Kunngjeringar

Lommekjend guide

– Kan du snakke høgare, er det ein som spør.

Publisert Sist oppdatert

– De kan berre slappe av, eg er lommekjend, følg etter meg, seier Eivind og tek av stad med store klyv.

Gruppa på 26 personar som er på vandring gjennom sentrum, hengjer seg på så godt dei kan. Eivind stoppar, han ventar ikkje til alle har kome seg på plass, byrjar berre å fortelje mens han peiker på eit eller anna. 

Ein kar med mageveske spør og grev om alt slag heile tida og kjem med tilleggsopplysningar. Dei som står bakarst, får ikkje med seg alt som blir sagt, eller kor Eivind peiker.

Ein mann på nærmare to meter med ein brei hatt på hovudet står heilt framme og sperrar utsikta. To damer trur at dei kviskrar. Det gjer dei ikkje.

– Kan du snakke høgare, er det ein som spør.

– Ja, det kan eg, svarer Eivind.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement