkritikk frå KrF

– Det kvinner treng, er rettleiing og oppfølging, ikkje å møte i nemnd, seier Kamzy Gunaratnam (Ap).

Songlerka hekkar på bakken, langt frå skog. Biletet syner godt den vesle fjørtoppen som vert reist opp dersom fuglen opplever fare eller er opphissa.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

I dirrande lerkeposisjon

Er det sant at songlerka «jublar høgt i sky»?

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis