Målmannen i Skottland

James K. Puchowski har fått stipend av Noregs Mållag for å lage ei ny innføringsbok i nynorsk for engelskspråklege studentar. Det er på tide.

James K. Puchowski står her framfor Wilkins-bygningen i London med læreboka i nynorsk som norskfilologen Peter Halleråker gav ut i 1983. No arbeider Puchowski med ei ny innføringsbok i nynorsk.
James K. Puchowski står her framfor Wilkins-bygningen i London med læreboka i nynorsk som norskfilologen Peter Halleråker gav ut i 1983. No arbeider Puchowski med ei ny innføringsbok i nynorsk.

Viss ein er utanlandsk student og vil lære seg nynorsk, finst det ikkje mykje læringsmateriell til hjelp. Ein vil måtte bruke ei grammatisk utdatert lærebok som i år feirar 40-årsdag. I 1983 kom boka Norwegian nynorsk. An introduction for foreign students ut. Boka vart skriven av Peter Hallaråker, norskfilolog og namnegranskar frå Bremnes. Boka var den første læreboka i nynorsk for engelskspråklege studentar.

Hallaråker skreiv i Språknytt i 1984 at det var to grunnar til at han mellom 1966 og 1968, medan han var lektor i norsk ved Universitetet i Bologna, kom på tanken å skrive ei lærebok i nynorsk for utanlandske studentar. Den eine var ei stor interesse blant studentane for nordisk, spesielt vestnordisk, kultur. Det var også interesse for språksituasjonen i Noreg.

Den andre grunnen var det Hallaråker såg på som ei skeiv framstilling av norsk skriftspråk i utlandet. Han fann det «fagleg og språkpolitisk urimeleg» at nynorsken, som eitt av to offisielle skriftspråk, vart marginalisert ved utanlandske universitet. Då han i 1978 fekk tilbod frå Vinlands Mållag i USA om støtte til å skrive ei innføringsbok i nynorsk, takka han ja.

Boka har ikkje fått nokon oppfølgar sidan ho kom ut i 1983. No er det i ferd med å endre seg. Den 10. september vann den engelskfødde og polskætta 27-åringen James K. Puchowski eit stipend på 50.000 kroner frå Noregs Mållag for å lage ei oppdatert innføringsbok i nynorsk for utanlandske studentar. Puchowski er ein av få utlendingar som har gjort nynorsk til sitt norske skriftspråk. I 2015 sat han i styret i Studentmållaget i Oslo medan han var på utveksling.

Språkmann

Eg treffer Puchowski i London, der han underviser i norsk ved University College London (UCL). På nettsida til UCL står det at universitetet var det første i den engelskspråklege verda til å tilby skandinaviske studiar, alt i 1917. I dag er UCL eit av få universitet i Storbritannia som tilbyr norskkurs. Puchowski underviser på deltid i norsk for nybyrjarar og vidarekomne, men er ikkje busett i London. Han seier det er altfor dyrt å bu der.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement