JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Svanesong for småbrukaren

Forfattar Eivind Hofstad Evjemo skriv om småbrukslivet og verdiar han meiner er i ferd med å forsvinne. – Det er ei slags kulturhistorisk tragedie som går føre seg her, seier han.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
– Den nyliberalistiske tanken om at du berre kan flytte på deg og verte lukkeleg, er temmeleg rotlaus, seier Eivind Hofstad Evjemo.

Foto: Eva Aalberg Undheim

7305
20220909
7305
20220909

Litteratur

eva@dagogtid.no

Eivind Hofstad Evjemo fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for romanen Vekk meg hvis jeg sovner, som kom ut i 2009. Den andre romanen, Det siste du skal se er et ansikt av kjærlighet, vart omtalt som «den store norske kommuneromanen» og gav han Ungdommens kritikarpris. For den tredje romanen, Velkommen til oss, som handla om sorg etter 22. juli, vart han nominert til den franske litteraturprisen Prix Femina, saman med forfattarar som Margaret Atwood og Karl Ove Knausgård. I 2015 kåra Morgonbladet han til ein av dei ti beste norske forfattarane under 35 år.

Den nye årstiden, den fjerde romanen hans, kjem ut neste veke og er alt nemnd som ei av bøkene som kjem til å prege bokhausten, og som ei bok forlaget, Cappelen Damm, har høge forventningar til.

Forfattaren sjølv har omtalt boka som eit forsøk på å seie noko om eit moderne norsk landbruk han meiner er på brestepunktet – der bøndene knekk under arbeidspress og vonlause lønsvilkår, matjord vert lagd under veg, og jordbrukstradisjonar går tapte.

Kvifor det vart ein bonderoman denne gongen, har fleire forklaringar, seier Evjemo, men ei av dei er at han syntest det oftare og oftare kom nye nyhendesaker med tittelen «dyretragediar».

– Det var ein interessant tendens. Eg veit jo kor hardt bonden jobbar for å få gardsbruket til å gå rundt, og kor lite han sit att med i løn. Han står på kanten av stupet heile tida, og i tillegg jobbar han ganske ofte åleine. Denne kombinasjonen av einsemd og slit har eg tenkt mykje på i arbeidet med boka. Vi har gjort bonden så sårbar, seier han til Dag og Tid.

Barndomsstaden

Evjemo er sjølv oppvaksen i ein småby, i Levanger i Trøndelag, men familien til mor hans kjem frå eit lite mjølkebruk på helgelandskysten. Der var han kvar sommar i barne- og ungdomsåra, og han har framleis eit nært forhold til staden. Garden og kystlandskapen var med i debutromanen hans frå 2009, og det er same landskap og stad den nye romanen tek utgangspunkt i.

– I dag er det onkelen min som eig garden. Då han tok over tidleg på 1990-talet, dreiv han det som var ein moderne gard, men det tok ikkje mange år før drifta tok til å verte umoderne. Det er jo òg interessant: Bøndene må heile tida omstille seg og gjere nye investeringar om dei ikkje skal verte utdatert. Onkelen min driv framleis lite, han har vel 20 kyr, og han jobbar hardt, men eg ser jo at drifta ikkje lenger er i tida. Det er trist. Han har ressursar og kunnskapen som gjer at han burde stått i sentrum av utviklinga både i løn og i status, seier han.

Småbonden

På småbruket der det meste av handlinga i Den nye årstiden går føre seg, er det ikkje noko jag etter oppgradering og nye investeringar. Der er det naturen og dyra sin vande gang som set rammene, dei skiftande årstidene som styrer handlinga, og vêr og vind som for det meste står for spenninga i kvardagen til hovudpersonen, bonden Hans Junior.

Lyden av eit fly kan skjere gjennom lufta, lysglimt frå fyrlykta ute på øyane kan treffe jorda, og småbåtar kan gli forbi ute i fjorden, men dei einaste som kjem umelde inn på tunet, er turistar som ikkje veit kvar dei er, og Mattilsynet som vil sjå om alt er som det skal vere.

– Eg ville skrive om småbonden, den typen som driv tett på familiehistoria og ikkje har vorte riven med av moderniteten og industrialiseringa av jordbruket. Ein som har tid til å gje namn til dyra, og som ser garden og eigedomen som ei forlenging av eigen identitet, seier Evjemo.

Han trur mange av desse verdiane står i fare for å forsvinne.

– Når ein har så mange dyr som ein har i ein del av landbruket i dag, og som krevst for å drive lønsamt, rekk ein ikkje nødvendigvis å gje dei namn, eller å få den personlege relasjonen til alt ein driv med. Bonden står under eit enormt arbeidspress, må gjere store investeringar, ta opp høge lån og kjøpe fleire maskinar som kan gjere jobben fortare, men som òg igjen kan medverke til å øydeleggje jorda.

Fôr og andre komponentar må importerast, og til slutt mistar vi koplinga mellom drifta og terrenget, seier Evjemo.

– Det naturlege krinslaupet forsvinn. Samstundes prøvar vi å løyse klimakrisa og liknande, men med heilt feil middel, slik eg ser det, fordi vi ser vekk frå kunnskapen og ressursane vi alt har rundt oss. Noko av løysinga ligg jo i forvalting av jord, i å ta vare på matjord og natur. Der er bonden ein ressurs og kunnskapsperson, men den kunnskapspersonen driv vi aktiv nedbryting av. Det er jo ein slags kulturhistorisk tragedie som går føre seg her.

Arbeidsliv og ansvar

Det er derimot ingen nostalgi over forteljinga om småbrukstilværet til romankarakteren Hans Junior. Han har stort sett kvardagar, mykje arbeid som ventar, og få å snakke med.

– Er det synd på han?

– Nei, det er ikkje det. For meg er han ein djup, kompleks, inderleg og kjærleikssøkjande person som møter utfordringar i livet. Han er prega av hardt arbeidsliv, men har samstundes mange fine ritual i kvardagen. Han fiskar sin eigen fisk, hentar urter i hagen og klarar til og med å fange merksemda til ei kvinne som er eit hakk meir moderne og urban enn han. Og så er han flink til det han driv med. Sjølv om han er usikker, er han nær dyra, og han har mange interessante og kloke refleksjonar kring det han driv med.

– Han konstaterer samstundes at dyra er eit resultat av fleire hundre år gamal vilje, og at han berre realiserer noko uttenkt i andre tider og av andre menneske. Mot slutten vedgår han òg at han kanskje aldri var bygd for dette livet. Burde han ikkje berre ha drege?

– Han står med djupe røter og stor kjærleik til staden han driv, og han kjenner ei stor forplikting til livet der. Kanskje håpte han at det skulle verte noko anna enn det det vart. Det trur eg mange som har gått inn i yrket, har gjort. Samstundes er det jo også mange som faktisk dreg. Det kan vere det mest rasjonelle for somme. Det finst jo alltid fine bustader i sentrum. Men den nyliberalistiske tanken om at du berre kan flytte på deg og verte lukkeleg, er temmeleg rotlaus, seier Evjemo.

Observasjonar

Rote, fukt og skog tek over på småbruk etter småbruk i romanen. I den grad bruka vert utvikla, eller tenkt utvikla, er det i retning thaimassasjestudio, healing, turisme og servering.

– Er det ikkje eit portrett av noko som var best før, du har laga?

– Generelt meiner eg det beste er ein kombinasjon av det nye og det gamle. Og her har eg fyrst og fremst observert at det norske landbruket består av anten veldig store gardar eller gamle gardar som i tillegg vert brukte til anna næringsverksemd. Eg ser at det dukkar opp massasjestudio i gamle gardshus, langt utanfor sentrum og omgjevne av åkrar, og brukar det litt som bilete på at den norske bonden også må hente kjærleiken sin frå andre sida av jorda. Det er ein postmoderne situasjon, og det syner jo igjen denne tanken om at løysingane skal kome utanfrå.

– Kva er den nye årstida?

– Den er det som endrar måten vi tenkjer, kjenner, hugsar og lever på. Den nye årstida er her alt, både inne i og utanfor oss.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det er ein slags kulturhistorisk tragedie som går føre seg.

Eivind Hofstad Evjemo, forfattar

Fleire artiklar

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Ida Lødemel Tvedt

HumorFeature
May Linn Clement

Klagemodus

Kor lite skal til for at eg seier frå eller klagar?

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er på turné for å fortelje om langtidsmeldinga for Forsvaret. Her besøkjer han ubåten «KMN Utvær» i Bergen 10. april.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

ForsvarSamfunn
Per Anders Todal

Vil ruste opp ei lekk skute

Regjeringa lovar eit historisk forsvarsløft. I dag slit Forsvaret med å halde på mannskapet som alt er der.

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Foto: Vidar Ruud / NTB

HelseSamfunn
PernilleGrøndal

Avfeiar abortkritikk frå KrF

– Det kvinner treng, er rettleiing og oppfølging, ikkje å møte i nemnd, seier Kamzy Gunaratnam (Ap).

Songlerka hekkar på bakken, langt frå skog. Biletet syner godt den vesle fjørtoppen som vert reist opp dersom fuglen opplever fare eller er opphissa.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

I dirrande lerkeposisjon

Er det sant at songlerka «jublar høgt i sky»?

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis