JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Med den monumentale boka Sjøfareren Erika Fatland gitt oss eit uvant, og skremmande, perspektiv på europeisk kolonialisme.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Agnete Brun

Foto: Agnete Brun

8415
20241011
8415
20241011

Litteratur

jan.h.landro@dagogtid.no

Portugal var faktisk først av dei europeiske kolonisatorane og la under seg land og øyar i Afrika og Austen. Eit litt gløymt imperium kallar forfattaren denne historia, for det er Nederland og især England dei fleste ser føre seg når europeisk kolonialisme kjem på tale. Land for land, nesten øy for øy i det tidlegare imperiet, har Fatland besøkt for å danne seg eit bilete av kva portugisarane gjorde, og kva dei har late etter seg.

Det første ho gjorde, var å lære seg språket. Både for å kunne lese kjelder på portugisisk og for å kommunisere direkte med folk.

– Arbeidet har teke meg til 29 land i fire verdsdelar, og 20 av dei er nemnde i boka. Til saman har eg vore tolv månader på reisefot, spreidd over to år. I tillegg kjem lange opphald i Portugal. Det har vore ei kraftfull reise, frå dei mest underutvikla landa i verda til nokre av dei rikaste.

– Du har tidlegare skrive bøker frå den oppløyste Sovjetunionen. Korleis var det å bevege seg inn på eit nytt geografisk område?

– Svært lærerikt. For meg var dette ein heilt ny del av verda, og eit heilt nytt felt, historisk sett. Eg byrja så å seie på null og fekk ei bratt læringskurve. Til meir eg har lært, til meir oppslukande har det blitt. Boka er den mest omfattande eg har skrive, både i sidetal, reisedøgn og tal på land. Størstedelen av boka handlar om Afrika, for det var der portugisarane på 1400-talet byrja ekspansjonen sin.

– Du har vore gjennom litt av kvart for å kunne skrive denne boka?

– Det er nok den mest utfordrande og anstrengande researchen eg har gjort. Men eg har òg besøkt svært behagelege stader. Guinea-Bissau var det mest krevjande landet eg reiste i. Der finst det ingen infrastruktur, berre få bilar og knapt nok vegar. Eg pådrog meg tredjegradsforbrenning, men kunne ikkje eingong få fatt i bandasjar. Og eg blei sterkt frårådd å oppsøkje sjukehusa i landet. Etter Guinea-Bissau kjendest alt lettare og meir overkommeleg.

Gamle portugisiske statuar i Guinea-Bissau.

Foto: Erika Fatland

Ei tilfeldig imperiemakt

– Boka er ein kombinasjon av historie og samtidsreportasje. Kvifor valde du den forma?

– Det er slik eg har skrive dei fleste reisebøkene mine. Eg hadde to spørsmål eg ville finne svar på: Korleis blei dette imperiet til, og korleis er livet i dei tidlegare koloniane i dag?

– Kva for inntrykk sit du då att med av Portugal som imperiemakt?

– Portugal var ei tilfeldig imperiemakt. Dei hadde ingen masterplan då dei tok til å segle sørover. Og Brasil «fann» dei ved feilnavigering. Etter kvart auka ambisjonane – til å bli megalomane. Det vesle landet voks frå lutfattig og ubetydeleg til å bli ei stormakt med svær sjølvtillit. Men befolkninga var ikkje stor, difor blei sjømennene oppmuntra til å gifte seg med lokale kvinner i koloniane. Enno i dag er befolkninga på mange av desse stadene prega av denne folkeblandinga. Og klassedeling.

– Du intervjua Aust-Timors president, fredsprisvinnaren José Ramos-Horta. Han insisterer på at Portugal var eit ikkje-imperium. Har han ikkje eit poeng?

– Jo, i den forstand at landet hadde ei lita befolkning og difor ikkje ressursar, som seinare England, til å byggje opp ein stor administrasjon der dei la under seg nye område. Og til lenger vekk dei erobra nytt land, til mindre sette dei inn krefter på verkeleg å styre og til dømes byggje skular. Dei var komne for å drive handel og tene pengar. Punktum.

– På eit tidspunkt lurte eg på korleis vesle Portugal kunne dominere så store delar av verda. Men svaret var innlysande og enkelt. Dei hadde meir effektive våpen, kanonar, enn folka dei kom til, og så blei dei gode til å bruke desse kanonane. Då nederlendarane gjorde seg gjeldande på 1600-talet, var ikkje dei mindre brutale enn portugisarane. Heller tvert om. Også britane har mykje blod og elende på samvitet, men dei var mykje flinkare til å samarbeide lokalt. Dei klarte å skaffe seg innverknad gjennom samarbeid, medan nederlendarane var i særklasse brutale. På Bandaøyane stod dei bak eit av verdas første kjende folkemord.

Slavehandelen

– Kva overraska deg mest av alt du såg?

– Tre ting, og aller mest portugisarane si haldning til eiga fortid. Mange imperiemakter er blitt tvinga til å ta eit oppgjer med fortida si, men i Portugal har ein berre byrja snuse på det. Arven etter diktatoren Salazar er truleg noko av forklaringa. Han insisterte på at det portugisiske imperiet var annleis enn dei andre, og at det ikkje var rasistisk. Det er absolutt heilt feil.

Denne påstanden dokumenterer Erika Fatland med slavehandelen. I mange tiår har vi fått høyre om dei mange hundre tusen slavane som blei transporterte frå Afrika til USA. Men fem millionar afrikanarar blei sende til Brasil for å slave, og helvta av all slavetransporten gjekk på portugisisk kjøl. Det er visst ikkje noko dei lærer om på skulen i Portugal, trur forfattaren.

– Denne trafikken, som har vore svært underkommunisert, var prega av ein ufatteleg kynisme. Fordi det var enklare å hente nye slavar til Brasil enn å halde liv i dei ein alt hadde, valde ein den billegaste løysinga. Dette var eit grotesk brotsverk mot menneskeslekta. Denne «importen» pregar landet framleis. Nest etter Nigeria er Brasil det landet i verda som har flest svarte innbyggarar. Og klasseskiljet er merkbart.

– Noko anna som overraska, var å sjå Angola med eigne auge. Guinea-Bissau og Mosambik er lutfattige. Men Angola er eit rikt land med store olje- og gassressursar. Hovudstaden, Luanda, ber preg av denne rikdommen, med store, flotte bygningar og restaurantar der dei rike kan få all den luksus dei vil. Side om side med denne rikdommen lever det store fleirtalet i botnlaus fattigdom. Ein stor del av desse er ikkje eingong registrerte, dei har ingen rettar og får heller ikkje gå på skule.

– Dette er ein politisk fattigdom. Landet har ressursar, men dei er ekstremt skeivfordelte. Å sjå eit slik regime er provoserande, men like provoserande er det å oppleve at folk eg snakka med, ikkje er provoserte. Store delar av befolkninga har lite utdanning, og regjeringspartiet, MPLA, som har sete sidan 1975, styrer alt av informasjon. Eg blei sint på deira vegner.

Marknad i Guinea Bissau.

Marknad i Guinea Bissau.

Foto: Erika Fatland

Columbus – ein parentes

– Fleire av byane og stadene du besøkte, også utanfor Angola og Afrika, er prega av forfall og elende?

– Absolutt. Mange av især dei tidlegare afrikanske koloniane har jo gått gjennom lange periodar med frigjeringskrig og borgarkrig. Måten portugisarane forlét desse landa på i 1974–1975, var direkte uansvarleg og fekk svært uheldige konsekvensar. Dei berre pakka saman sakene sine og drog, utan noka overlevering eller overgang.

– Kvifor trur du dei tidlegare portugisiske kolonistatane i Afrika har forvalta naturrikdommen sin så dårleg? Er kanskje desse rikdommane sjølve problemet?

– Svaret i fleire av desse landa, til dømes Angola og andre land med olje og gass, er kleptokrati og korrupte politikarar. Ei blanding av borgarkrig, militærkupp, konfliktar som har levd vidare frå kolonitida, og andre faktorar, gjer biletet svært samansett og kaotisk. I land som Angola og Mosambik har dei same sete med makta sidan 1975, så det finst inga maktfordeling å snakke om.  

Overraska blei Fatland også av dei fjernare delane av det gamle imperiet, som Sri Lanka og Malakka. Der finst det framleis små samfunn som tek vare på portugisisk kultur og språk – lenge etter at portugisarane forlét landet.

– At språket og kulturen har overlevd så lenge, fann eg svært fascinerande. Det same såg eg i Japan, der det framleis finst grupper av såkalla «skjulte kristne».

– Kor mykje øydelegging av kultur og anna følgde i kjølvatnet av portugisarane sine erobringar i Afrika og Asia?

– Det er uråd å seie. Men massivt må det ha vore. Tenk på dei millionane som blei sende over Atlanterhavet til slaveri, ei menneskeleg plyndring av enorme dimensjonar. Kva som blei borte av lokal kultur, veit ingen i dag. Men vi veit heller ikkje kva som ville skjedd i staden. Ingenting står stille. Heile den europeiske ekspansjonen ut i verda hadde enorme omkostningar. Koloniseringa er ei ekstremt brutal historie.

– Men kom det noko godt ut av dette?

– Ja. Portugisarane danna jo føresetnaden for den globaliserte verda vi har i dag, som i hovudsak er basert på hava. Dei opna verdshava og batt verda saman. Samanlikna med ein Vasco da Gama, som oppdaga vegen til India, var Columbus ein parentes.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Raudkolibrien veg 3,5 gram og må dagleg ete halvannan til tre gonger si eiga vekt under vanlege kår. Han hekkar i Alaska og overvintrar i Mexico. Trekkruta strekkjer seg over 6000 kilometer.

KunnskapFeature

«Har du sett nøye på korleis småfuglar – sporvar, finkar, songarar eller trastar – rører seg i lufta?»

Naïd Mubalegh

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressekonferanse etter framlegginga av statsbudsjettet måndag. For dei som er opptekne av klima, var ikkje budsjettet godt nytt.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Kapitulasjon i klimapolitikken

Regjeringa veit ikkje om statsbudsjettet bidreg til å redusere eller å auke klimagassutsleppa. Derimot er det klart at det nasjonale klimamålet for 2030 ikkje blir nådd.

Etter nokre år er det ikkje like heitt mellom Maria (Helga Guren) og Sigmund (Oddgeir Thune).

Foto: Filmweb.no

FilmMeldingar
Brit Aksnes

«Regissør og manusforfattar Lilja Ingolfsdottir står for den mest klaustrofobiske filmen på lange tider – og ein av dei beste.»

Foto: Agnete Brun

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Med den monumentale boka Sjøfareren Erika Fatland gitt oss eit uvant, og skremmande, perspektiv på europeisk kolonialisme.

Ei kvinne får hpv-vaksine.

Ei kvinne får hpv-vaksine.

Foto: Heiko Junge / NTB

Kommentar

Skam i eit sprøytestikk

Dersom regjeringa verkeleg bryr seg om kvinnehelse, kan dei starte med å gje norske barn den beste HPV-vaksinen.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis