JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Med skaparhug og undring som kompass

– Som utøvar må du kunna levera både i himmelen og i helvete, seier spelemannen og multikunstnaren Knut Buen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Knut Buen var ein av vinnarane av Anders Jahres kulturpris, som blei delt ut i Universitetets aula 14. september 2017.

Foto: Torstein Bøe / NTB

8429
20240209
8429
20240209

Litteratur

jan.h.landro@gmail.com

Til 75-årsdagen hans kom boka Skaparhug, som gjev eit inntrykk av breidda og omfanget i alt Knut Buen har utretta som spelemann, komponist, poet, tekstforfattar, rosemålar og kunstmålar. Han samlar inn gamle slåttar, viser og soger, og han har skrive mange tekstar til folkrockbandet Gåte, som sist helg vann den norske finalen i Melodi Grand Prix. Som basen sin reknar han folkekulturen i Tuddal og Jondalen i Kongsberg kommune.

– Skaparhugen reknar eg som eit naturleg framhald av det ein har i seg gjennom arv og miljø. Ting som lenge har vore praktiserte i familien – skriving, speling, kunst og handverk – fata mi interesse som liten gutunge. Førenamnet mitt er knytt til rosemålarar og spelemenn, og det vart eg tidleg medviten om. Eg har teke vidare noko som ligg i generasjonar attende, men på min måte.

– Dette har late meg kjenna gleda som følgjer med å laga ting og få til noko. Eg har alltid kjent ein sterk trong til å ytra meg, nesten som ei form for mentalhygiene. I seinare tid har eg skrive meir og meir, eg er svært oppteken av å skriva dikt og ytringar, følgja med i samfunnet, filosofera og setja ord på kjensler.

Fleirbruk

– Kva for plass har undringa i skapinga di?

– Ein må vera open og undrande i alle samanhengar, det er så mykje som er uoppdaga. Kvar ny oppdaging kan vera ei vinning for nokon eller noko. Ein møter nye personar i livet og får gjerne openberra nye sanningar, nye framgangsmåtar. Det har eg røynt både i musikken og i samarbeid av ymse slag.

– Så mykje som du har gjort på ulike felt i alle desse åra; kva har vore drivkrafta di?

– Aktivitetsgleda. Ta rosemålinga som døme. Der byrjar eg med eit opplegg som eg har ein trong til å sjå ferdig. Slik er det også i musikken og handverket og alt eg har laga. Det er vel noko ein er skapt med.

– Men korleis har det vore stadig å veksla mellom så mange ulike uttrykk?

– Når ein kjem frå ei fjellbygd der fleirbruk er vanleg, er ein van til å veksla mellom ulike oppgåver. Å ha innsikt i forskjellige ting er ei gåve. Det gjer at ein ikkje går forbi ei rosemåla kiste, at ein blir rørt av ein vakker melodi, at ein får tårer i auga av eit dikt. Eg vil seia at dei ulike uttrykka gjer kvarandre – og meg – rikare.

– Ta vare på det eigenverdet du har.

Knut Buen, spelemann og kunstnar

Dialektglede

– Du har farta vide ikring i inn- og utland. Korleis har det påverka spelinga di?

– Repertoaret har eg innretta etter publikummet eg har møtt. Ein må snu kåpa litt etter vinden, finna eit repertoar som passar til høvet, og vera så allsidig som råd. Som utøvar må ein kunna levera både i himmelen og i helvete. Eg såg tidleg kor viktig det var å kunna fortelja om musikken eg skulle framføra, anten eg var i Noreg, Tyskland eller Amerika. Det opnar døra inn til stoffet. Og eg har oppdaga at folketonane er mykje lettare tilgjengelege over heile verda enn slåttar. Vakre melodiar har alltid sitt publikum.

For Knut Buen er det viktig å ta vare på det han kallar gamle, gode dialektuttrykk. Difor finn ein ord som fåt (slepphendt), sum (noko av), kanna (kjennast ved), smyli (feitt gras) og jalma (ljoma) i boka hans.

– Å setja norske ord på ting har vore ein del av livsgleda mi, også dialektord. Men dei er ikkje så lett tilgjengelege for alle i dag. Når eg kåserer som spelemann og forteljar, nyttar eg mykje dialekt. Somme seier at ein skal ikkje nytta arkaiske ord, men eg vil ikkje leggja bort språket for å vera på hels med dei som berre vil forenkla. Då forsvinn svært mange fargar på paletten. Å lytta til formuleringsevna og ordvalet til bygdefolket her i Tuddal gjev meg stor glede. Det er som musikk i øyro mine.

Undrande modus

– I prologen til boka skriv du at «livet er å lengas utan å vita mål og meining». Er det slik du har kjent det?

– Ja, det er noko i den setninga som stemmer. Noko veit ein, noko ikkje. Ein er i undrande modus heile tida. Ein tenkjer ikkje heilt slik i alderdomen som ein gjorde i yngre år. Ein får nye svar på spørsmåla etter kvart som ein vert eldre. Ein får utfordringar òg – særleg teknologiske – som det ikkje er så lett å følgja med på. Når det skjer seg, er det berre å ropa på ungdommen.

– Kva tyder det for deg å vera tradisjonsberar?

– Å fyllast opp av tradisjon gjev ein kunnskap og eit innhald som også er grunnlag for nyskaping. Ein ting er vidareføring av tradisjonar, men eg har eit motto som seier at fyrst må du apa, så kan du skapa. Imitasjon av gode ideal og førebilete er heilt naudsynt for å nå eit visst nivå av utøving, anten det er tale om song, spel, skriving eller anna. Etter kvart kan ein så prøva å finna seg sjølv i dette, med si originale røyst.

– Eg tykkjer at eg fekk ikkje lært nok. Sogeforteljing, til dømes, å sitja og hugsa det som vert fortalt. Men med åra har eg samla opp mykje impulsar, stoff og soger som eg kan fortelja vidare. Det er ein viktig del av formidlinga mi og har gjeve meg mykje å improvisera over.

– Du har uttrykt deg i ulike sjangrar, men musikken har vel vore det viktigaste språket ditt?

– Som levebrød, ja. Rikskonsertane gav meg på 70-talet høve til å leva av musikken ved å reisa kring på skulane. Men rosemåling var også populært i periodar, då skulle det inn i både hus og hytte. Og eg måla, men bondemøblar og -dekorasjonar er ikkje særleg etterspurde i dag. Dette går i bølgjer; noko er in og noko er ut. Det gjeld både musikk, kunst og litteratur. Men er ein standhaftig på ideala og ideane sine, overlever ein, same kva.

Eigenverdet

– Korleis ser du då på kappleikar og tevlingar i musikk og kultur?

– Eg har vore litt negativ til det frå ungdomen av. For eg la merke til at verdisetjinga av utøvarane ofte gjekk etter kor mange medaljar og noregsmeisterskapar dei hadde. Mange av dei største læremeistrane mine deltok ikkje i den konkurransen og vart heller ikkje nemnde i omtala av kven som var best. Men eg meiner at fleire av desse hadde eit langt rikare repertoar enn mange kappleikvinnarar.

– Hilmar Aleksandersen frå Steinkjer var eit ideal, med sin nydelege, reine tone. Han vann ein kappleik då han var ni år. Etterpå såg han ein gamal spelemann som sat og gret av di han ikkje fekk premie. Då bestemte han seg for at han aldri skulle spela på kappleik meir. Sjølv har eg vunne medaljar og prisar, men eg har innsett at ingen vert meir gåverik av å få prisar. Ein vert den ein er, uansett. Når du får ein pris, skal du vita at det finst mange som fortener prisen like mykje som du sjølv, at andre kan mykje som du ikkje kan.

– Difor er mitt råd til dei unge at dei ikkje skal samanlikna seg så mykje med andre, men heller ta vare på det eigenverdet dei har. Det er det viktigaste, ikkje kven som er stor, større og størst.

Med ein slik tankegang seier det seg sjølv at Buen ikkje held seg med ei rangering av førebilete. Han set ingen høgast, men beundrar fleire personar som han held som likeverdige, og tenkjer at dyrking av ideal stundom kan bli litt vel religiøst.

Amputert songarv

– Tykkjer du at den folkelege musikkarven vert teken vare på i skulen slik han skulle?

– Nei, kanskje mindre enn nokon gong. Men dei kommunale kulturskulane gjer ein stor innsats for å utvikla musikkinteressa mellom elevane. Samstundes er jo også songen ute av skulen no. Me song alltid på skulen når me møttest om morgonen, og når me skulle skiljast om ettermiddagen. Kjennskapen til norsk songkultur er vorten erstatta av moderne låtar, slik at til og med på bygdene syng dei berre engelsk. Det er som ein amputasjon, dei treng ikkje leggja bort songarven vår.

– På den andre sida har elevane i ungdomsskulen og vidaregåande no høve til å få undervisning i piano, fele, gitar og andre instrument. Det har ført til ei blømande interesse for folkemusikk på høgskulen. I tillegg har vi Ole Bull-akademiet, Universitetet i Søraust-Noreg har linjer på Rauland for utvikling og formidling av folkemusikk og folkekultur, og vi ser at folkemusikken også blir nytta i ulike crossover-former. Eit stort mangfald er i bruk. Det gler meg.

– Mi oppgåve er å stilla meg positiv til ulike former for bruk og ikkje støyta nokon til å leggja det vekk, men bruka det med sine føresetnader. Ludvig Eikås gjekk alltid kring på Kunstakademiet og sa: «Der har du noko!» For meg som pedagog og formidlar er det viktig å gje oppmuntring. Ikkje det motsette.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Ida Lødemel Tvedt

HumorFeature
May Linn Clement

Klagemodus

Kor lite skal til for at eg seier frå eller klagar?

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er på turné for å fortelje om langtidsmeldinga for Forsvaret. Her besøkjer han ubåten «KMN Utvær» i Bergen 10. april.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

ForsvarSamfunn
Per Anders Todal

Vil ruste opp ei lekk skute

Regjeringa lovar eit historisk forsvarsløft. I dag slit Forsvaret med å halde på mannskapet som alt er der.

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Foto: Vidar Ruud / NTB

HelseSamfunn
PernilleGrøndal

Avfeiar abortkritikk frå KrF

– Det kvinner treng, er rettleiing og oppfølging, ikkje å møte i nemnd, seier Kamzy Gunaratnam (Ap).

Songlerka hekkar på bakken, langt frå skog. Biletet syner godt den vesle fjørtoppen som vert reist opp dersom fuglen opplever fare eller er opphissa.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

I dirrande lerkeposisjon

Er det sant at songlerka «jublar høgt i sky»?

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis